Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Kategori: Stryn (Side 2 av 6)

Bjørnakjelda høgt over Loen

Denne turen er ein bratt tur opp til ei hytte som ligg høgt over Loen.  Ein kan sjå hytta frå Loen sentrum og frå bilvegen når ein kjem køyrande frå Olden. Hytta er eit sameige i Loen.

Utgangspunktet (som vist på bildet under) er ved skogsvegen som går til venstre like før Tjugen camping.  Skogsvegen er fin å gå på og tillaga med steinklopper over små elver.
Dette er også utgangspunkt for tur til Lohøgesetra og Årheimsfjellet.
    
Like før ein kjem til brua som krysser Hagedøla skal ein ta til høgre. Denne råsa er ikkje merka og kan være litt vanskeleg  då det ligg i eit granfelt. Når ein  har tatt til høgre like før brua så drei mot venstre opp bakkane og ein vil finne tydeleg rås. Ein skal passere den krokete granleggen som vist på bildet under.
   
Ein går i skogsterreng og bratt rås. Muskelaturen og pusten får trena seg skikkeleg.
Enkelte plasser får ein ei åpning i skogen og flott utsikt nedatt til bygda.Når ein kjem høgare opp er råsa merka med raude prikker på stein og trelegger. Spessielt rundt og mellom desse hamrane var det godt med merking. Viktig i ukjent og ulendt terreng å vite at ein er på rett spor.
Etter knappe 3 kilometer og ca 700 meter stigning er ein ved hytta.
Det har blitt fortalt at hytta har fått namnet fordi her er einaste plassen ein finn rennande vatn i området og ein bjørn vart ein gong observert her, ståande å drikke ved denne kjelda.
Hytta ligg fint ut på kanten og det er flott utsikt ned att til Loen og Lovatnet. I aust kan ein sjå Skåla, Vesleskåla, Skålelva og råsa som snirkler seg opp bakkane til det populære fjellet. 
Kart over turen ligg på Ut.no: Bjørnakjelda høgt over Loen

NYT TUREN, STILLHEITA OG UTSIKTA !

 

Den gamle kyrkjevegen i Hjelledalen.

For dei som budde på nordsida av Hjelledalen var det denne gamle ferdselsvegen  som vart brukt når dei skulle til Hjelle på handel, til kyrkja på Fosnes eller hadde andre ærend ut av bygda.
Dei fleste suser no gjennom Hjelledalen på veg aust- eller vestover med fokus på asfalten og gulestripa.
Ta denne rolege turen og sjå Hjelledalen frå ein ny vinkel.
Turen går fra Hjelle  til Nygård og strekninga er ca 3,5 kilometer.
Utgangspunktet er ved den smale brua som går over elva Hjelledøla.  Her tek ein til høgre innover forbi det gamle skulehuset. Finn parkering  på sør sida av elva eller ved Hjelle skule og barnehage når der ikkje er skuleaktivitet.

Den gamle skulen var eit av  dei  første skulehusa som vart bygd i Oppstryn. Her var det skule fra 1882 – 1975.  Det var skule for Hjelle, Enebakk, Sigdestad, Glomnes, Vollsnes og Bolstad.
Skulehuset er no i privat eige og blir leigd ut til turister.I tillegg til fin turveg blir vegen også  brukt som tilkomstveg til dyrka mark på jordet som ligg ovanfor grustaket,  Vollsnes.
Langs stien er det sett opp plakater med informasjon om dei forskjellige plassane.
  
Ved grustaket har det tidlegare vore eit stort jorde i høgd med det ein kan sjå bak grustaket.  På 1970 talet då heilårsvegen over Strynefjellet vart bygd, vart det sett opp asfaltverk her. Det var god tilgang på grus og mykje grus vart tatt ut. Vidare frå grustaket går stien langs elva. Denne stien blir brukt av elevane ved Hjelle skule når dei  har uteskule/undervisning  i Bombeneset.  På veg opp stien kan ein sjå ein  målestasjon som måler vass standen i elva.På høgre sida, like før ein kjem i Bombeneset,  kan ein krysse elva på Kleivabrua og kome bort på vegen igjen som går til Hjelle. Tek ein turen over elva finn ein plakater med kulturhistoriske opplysninger.
Det første ein kjem til om ein tek turen over brua er Truskeverksvingen. Her stod truskeverkhuset til det vart tatt av uksefonna i 1979. Truskeverket vart etter det flytta til Folven.
Går ein vidare på vegen mot Hjelle kjem ein til Mykjedalane. Her blei steinmasser fra arbeidet med Hjelletunellen tippa i 1974-1975. Under steintippen ligg den eldste daterte kornåkeren i Sør-Norge. Den er datert til å være frå ca år 2200 f.Kr., altså frå slutten av steinalderen. Her er også funne spor etter busetnad frå rundt yngre bronsealder. (Kilde: plakat, Oppstryn skule og barnehage).
Denne avstikkeren er fin å ta på tilbaketuren om ein går tur retur Nygård.
  
