Kolbeinvatnet ligg i Tafjordvassdraget og er regulert som magasin for kraftverka lenger nede i vassdraga. Dette vatnet ligg både i Sjåk kommune i Oppland og i Stranda kommune i Møre og Romsdal.

Utgangspunktet for turen er på Geirangervegen (Rv 63), på ei utviding like før Djupvatnet, ca 4 kilometer frå Geirangerkrysset.

Der går ein anleggsveg  paralelt med den T-merka råsa opp til Kolbeinreset. Det har i sommar vore utført arbeid med store maskiner i aust enden av vatnet og det var i den perioden også anleggsveg langs vatnet. Arbeidet er avslutta og det er no ein smal veg/køyrespor langs vatnet i tillegg til den merka råsa.Dette utgangspunkter er også starten på turen til Kaldhusseter. Da går ein til endes på Kolbeinvatnet (1111 moh), vidare til Flavatnet, Fremste Viavatnet (1000 moh)og til Heimste Viavatnet (1001 moh). Der deler råsa seg og ein har to alternativ vidare. Ein kan gå på venstre sida av Såthaugane til Slettdalsvatnet og vidare ned Storkaldhusdalen eller ta til høgre for Såthaugane til Fagerbotnvatnet og vidare forbi Middagshornet og ned til Sauebotn.
   
Fra Kolbeinreset har ein fin utsikt tilbake til Djupvatnet (1016 moh). Djupvasseggja (1546 moh) ruver høgt over vatnet. Til høgre for Djupvasseggja ligg Grasdalsreset og bak der Skjerdingsdalsbreen, Blåtind og Skjerdingsdalseggja.

   
Det er eit stille og mektig område når ein kjem opp på Kolbeinreset og starter turen langs vatnet. I tillegg til køyresporet er der merka varder der råsa går.
For dei som er intresert i fisking så er det ørret i vatnet. Ein må ha fiskekort for å fiske og det er det Sjåk Bygdeallmenning som administrerer.
Kolbeinvatnet er eit av i alt fem vatn som er regulerte i vassdraget. På reset er det sett opp skilt med forklaring om området som inngår i vassdraget og forhandsregler ein må ta.Ein pause ved vatnet der ein ser tilbake til reset og alle fjella med snø på er balsam for sjela.  Stillheita er komplett. Dette er ein lett tur med minimal stigning. Fra utgangspunktet til Kolbeinreset er det ca 100 meter stigning.Det er fin og lav vegetasjon å gå i om ein velger vekk både anleggsvegen og råsa. Fint å berre setje seg i den lave mosen og nyte. Området er også fint for ein joggetur.
  

Kart over turen ligg på Ut.no: Kolbeinvatnet

PRØV DENNE LETTE TUREN I NYDELEG TERRENG!