Revjehornet er ei havklippe på nordsida av Stadlandet. Toppen rager 426 moh og har fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Ein ser resten av Stadhalvøya, innover Vannylvsfjorden, nordover Søre Sunnmøre og i vest mot Stadhavet. Namnet har havklippa fått på grunn av revjene som er i klippa. Desse er særleg godt synleg fra sjøsida.
På bildet over ser ein Revjehornet som det høgaste punktet til høgre. Bildet er tatt fra stranda før tettstaden Leikanger.
Har ein tatt turen til Stadlandet anbefaler eg også ein tur til Tungevågen og Eltvik. Vegen vestover fra Leikanger til Borgundvåg og Tungevåg vart opna i 1936. Vegen vidar til Eltvik vart opna i 1959. Statens Hamnevesen såg det da som tjeneleg at Eltvik-folket fekk tilgang til den lune hamna i Borgundvågen i staden for å bygge eit kostbart hamneanlegg i Eltvik. Vegen er smal , kronglete og veldig fasinerande men godt framkomeleg. På skilt langs vegen er det anbefalt å ta turen til Eltvika berre i dagslys.
Bildet over er tatt på Storeneset og her ser ein Revjehornet fra vest.
På Storeneset bygde tyskarane i 1942 eit kystfort med seks franske feltkanoner og fleire mindre kanoner for nærforsvar og luftvern.
Formålet med kystfortet var å sperre innløpet til Vanylvsfjorden, men også å sikre eigne skip og konvoiar i Vanylvsgapet. På neset er det restar etter stillingane til dei seks store feltkanonene, med tilhøyrande ammunisjonsrom og dekningsrom. Her står fleire grunnmurar igjen etter brakker og stillingar for mindre kanoner. Gjennom toppen av neset er det sprengt ut ein tunnel frå standplassen til 5. kanon og til ei forlegningsbrakke i andre enden. Eit stort område var inngjerda med piggtråd, og det var lagt ut 2.456 landminer. Kystfortet vart rydda og lagt ned like etter krigen. Kanonene vart selde som skrapjern, men framleis ligg bakre halvdel av kanonrøyret igjen i kanonstillingane. Kanonene var av same type som dei to som står igjen i Florø. (kilde: Fylkesarkivet)
Turen som blir skreve om her går fra høgaste punktet på vegen fra Borgundvåg til Tungevåg. Parker ved ei gammal grushole.
Stien er ikkje så tydeleg i starten, men terrenget er åpe og lett å lese.
Gå opp langs den gamle tilhengaren som står ved grushola og vidare opp på høgda bak den. Etter kvart blir det fin utsikt over Tungevågen.
Tungevågen er ein saltvasspoll som er ein trekk- og overvintringslokalitet for vassfugl. Stadhavet er eit av dei mest verharde kystområda i landet og i uversperioder har det vist seg at Tungevågen har ein særleg viktig funksjon for fugler som havelle, ærfugl, svartand og skarvar som søkjer ly i området. Årleg overvintrer 10-20 songsvaner i dette området.På første del av turen er det lite merking. Ein kjem opp langs eit gjerde og går over nokre småmyrar og lyngbakkar. Ein må finne ein nedgang for å kome forbi nokre hamrar. Gå litt i retning nordaust fra gjerde.Etter at ein har passert hamrane og gått over ei stor myr skal ein ta opp glenna til venstre på bildet. Etter det er stien merka med små varder og raude stikker. Stien ligg fint i terrenget og føl formasjonane i fjellet. På ein plass kan ein kome i stuss. Det er ein plass stien deler seg, der held ein til venstre.Underveis på turen har ein heile tida flott utsikt. På bildet under ser ein nedatt til Tungevågen med spesiell grønn farge på havet. Terrenget er lett å gå i og stien er tydeleg etter første 300-400 meterane. Små vardar viser at ein er på rett veg.Utsikten taler for seg sjølv. Fantastisk. Den dagen vi tok turen var havet blått, himmelen var blå, vinden var still og temperaturen var god. Det er berre å setje seg ned og nyte utsikten i 360 grader.
Eit tips: Ta med kikkert.
Her ser ein bl.a vest i Stadhavet, resten av Stadhalvøya, Måsevatnet, Storeneset, Eltvika, Varaldsfoten 397 moh.
Turen til Revjehornet er 2,5 kilometer og toppen ligg 426 moh.
Der er også ein sti som går fra vegenden i Borgund. Den stien er merka med raude stikker og er ein brattare tur. Om ein vil kan ein lage ein fin rundtur med å kombinere desse to rutene. Stiane går i hop siste stykke på toppen av Revjehornet.
Kart over turen finn ein på Ut.no: Revjehornet på Stadlandet
GOD TUR OG NYT HAVLUFTA!!