Bombeneset har namnet sitt etter matbomber. Før i tida når folket på Bolstad arbeidde på markene hadde dei matpausane på denne plassen. Her står ei utelade som er flott restaurert og som Hjelle skule og barnehage brukar i si undervisning ved uteskulen. Utelada har fått namn etter ein tidlegare eigar.  I terrenget bak utelada er eit flott område der elevane får utfolde seg og være kreative i leiken. Her har dei også epletre, pæretre og plommetre som dei haustar frukter av. I tillegg har dei åker i området der dei dyrkar poteter og grønnsaker.
I Bombeneset var det i tidlegare tider ein husmannsplass. Ein kan framleis sjå murar etter ei gammal utelade som stod her. Den vart tatt av fonnvinden etter uksefonna i 1979.Fra Bombeneset går turen vidare på traktorveg til Bolstad. Her ligg fleire gardstun i klyngetun.
Den raude stova på bildet er huset der far til komponisten Per Bolstad kom fra.På turen har ein fin utsikt til dei mektige fjella i Oppstryn og Hjelledalen. Og med bøndenes raude lader, grønande marker, snødekte fjell, blå himmel og fuglekvitter er det berre å nyte turen. Denne turen stopper ved Nygård camping, ein av fleire overnattingsplasser i Hjelledalen. På Nygård camping har dei hytter, bobilplasser og teltplasser. 

Turen fra Hjelle til Nygård er ca 3,5 kilometer.

Kart over turen ligg på ut.no: Den gamle kyrkjevegen i Hjelledalen

GOD TUR!!

Maurset- Øyesetra-Maursetsetra-Maurset

I dei fleste bygder kan ein sjå setrar/støylar langs lidene, gjerne i skogvakse. Før var det setreråsa som var den faste vegen til setra, men mange av desse setreråsene er no øydelagde av skogsvegar. Ein kan framleis finne deler av dei gamle setreråsene.  Då det var setring rundt om på setrane var det også mange plasser reser mellom setrane som låg nær kvarandre. Budeiene brukte gjerne fristondene sine og helgane til å gå på besøk til nabosetra.
Om det var aktuelt mellom desse setraen som eg skal skrive om her veit eg ikkje, men der er ei gammal rås mellom Øyesetra og Maursetsetra.

Råsa mellom Øyesetra og Maursetsetra vart for ein del år sia rydda og merka. Denne turen er det ikkje så mange som går, sikkert fordi ein ikkje veit om at der er  rås.  Det er ein fin rundtur med mogelegheiter for å forlenge den mot Grendasetra, Holesetra, løypetrasen og bilvegen tilbake til utgangspunktet.
Eg har tidlegare skreve om turen fra Maurset til Øyesetra. I det innlegget står det beskreve utgangspunktet og første del av denne turen. Det innlegget finn ein her: Øyesetra, Markane. 
Fra Øyesetra går ein lida omtrent i same høgde mot Maursetsetra. Utgangspunktet fra Øyesetra er i øverst hjørnet på setrevollen mot aust.
    Tilbakeblikk til dei to sela og fjøsen. Råsa er ikkje like tydeleg alle plasser, men der er raude merkjer på steinar og treleggane.
   
Fine plasser for pause og med utsikt nedatt til gardane på Maurset. Fine haustdager, når det gjerne er skodde i lavlandet er det sol på denne turen.
  
Det er ein fin rundtur som også kan gjerast lenger. Fra Maursetsetra kan ein gå vidare mot Grendasetra og Holesetra. Da har ein plukka mange setrar på ein tur.
Maursetesetra er setra til gardane på Maurset og Ytre Hatledal. Her i fra har ein flott utstik mot deler av Maurset, Ullsheim skistadion, gardane i Grenda, Svingesetvatnet og mot fjella i sør. Fjorskodda ligg tjukk i lavlandet.Fra Maursetsetra kan ein ta råsa til Ullsheim (den går mot aust i nederste hjørne på setrevollen) eller den gamle setreråsa mot Maurset. Den går først vestover før den snor seg ned bakkane. Det er ikkje så mykje merking, men om ein les terrenget litt så finn ein fram. Enkelte plasser kan ein sjå små skilt som heng på trea. I myrområda er der raudmåla stikker.    
Etter å ha gått over ei stor myr med raude stikker ser ein eit stort rotevelte. Like bak det kjem ein fram på skogsvegende. Den er fin å følge tilbake til utgangspunktet.
 Denne rundturen som eg har beskreve her er knappe 6 kilometer og med ein høgdeforskjell på ca 360 meter.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Maurset-Øyesetra-Maursetsetra-Maurset.

GOD TUR!!

