nytnaturen.no

Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Myklebustdalen – Stardalen

Denne turen går gjennom Myklebustdalen i Gloppen kommune til Veiteberg i Jølster kommune. Dalen er ein U-dal med svært bratte fjellsider og ligg nord/sør fra Byrkjelo til Stardalen. Sandalsvatnet ligg i dalen med frodige jordbruksområde i begge ender.Turen starter ved grind ca 200 meter fra dyrka mark inst i dalen.  Der er parkeringsmoglegheiter for fleire biler.  Første del av turen, til Myklebuststøylen går på traktorveg. Turen er ein lett tur,10 kilometer og med ein høgdeskilnad på ca 300 meter.
Dalelva dundrar i dalbotnen ellers er det fuglane og dyra på beite som held ein med selskap.Myklebuststøylen er støyl for gardane Kobberstad og Myklebust. Det står no sju sel og fire fjøser på støylen, men fleire hustufter viser at det tidlegare har vore fleire sel og fjøser. Støylen var tidlegare truleg berre ein mjølkeplass, kalla «Gamlestøylen» og som låg lenger inn i dalen.  Støylen vart flytta til der den ligg no på grunn av rasfare.
På Myklebuststøylen var det meieridrift frå 1885-1947. Meieriet er nyrestaurert og fungerer i dag som eit museum der ein kan få oppleve meieridrifta frå gamal tid. Dette må avtalast på førehand.Gamlestøylen ligg ca 1 kilometer lenger inn i dalen frå noverande støyl. Her  har det  vist spor etter ei hustuf, men desse er no sletta etter ras.Mange elvar som kjem ned fjellsidene samler seg i Dalelva.  Den renn heile dalen og kan være stor og farleg. Det er lagt ut bruer så ein kjem seg trygt over. På denne turen gjekk vi over brua og fortsette på høgre sida av elva.  Råsa var grei, men etter ei stund var vi usikre på om der kanskje var ei betre rås på andre sida. Ein må huske å stoppe opp og ta eit tilbakeblikk over turen som ein har tilbakelagt.Etter eit stykke på venstre side av elva kom vi til denne hytta. Den blir kalla Kalvehuset. Lite og sjarmerande og såg ut for at det var utført vedlikehald på taket så dette bygget står i mange ti-år.Lenger fram i dalen krysser ein kommunegrensa til Jølster og ein kjem til Skitnevatnet. Der er også ei hytte. Mens vi sat der å åt nista vår kunne vi tydeleg sjå fisken som vaka i vatnet.  Dei som vil fiske må huske å løyse fiskekort.Denne turen fortset på høgre side av elva og snart har ein Bakkestøylen i sikte. I bakgrunnen ser ein dei mektige fjella bak Befringdalen.Rett før Bakkestøylen ligg Reinevatnet. Eit stort flott vatn der det også er fisk. No vassa/hoppa vi over elva og gjekk på venstre sida fram til støylen.Bakkestøylen ligg på det høgaste punktet i dalen, 600 meter over havet og på vatnskille mellom Stardalen og Myklebustdalen. Vidare frå Bakkestøylen går ein på tydeleg rås unnabakke og forbi nokre hytter som ligg spredt i terrenget rundt Leitevatnet. Etter kvart kjem ein ned på traktorveg som går ned til Veiteberg. Ein går langs Veitebergselva og passerer Gunnarstøylen.

Ein kjem ned i bygda like ved gardane på Veiteberg. Der er det ein lunneplass og god plass for parkering av biler.
Denne turen kan være ei utfordring angåande logistikken, men absolutt gjennomførbar.

Kart over turen ligg på ut.no: Myklebustdalen – Stardalen

GOD TUR.

2 Comments

  1. Det er nok ein U-dal, som alle andre dalane rundt breane på Vestlandet.

Legg inn en kommentar

© 2018 nytnaturen.no

Theme by Anders NorenUp ↑