Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Storsæterfossen i Geiranger

Storsæterfossen er ein av dei mest kjende fossefalla i området. Også i nasjonal samanheng blir den rekna for ein flott foss. Dette fordi det går ann å gå ned og bakom fossen. Det er eit mektig og fasinerande inntrykk å stå bak fossen og sjå dei enorme kreftene og høyre fosseduren.
Namnet har fossen etter Storesætra som ligg ca 200 meter lenger inne i Vesteråsdalen. På den setra har det ikkje vore drift sidan slutten av 1940-talet.

Utgangspunktet for turen til Storsæterfossen er ved Vesterås gard. Parkeringsplassen ved garden er til gjestene på garden. Parkering for turen til Storsæterfossen er ved Flydalsjuvet, Norsk Fjordsentrum eller i Geiranger sentrum. Vegen fram til garden er ein smal grusveg. Ta av hovudvegen ved Hole Hytteutleige.Vesterås gard ligg på ei fjellhylle 320 meter over fjorden og ca 4 kilometer fra Geiranger sentrum. Garden har vore i familiens eige sia 1600-talet og der er også funne spor etter mennesker heilt tilbake til steinalderen.
På garden var det gardsdrift fram til 1970-talet. No er der restaurant og hytteutleige om sommaren. Kanskje er dette Norges battaste restaurang? Det er høylåven fra 1603 som er ombygd til restaurant med tilhøyrande uteservering der ein kan nyte forfriskningar i luftige og spektaktulære omgivelser.
Bak garden ruver det 1500 meter høge Laushornet og på grunn av rasfaren åpner dei aldri garden før snøen har gått. Det er skilta til fossen fra parkeringsplassen som høyrer til garden.Også fra siste grinda (50m)før ein kjem opp til gardener det merka ei rås.
Denne turen går på rås, den er tydeleg og god å gå på og etterkvart kjem ein innpå den godt opparbeida steinlagte råsa, laga av sherpaer frå Nepal,og som var ferdig i 2014. På heile tuen ser ein Grinddalsnibba, 1636 moh, framfor seg.Ein ser fossen på avstand ei stund før ein er framme. Og den kan da sjå ganske stusseleg ut, men inntrykket forandra seg når ein kjem nær den.Siste stykke av turen går råsa rett unnabakken til eit grasplatå (540 moh). Der i frå er det steinlagt trappetrinn rundt berget og ned til fossen. Ved nedgangen til fossen står det oppslag om sikker ferdsel ved fossen. Dette er viktig at ein les og etterlever.
    
    
Turen ned dei steinlagte trappene og bak fossen er magisk. Den 30 meter høge fossen dundra forbi og lagar ein vegg av vatn og ein er like tørr. Kart over turen ligg på Ut.no: Storsæterfossen

GOD TUR!

2 kommentarer

  1. Iris og Arnfinn Westerås

    Vil informere om at parkeringsplassen p garden er privat og først og fremst tiltenkt restaurant- og hyttegjestane på Westerås Gard. Alternative parkeringsplasser er flydalsjuvet, Norsk Fjordsenter og sentrum av Geiranger.

    • Bodil Dybevoll

      Ok. Då har eg misforstått. Takk for tilbakemelding, skal rette opp i blogginnlegget.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