Glomsdalen

Høge fjell med snø og skydotter og det blågrønne Oppstrynsvatnet er ei fin ramme på dei mange flotte turane som ein kan gå i Oppstryn. Ein av dei er turen inn Glomsdalen.Glomsdalen går i nordleg retning fra Oppstrynsvatnet. Fra den opparbeida parkeingsplassen like ved gardane på Glomnes og til botnen på dalen er det vel 10 kilometer. Til setra Stol er det knappe 9 kilometer. (litt feil på skilta).
Høgdeforskjellen fra utgangspunktet og til setra er vel 600 meter.
Allereide før turen har starta får ein flotte inntrykk av den mektige naturen som omkranser Oppstryn.
Glomsdalen er ein god beitedal og det er i alt fem setrar i dalen.  Stol er den som ligg lengst inn i dalen.Glomnes er også utgangspunkt for den populære turen til fjellgarden Segestad. For å sleppe biltrafikk gjennom tuna på Glomnes er det parkeringsplass ved utgangspunktet til Glomsdalen. Her betaler ein selvfølgeleg parkeringsavgifta dersom ein nyttar plassen.
Utgangspunktet for turen til Glomnessetra og Stol er gjennom grinda like ved parkeringsplassen. Skal ein til Segestad går ein grusvegen gjennom tuna og føl merking derifra.
Første del av turen gå i utmarka langs bøgarden og i gammal skog. Setrevegen er tydeleg så ikkje problem å finne fram.

 
Etter å plukka dei første høgdemeterane kjem ein til ei lysning i skogen og får flott utsikt nedatt til gardane på Glomnes.Setrevegen ligg fint, men bratt opp Kleivane. Etter gamalt er det to kvile på veg til Stol. Det første ligg på høgda (ca 360 moh) bak Glomnes og har fått namnet Kvileflåten. På Kvileflåten flater terrenget ut og det går slakt innover til Glomnessetra. Eit skilt viser veg til Glomnesnakken.
  
 
Glomnessetra høyrer til dei to bruka på Glomnes. Her var det to sel og to fjøser. På setra er det i dag to hytter av nyare dato som står på gamle selmurar. Der står også rester av gammalt setrehus av stein. Litt lenger inn i dalen fra Glomnessetra er det laga ny bru over elva Glomsdøla. På andre sida av elva kan ein  sjå ruinane etter Segestadsetra.  Bygningane på denne setra er bygd attåt store steinar slik at ein sparte å bygge ein vegg. På Segestadsetra var det slutt på setringa på 1930-talet.
  
Frå Glomnessetra går dalen vidare i slak stigning. Heile tida på venstre sida av elva.  Ein del småskog er det på dette «midt» partiet, men ikkje vanskeleg å ta seg fram i den tydelege råsa.
Glomsdalen kan være skummel om vinteren. Store snøskred kjem fleire stader ned dei bratte fjellsidene og går tvers over dalen. Desse fonnene blir liggande lenge i dalbotnen og ein må være ekstra forsiktige når ein krysser dei. Våren tiner rasa også fra undersida og danner farlege snøbruer.
Etter kvart får ein auge på setra Nos/Bolstadsetra på andre sida av elva. Alle sela vart bygd av stein.Nokre av sela hadde fjøs i underetasjen. No er forfallet av steinbygningane komt langt. Ei ny hytte er sett opp litt høgare oppe. Det var slutt på setring på slutten av 1930-åra på denne setra.Ca halvveis på vegen til Stol dreier dalen og ein kan no sjå inn i Stolsbotnen. Til høgre ligg Stolskaret og Sandskarhyrna.

Midtstøylen har fra tidleg på 1900-talet vore støylen til Åning og eit bruk på Brekke. Selet er bygd med vernemur mot snøskred. Nede ved elva kan ein sjå ruinar etter bygningar fra farne tider.Stol ( 689 moh) er setra til gardane på Nesje og Brekke. I alt sju sel er det på setra. Mange ganger har sela vorte  øydelagde av uveir og snøras, men alltid bygd oppatt.  Det er lang veg for dei som har seter og beiterett på Stol.  Før vegen rundt Oppstynsvatnet vart bygd i 1924, rodde dei fra Nesje til Glomnes med krøttera før dei tok fatt på den lange vegen inn Glomsdalen. Det var slutt med mjølkekyr innerst i Glomsdalen på slutten av 1800-talet.

At det lusker rovdyr i vår flotte natur fekk eg og ei venninde oppleve. Ein jerv kom langs lida og rett mot setrevollen der vi sat og kosa oss med nista og kaffien. Jerven hadde nok sauene som beita på setrevollen i sikte, men vart skremt da den vart var oss på ca 60 meters avstand.

TA TUREN TIL DENNE FLOTTE STILLE DALEN MED FEM SETRAR.

Bødalsseter – Bødalsbreen

Lodalen er spektakulær og sjarmerande. I denne trange dalen finn ein roen sjølv om det også kan være ei spessiell stemning blandt dei bratte fjella. Ein kan ikkje la være og tenkje på tragediene som har ramma dalen.
Både i 1905 og i 1936 løsna store ras frå Ramnefjell. Desse rasa raserte bygdene Nesdal og Bødal og tilsaman 135 mennesker mista livet.
   
