Norangdalen strekker seg fra Øye i Ørsta kommune og går over i Nibbedalen og til Tryggestad og Hellesylt i Stranda kommune. Høgaste punktet i dalen ligg på ca 300 moh.
Nordangdalen har frå gammalt av vore bindeledd mellom indre Sunnmøre og Nordfjord. Vegen som er i bruk i dag er frå 1890-talet. Dalen er rik på både natur- og kulturopplevingar. Det er ein stille setredal og mellom dei trongaste dalføra i Norge. Mange meinar at Norangdalen er verdens vakrast dalføre.
Rundt år 1900 vart Norangdalen ein turistattraksjon. Turistskipa la til på Øye og turistane og mange namngjetne personar vart frakta med hesteskyss på den gamle ferdselsvegen gjennom Norangdalen til Hellesylt, der skipa venta.
Turismen ga grunnlag for hotelldrift, mellom anna på Øye, Fivelstad og Hellesylt. Hotella var trehus i sveitserstil, utsmykka med overdådig ornamentikk og er i dag populære kulturminne. Etter «Silver Cruise» i 1993 fekk Norangdalen tilnamnet «Dronningruta». Sju europeiske dronninger har teke turen gjennom Norangdalen.
Sidan slutten av 1800-talet har Norangdalen og fjella ikring vore viktige mål for fjellturisme og tindesport.
Norangdalen og den gamle ferdselsvegen ber tydeleg preg av kampen mot naturkreftene. Likevel kan ein gå deler av den og nyte den flotte naturen, dei majestetiske fjella og stillheita i dalen.
Denne turen starter like ved Geilskredvatnet. der den gamle Geilskredbrua, bygd i 1830 åra og restaurert i 2011, krysser Norangelva. Der er utviding ved vegen og moglegheiter for å parkerer bilen.
Ein kan mange stader sjå spor etter den gamle køyre- og ridevegen frå 1846, men turen går mest på rås. Første stykke av turen går rett motbakke til ein kjem inn på råsa.
Norangdalen er også kjend for sine gode beitemarker og ein ser beitande sauer og kyr i dalen. Dei gode beitemarkene kjem av alle snørasa som er vanlege i vinterhalvåret. Da er fylkesvegen ofte stengd.
Det første vatnet ein går forbi heiter Geilskredvatnet og dalbotnen er her fylt med utrasa steinur. Vatnet er aldri heilt fult fordi det tømmer seg i ei underjordisk elv. Den går inn og ut av steinmassane nedover dalen, og fleire stader forsvinn den heilt mellom steinane.
Turen går forbi tre vatn. Geilskredvatnet, Djupvatnet og Uravatnet. På andre sida av vatna går fylkesvegen, men sjølv om det er ein god del trafikk, var det likevel stille i dalen.
Dalen er smal, ca 200 meter på det smalaste, og det er majestetiske fjell på alle kanter. Ved store nedbørsmengder kan det derfor være fare for steinsprang så ein må utvise forsiktigheit.Når turen nærmar seg slutten kjem ein til Urasetra. Denne setra ligg midt i dalen og er lett å gå forbi fordi den ligg inn i terrenget for å få ly mot snøskred og fonnvind. Det går snøras over taka på desse sela nesten kvart år. Siste stykket ned til Urasetra og bort til fylkesvegen er tydeleg og breid. Den har nok gått klar av dei store steinskreda som ellers har herja i dalen.
Slik ser Urasetra ut når ein kjem gåande ned gamlevegen. Ikkje lett å få auge på sela.Ved Uravatnet kjem gamlevegen inn på fylkesvegen. Ta deg tid til ein pause ved dette flotte vatnet. Her kan ein nyte sola. Sjølv midt på sommaren er det tidleg solamørkt lenger nede i dalen, der den er på det smalaste.
Der gamlevegen møter fylkesvegen står det også to små sel ovanfor vegen og der er skilta til andre turmål i området.
Turen på gamlevegen er vel 3 kilometer og det er lite høgdeforskjell.
Kart over turen finn ein på Ut.no: Gamlevegen i Norangsdalen
Når ein først har tatt turen til Norangdalen må ein få med seg alt det dalen har å by på.
Villa Norangdal som ligg ved Fivelstadhaugen, ca 400 moh, er eit historisk hotell og eit landemerke på Sunnmøre. Hotellet er bygd i 1885 av to gardbrukara. Hotellets glanstid var mellom 1890-1940. Cruisetrafikken mellom Øye og Hellesylt vaks og turistane ville ha hesteskyss gjennom denne ville og vakre dalen. Hotell Nordangdal var da eit naturleg stopp på vegen. Her fekk både turistane, kuskane og hestane (opptil 125 hestar) godt stell og servering. No er det Iris Fivelstad som driv Villa Norangdal. Iris er tippoldebarn til Anders Haugen, ein av dei som bygde hotellet i 1885.
Midt i dalen, like ved Urasetra, har vegvesenet laga til ein fin rasteplass med informasjonstavler.
Køyrer ein vidare forbi Uravatnet kjem ein til Stavbergvatnet og Stavbergsetra. Også denne setra ligg inn i terrenget for å få ly for ras i dalen.Lenger nede i dalen, mot Øye, ligg Lygnstøyvatnet. Dette vatnet vart danna av eit ras, Storesvora, fra Keipen i 1908. Store mengder stein rasa ned fra fjellet og la seg i dalen. Dette førte til at elva vaks opp og la Lygnstøylen under vatn. I vatnet ser ein enno restar etter den gamle vegen og setremurane. Fremdeles står epletreea langs vegen i vatnet.
Lygnstøylvatnet er kjent for sine gode dykkerforhold og er omtalt som eit av dei beste ferskvannsdykkene i Norge. Lygnstøylsvatnet er ein turistattraksjon for reisande både med og uten dykkermaske og luftflasker.
Der står informasjonstavle også ved Lygnstøyvatnet, like i nærheita av ruinane under vatn.
Da raset kom i 1908 og demde opp elva slik at Lygnstøylvatnet vart laga, kom det også ein stor stein og la seg med spiss-enden ned. Folk i dalen såg på denne steinen som ein høveleg bautastein over storhende. Den omlag 12 m høge kolossen vart kalla oppatt etter Mørejarl-sonen Gange-Rolv.
GOD TUR I DENNE VAKRE, VILLE, STILLE DALEN.