Ved enden av Lovatnet deler vegen seg, til venstre mot Bødalen og til høgre mot Kjenndalen. Begge  vegane er bomvegar og for vegen til Bødalen betaler ein ved automaten i krysset. Til Bødalsetra er det knappe 5 kilometer og vegen har asfalt og oljegrus. Det er ein bratt og smal veg og høver ikkje buss eller bobiler.Fra parkeringsplassen på vegenden til Bødalsetra er det traktorveg og det tar ca 10 minutter å gå.  Bødalsetra  ligg i Jostedalen Nasjonalpark ,på ei stor slette 585 meter over havet. Kvart bruk i Bødal hadde sel og fjøs på setra. Før eit snøskred øydela setra i 1893 stod sela og fjøsane spreidd på sletta. Då dei vart bygd oppatt vart alle sela sett på ei rekke med fjøsane på ei rekke bak. Etter rasulykka i 1936 har det ikkje vore seterdrift på Bødalsetra.Det er høge fjell om omkranser setra og setrevollen. På bildet over kan ein så vidt skimte ei arm av Skålebreen. På bildet under ser ein sela og fjøsane stå på rekke. Ein kan også så vidt skimte ei arm av Tindefjellbreen.Bødalsetra blir nytta til brekurs og ulike ungdomsleirar og gardbrukarane har sett opp inngjerda teltplass med varmestove og toalett. Her på setra er også utgangspunkt for turen til Lodalskåpa (2083 moh).
Råsa innover dalen fra setra er tydeleg og godt tilrettelagt. Eit skilt står og viser veg. God og trygg bru over Bødalselva er for både folk og beitande dyr. Råsa snor seg fram inn dalen i lav bjørkeskog.
  
   
   
Ein kjem til eit stidele og skilta viser tydeleg veg vidare. Bødalsbreen ligg til høgre og vegen til Fessene og Lodalskåpa går til venstre. Råsa/vegen vidare inn til breen er flott å gå på. Berre siste stykket er det litt steinete i råsa.   

 

 

Eit panoramabilde over terrenget . Sætrevatnet er stort og grønt. Elvane som ein ser kjem fra Kåpevatnet og Bohsbreen.

Breen ligg langt oppe i fjellsida, men ein må respektere skiltinga og ikkje gå nærmare. Ta ein god pause og nyt stillheita. Ein har også god utsikt tilbake til Sætrevatnet og Grandane.
Den dagen eg var inn til breen var det heilt stilt. Flott veir og ikkje andre turister å sjå. På turen nedatt vart eg oppmerksom på noko som rørte seg på vatnet. Når eg kom nærmare fekk eg sjå sju ender som kosa seg på vatnet. Det kunne sjå ut som dei dreiv med synkron svømming.


Kart over turen ligg på Ut.no: Bødalssetra – Bødalsbreen

TA TUREN TIL DENNE STILLE PERLA.

Randastøylen – Holmøyskaret

Turen fra Randastøylen til Holmøyskaret går på gammal ferdselsveg gjennom Fargredalen. Mange av gardane i Randabygda og på Tvinnereim har skogteigar på nordsida av Holmøyskaret. Det var i tidlegar tider ei oppgangsag som stod langs Vikaelva, elva som har sitt utspring i Holmøyskaret og som renn mot Hornindalsvatnet, og her vart tømmeret saga før det vart frakta med hest gjennom Holmøyskaret. Ein kan tydeleg sjå spor i terrenget etter denne vegen.
   
For å kome til Randastøylen køyrer ein bomveg, Randahaugvegen,  fra Rand. Ta av fra Panoramavegen i krysset til Aaland og ta deretter til høgre i første kryss. Køyr gjennom eit tun og ein er snart ved kassa som er sett opp for bompenger. Skogsvegen er ca 2,5 kilometer og går nesten heilt til støylen. Ved vegenden er det rikeleg med  parkeringsplasser. Om sommaren går det mykje dyr i utmarka. Det er derfor laga til inngjerda parkeringsplass så bilen står trygt.
  
Randastøylen er støylen til gardane på Rand, Skrede og Hammer.  Det har vore tradisjon med støylsdrift sidan 1700-talet. Støylen er den siste støylen i Stryn Kommune som har aktiv støylsdrift.
Han som driv aktiv støylsdrift no har uttalt i eit interjuv  til lokalavisa at han driv meir av idealisme enn for inntekta. Tidsbruken på fjøsstellet er omtrent som om dyra hadde vore i fjøsen heime. Her lyt dyra hente maten sjølve. Når ein går over setrevollen ein sommar/haust kveld kan ein godt forstå at han også legg vekt på den gode rekreasjonen som det er å reise på støylen.Støylen ligg høgt og fritt og fra setrevollen ser ein Nordfjorden, Kvalen og over til Ryssfjøra på andre sida av fjorden.
Fjøsen som er i bruk kvar sommar på støylen vart bygd i 1985. Da fekk dei også på plass agregat og mjølkemaskin.
  
Turen starter på parkeringsplassen og går først eit lite stykke på skogsvegen før ein går over i rås rett før setrevollen. Mange små sel og fjøser omkranser setrevollen. Gå forbi dei to store gamle fjøsane og opp langs Støylselva. Da kjem ein inn på råsa . Den er tydeleg i terrenget og ikkje vanskeleg å følge. Første del av turen er litt stigning og går i lav bjørkeskog. Enkelte plasser får ein flott utsikt der ein ser nedatt til bygda og fjorden.Når ein er komt over bjørkeskogen åpner landskapet seg og ein passerer Fivereldvarden. Ein stor stein med ein varde på. No blir terrenget flatere og ein merker nesten ikkje stigninga.Føl ein merkinga og råsa kan ein gå denne turen sjølv om det er skodde og regnveir. Alt har sin sjarm. Opp Fagredalen har ein Raudgrøtbakkane (835 moh) på venstre side og Høgefjellet (867 moh) på høgresida.   
Etterkvart ser ein ned i Klebersdalen med Klebersdalsvatnet. Rett bak ligg fra høgre Heida (994 moh), Bubergskaret, Bergsetnakken (1133 moh) og Bjørkaksla med Tverrfjellet (965 moh).Fra Holmøyskaret ser ein over Bubergskaret til fjella i Gloppen. Vora (1450moh) og Snønipa (1827 moh).I sjølve Holmøyskaret ligg det tre små vatn og det er ca 700 meter mellom det første og det siste.
Fra Holmøyskaret er det skilta til andre pppulære turmål i området. Holmøyskareggja på venstre sida og Glitreeggja på høgre sida. Nydeleg terreng å gå i både til og fra Holmøyskaret. Turen fra Randastøylen til Holmøyskaret er vel 3,5 kilometer og med ei stigning på ca 350 høgdemeter.

Kart over turen ligg på Ut.no: Randastøylen – Holmøyskaret.

Den Trondhjemske postvegen fra Faleide til Øyebakken.

Den Trondhjemske postvegen går frå Bergen til Trondheim og er ein kulturhistorisk veg på om lag 700 kilometer.
Ved kongeleg forordning av 1786 vart det fastlagt ei postrute med postgang kvar veke mellom det som den gongen var landets to største byer Bergen og Trondheim.
Postvegen gjekk i same trase som eldre vegar, men det vart også bygd nye vegparsellar etter den tids vegbyggingsprinsipp, det franske rinsippet, med mest mogeleg rett vegar. Til Faleide kom posten i robåt frå Utvik, ein rotur på ca 1 mil.
Den Trondhjemske postvegen kom til Faleide i 1795 og dette skapte etter kvart stor aktivitet i den brattlendte grenda. Fleire handelsmenn etablerte seg der. Også eit hotell, Tendens Hotell, vart bygd på Faleide.
Frå 1867 vart postruta over land lagt ned og posten vart i hovudsak sendt med dampbåt frå Bergen til Ålesund. Den indre ruta frå Faleide til Hellesylt var i bruk til 1912.Utgangspunktet for turen er ved den tidlegare butikken og kaibyningane (fra 1863). Der er gode parkeringsmoglegheiter. Der kan til tider være ein del køyring av tømmer til tømmerkaia så parker godt ut til sida.
Turen starter med å gå opp Naustbakken og grusvegen vidare forbi gardane Midtigard, Inigard og Utigard. Ein ser gammalt verneverdig bygningsmiljø, mellom anna ved garden Utigard Faleide. Der var det postkontor, skysstasjon og tingstad.
   
   
Frå Faleide deler postvegen seg i to tarasear, den gamle bratte frå 1700-talet og ein nyare trase fra 1855. Denne turen føl den nyaste trasen.Når ein har passert gardane på Faleide kjem ein til Faleide skulemuseum. Dette vart offisielt åpna i 1998. Det vart lagt ned eit stort frivilleg arbeid i museet , samt at både kommunale og statlege midlar er nytta for å setje i stand museumet. Føremålet er at Faleide skulemuseum skal være eit offentleg museum for bevaring, dokumentasjon og formidling av Stryn kommune si felles skulehistorie.
   
Postvegen er tydeleg i terrenget og ikkje vanskeleg å følge.  Svarstad/Faleide Vel har gjordt ein kjempe jobb med å rydde langs vegen mot Vegtun. Dei har også sett opp bord og benker.  I krysset der den gamle vegen går til Sætren er det plass til mange.Da postvegen var i bruk var vedlikehaldet oppdelt i roder og  fordelt mellom bøndene i distriktet. Dette var ordna slik at alle skulle ha omlag same avstand til si rode. På bilde under ser ein Navelsakerstykket, dvs det var bønder fra Navelsaker som hadde vedlikehalde på dette stykke av vegen.Postvegen krysser  Panoramavegen ved Vegtun og fortset paralelt med RV 15. Etter kvart flater vegen ut og vegen går i meir myrlendt terreng. Når ein kjem til krysset skal ein halde til venstre. Vidare går postvegen på sørsida av Langesetvatnet.  Her har privatpersoner og gunneigarar sett opp benker så her er det moglegheiter for å ete nista si eller berre høyre på stillheita.
Langs Den Trondhjemske postvegen fra Faleiede til Øyebakken er det lite skilting.  Enkelte plasser (i kryss) kan ein sjå eit treskilt med posthornet på. Det er mange stadnamn langs denne turen som alle har ei historie.  Her ved dei mørke hamrane og granfeltet heiter det
Moldbrekka. Eit stykke lenger framme heiter det Dansebakken. Der samla folk  seg for å danse da krigen herja.
   
Området rundt Faleide og Markane  er store vidder med furuskog. Det som særmerker Markaneområdet er transport av skipsmastrer etter gamlevegen til Faleide, der dei vart skipa ut. Dei største skipsmastrene kunne vera opp til 25 m lange. Det var som regel dugnad ved slik transport, 6-8 hestar med mannskap. Ved Halvkannebakken var det bratt og særleg vanskeleg å komma over med tunge og lange lass.   Historia er at når dei skulle køyre dei store mastrene over denne kvasse bakketoppen so fekk dei ikkje hestane til å drage mastra over Halvkannebakken før dei hadde fått drukke ei halvkanne med brennevin. No vart vel ikkje hestane so mykje sterkare om karane drakk ei halvkanne brennevin, men det var vel heller at dei vart meir høgrøysta og slo hestane hardare som er forklaringa på at dei kom over. Det vart vel og eit pressmiddel mot den som skulle ha frakta mastra for å få hallkanna fram, for fekk dei ikkje halvkanna kom dei heller ikkje over bakken.
Litt lenger ute står også ein benk. Der heiter det Kvile. Det var ein naturleg og kjærkomen plass å få kvile etter stigningane som hadde vore på vei inn bygda.Postvegen etter den opprinnelege trasen kan mange plasser være vanskeleg eller umogeleg å finne. Nye vegar har kjeme til, hus og andre bygninger har blitt bygd, dyrka mark har «ete» seg inn på trasen, eller den er rett og slett så attgrodd at det er umogeleg å gå den.
Når ein kjem til garden Skogtun går postvegen på dyrka marka. Første stykke held ein heilt til venstre i bøkanten , passerer ei steinklopp og skråer over til høgre sida og fortset mot garden Myrhaug.
   
Etter å ha passert Skogtun kjem går turen gjennom beitet og gardstunet  Myrhaug før den kjem inn på bygdavegen og føl den forbi Bruheim, Kroken og til krysset ved Haugen.
   
Turen fortset til venstre i  krysset til Haugen, forbi denne flotte gardfjøsen og går ned i tunet. I svingen rett før tunet går ein til venstre og vidare til Flore sag. Denne trasen, fra Haugen til Flore og vidar til Sindre, er ikkje mykje gått men likevel grei å finne fram i.
   
Like før Flore sag ligg der ei  bru over elva. Rund rundt sagbruket og gå unnabakken ved ein sagmodhaug.
   
Fra Flore Sag og ned bakkane er det ein del skog, ta deg tid så ser du spor i terrenget etter den gamle vegen.
    
Når ein kjem ned dei bratte bakkane etter Flore sag kjem ein inn på ein skogsveg. Postvegen går delvis i den trasen og delvis ved sida av, men er heilt attgrodd. Føl skogsvegen til bygdavegen og fortset forbi garden Sindre. Heilt fram til 1970 gjekk postvegen gjennom tunet på Sindre.
Relatert bildeVidare føl ein grusvegen til den flotte skytebana til Hornindal og Markane skytterlag. Der svinger ein til venstre og kjem til den første av i alt tre steinbruer.Da riksveg 15 gjennom Markane vart ombygd i 1981 vart elva lagt om, og det nye elveløpet førte til brot i den Trondhjemske postvegen, mellom dei gamle historiske steinbruene i Sindreøyane. Statens vegvesen bygde ei 23 meter lang trebru over Storeelva, Teigabrua, dette vart den fjerde brua på den Trondhjemske postvegen i Sindresøyane.
Etter å ha passert Kvithellebrua føl ein den dyrka marka på venstre side og kjem snart til Teigabrua.
    Kryss riksvegen like ved buss skuret og ein er snart på brua over Storeelva.Like etter Storeelvbrua kjem ein til Nordaelvbrua.Etter dei flotte steinbruene går turen vidare på den gamle riksvegen, undergangen under noverande riksveg, og fortset til Øyebakken.   
Ved Øyebakken står oppslag om fiskekort og der er mogelegheiter for å betale fiskekort.
    

Heile turen fra Faleide til Øyebakken er ca 10 kilometer og har ein høgdeskilnad fra 0-215-100.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Den Trondhjemske postvegen Faleide – Øyebakken

GOD TUR PÅ DENNE KULTUR HISTORISKE TUREN.

 

 

 

Gytrifossen i Oldedalen

På veg gjennom Oldedalen ser ein mange ville fossefall. Fossande strøymer i vill dans mot havet; det er som om vatnet har det svært så travelt etter fleire hundre års binding som is. Ein av desse fossane er Gytrifossen. Den ligg gjøymt bak i Gytridalen, mellom Rabbfjellet og Yrinibba, og med Myklebustbreen som utgangspunkt.

Nede ved Oldenvatnet ligg det  campingplasser på begge sider av elva. Gryta Camping ligg lengst nord og Olden Camping Gytri ligg lengst sør. Fra begge campingplassane har ein flott utsikt til fjella og breearmane i dalen.

Det er fin tursti på begge sider av Gytrielva og bak gjennom dalen. Går ein opp på nordsida kan det være vanskeleg å nå heilt fram til Gytrifossen. Da ender råsa ved Storesteinen. Fra gammalt av var der rås til Nedreholten. Usikker på om den er rydda og om ein finn den no. Fra Nedreholten er det fin utsikt både oppover og nedover dalen.

Eg vil skrive om turen til Gytrifossen med utgangspunkt fra Olden Camping Gytri.  Der står skilt ved oppkjørsla til gardsvegen. Parkering er mogeleg på plassen ved gapahuken. Plasser bilen mest mogeleg i utkanten av plassen.Første del av turen går på gardsveg, fra campingplassen til tunet. Der i fra er det skilta mot Gytrifossen og turen går vidare på skogsveg og i beite. Etter eit stykke er der er fleire vegar som kjem i hop, denne turen held til venste opp bakkane.
  
Det langstrakte Oldenvatnet blenkjer der nede i dalbotnen og speglar ein natur som av mange blir omtala som Norges vakraste.  Gytridalen er trang og det er berre enkelte plasser ein får eit glimt av vatnet. Nyt stillheita og elvesusen.Skilt viser at det også er andre turmål i området.

Turen fra campingplassen til Gytrifossen er ca 2 kilometer lang og har ei stigning på ca 450 meter.  Stien er delvis merka med raudmåla trelegger og steiner. Stien er stedvis bratt og det er ein fordel å gå den når det er tørt i terrenget.Her ser ein Gytrifossen eit stykke bak i terrenget. Rabbfjellet 1432 moh til høgre for den. Myklebustbreen ligg like bak.Bildet over er tatt ein augustdag i 2016.
Bildet under er teke i slutten av mai og det er da enda mykje snø i elveløpet under fossen. 

Kart over turen finn ein på ut.no: Gytrifossen i Oldedalen

GOD TUR OG NYT STILLHEITA OG ELVESUSEN.

Svarstadveten og Vetestova

Turen til vetestova og Svarstadveten er ein enkel tur. Ein tur som er fin som treningstur eller ein tur der ein kan rusle og finne roen.  Fra utgangspunktet til Veten, som den blir kalla i daglegtalen, er det ca 2 kilometer. Turen går på skogsveg og sti. Høgdeforskjellen fra utgangspunktet, ved setrevegen, til Veten er ca 300 meter.Sidan sist eg var her har det vore store skogsmaskiner i drift for å ta ut mengder med granskog. Eg var derfor spent på om skogsvegen var inntakt. Og eg vart ikkje skuffa. Skogsvegen var fin å gå på og for ein utsikt det hadde blitt. No ser ein Stryn sentrum og heile Strynebygda heilt til Oppstrynsvatnet og bygda Flo med Rinddalshyrna, 1677moh, bak.
  
Utgangspunktet for turen er ved setrevegen som går fra Vinsrygg til Tverrfjellet. Denne vegen er bomveg så ta med penger og løys billett eller parker og gå dei få hundrede meterane (ca 700m) til Klype der skogsvegen starter. Det er tydelege skilt ved vegen.
Ein har ikkje gått langt før utsikten er heilt fantastisk. Ein ser bla.  fra venstre Gryta (1032 moh), Høgefjellet (1138moh), Rinddalshyrna (1677 moh), Årheimfjellet (1007 moh), Meleinsnibba (1007 moh).
  
Første del av turen går i skogsveg. Og når granfeltet tettar seg til att rundt vegen tek ein til venstre og går over i sti. Ein fortset å gå i granfelt, med tydeleg og merka sti, opp bakkane. Granfelt kan være travelt, men det har sin sjarm også.
  Når ein kjem ut av granfeltet tek furuskogen over. Store flotte furutre med fine plasser å ta pause på. Som her ved desse to steinane. Ypperleg plass for ein rast.Etter at ein har passert desse steinane kjem ein til eit stidele. Det er skilta til Klokkholjølet. Dette er eit jøl/fordjupning i terrenget som går nedover.
Etter ei kneik på ruta kjem ein til ei stor myr/flate. Veteflata. Og fram på myra ligg den nye vetestova. Det er ikkje lenger mogeleg å finne spor i terrenget etter den gamle vetestova, men den låg i området der den nye vetestova er sett opp. Dagens vetestove er oppført av ein ivrig dugnadsgjeng fra Bergsida i 2001.

Denne veten var eit ledd i eit landsomfattande militært varslingssystem av liknande vetar, omlag 1000 i alt. Dei var plasserte i ei rekkje langs svenskegrensa og langs kysten, slik at dei var godt synlege for flest mogeleg, og slik at ein kunne sjå frå den eine til den andre. Vart krigsskip eller framande hærstyrkar observerte, skulle veten tennast, og vetevakta på neste vete skulle tenne sin. Slik kunne landet mobiliserast i løpet av 7 døgn. Det var svært raskt, langt raskare enn nokon angrepsstyrke kunne flytte seg. Langs kysten stod vetane tett, og med varierande høgde over havet, for å få signalet sikkert fram om det var dårleg sikt lågt nede, eller i høgda.

Bergsideveten/Vinsryggveten er ein vete som har sin forgreining fra Takloveten vest for Eid. Fra Takloveten vart signala sende til Dimma vest for Utvik, vidare til Ulvedalsveten på Fjelli og vidare til veten ovanfor Vinsrygg. Fra denne veten gjekk signala i to retningar. Ein mot Huaren på Auflemfjellet og ein mot Skåråsen i Oppstryn som igjen sende mot Veten i Hjelledalen.Denne nye vetestova er flott tillaga og ein ypperleg plass for å ta ein pause. Vetestova er ikkje låst og på eit oppslag på veggen kan ein lese om at ein er velkomne til å nytte vestestova. På plakaten er der åtte punkt som bør lesast og respekterast.
  
  
På veggane og på bordet finn ein informasjon om arbeidet med bygginga av vetestova og om varslingssystemet.Ved vetestova kan ein absolutt finne roen. Ikkje den storslagne utsikten, men stille og fredeleg. Berre fuglane som held ein med selskap.Det er tillaga med benker på fleire sider av vetestova, så her er mogelegheitene mange for å ta ein rast.Turen vidare til Svarstadveten går nord over. Terreng blir meir myrlendt, men stien er tydeleg over myrane og er merka med raude måla stikker.
  
På mange offisielle kart og nettsider blir høgda der tv-omformaren står kalla Svarstadveten. Fra gammalt av er det rette namnet  Gamle Vetebakken, og det er truleg her den eldste veteplassen har vore.
Stryn T&IL har trimbok som er plassert på bygningen ved tv-omformaren.Ta turen vestover fra bygningen og få flott utsikt i alle himmelretninger. Ein ser fra Oppstrynsvatnet til Hornindalsvatnet og alle fjella rundt.

Kart over turen finn ein på ut.no: Svarstadveten og vetestova

GOD TUR!!

Sande-Tjugen/Haugen setra-Sandsåsen-Sande

Denne turen er ein rundtur som går på skogsveg og rås i vakre Loen. Turen er godt skilta og kan kombinerast på forskjellige måter. Runden som eg gjekk var på ca 7,5 kilometer og turen er teikna inn på kart på ut.no.Utgangspunktet for turen er ved skogsvegen like forbi Sande Camping ved Lovatnet.  Skogsvegen er tydeleg og underlaget er mjukt å gå på. Eit stykke opp i bakkane  viser spor etter naturens herjinger. Der er skogsvegen full av stein og mold etter ein vassdemme som gjekk på førjulsvinteren. Det går likevel fint å kome forbi.
      
Når ein vinn høgdemeter blir utsikten fantastisk. Heile Lodalen ligg der med sine bratte fjellsider som speglar seg i Lovatnet. Området ved skogsvegenden blir kalla Saurane og der er det flott utsikt mot gardane på Sæten og Sandsåsen og mot Loen. Dagen eg gjekk var prega av lavt skydekk og skodde langs fjellsidene og i dalbotnen.
Fra skogvegenden går turen over i rås. Den er godt merka med raude stikker og raudmåla prikker på trelegger og steiner.  Det er viktig å ikkje gå utom den merka råsa om ein ikkje er kjent i området. Terrenget er bratt og hamrete utenom den merka råsa. Har ein problem med å finne neste raude merking så bruk tid og vær sikker på at ein er på rett veg.
  Etter eit stykke i råsa kjem ein til eit nytt utsiktspunkt. No ser ein  Loen, Rake og Oppheim og ut Faleidfjorden til Blaksæter og Hildahalsen . Haugen/Tjugensetra er setra til gardane på Haugen og Tjugen. No står der  fire bygningar på setra.  Ein av fjøsane er bygd om til hytte. Det vart slutt på setring ca 1950. Aust for setra er ein plass som blir kalla Gamlesetra. Der hadde Haugen og truleg Sande seter før. På grunn av fonnfare vart setra flytta nærmare elva. GardenTjugen hadde i gamal tid seter på vest sida av elva. Ein av grunnane til at den vart flytta var at det var mykje orm der.Fra setra valgte eg å gå råsa som er merka til Haugen. Den starter i nederste  hjørnet aust på setrekvia. Råsa er tydeleg og  svinger seg gjennom store granfelt. Etter kvart kjem ein inn på skogsveg og ein kan velge om ein går den bratte råsa gjennom granfeltet eller skogsvegen.
  
  
Nede på flata og ved ein stor sving er rås skilta til Sandsåsen. Råsa er 600 meter før ein igjen kjem inn på skogsveg.
  Siste del av turen går på skogsbilveg og ein passerer forbi Sandsåsen hytter. Følg bilvegen til Lovatnet og vidar til utgangspunktet ved Sande Camping.
Om ein velger å gå turen motsatt veg er Sandsåsen eit naturleg utgangspunkt.
  

Kart over turen finn ein på ut.no: Sande-Haugen/Tjugen setra-Sande

« Eldre innlegg Nyere innlegg »

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