Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Måned: juni 2018

Dollsteinhola, langs fjæra til inngangen

Dollsteinhola ligg på vestsida av Sandsøy i Sande kommune i Møre og Romsdal. For å kome til Sandsøy tek ein ferge frå Årham til øya Voksa. Der i frå er det veg over til Sandsøya. Ta til venstre i første kryss og følg merking til Dollsteinhola.
På Skarshaugen er det parkeringsplass for nokre biler.  Frå parkeringsplassen ser ein garden Skare som ligg heilt i fjøresteinane. Vi gjekk turen i slutten av mars og vegetasjonen bar endå preg av vinter.

Ein ser fjellet Dollsteinen der den kjende Dollsteinhola ligg. Dette er ei av dei merkligaste grottene i landet, og er omtalt i fleire historiske skrifter frå langt tilbake i tid.Frå Skarshaugen går ein ca 100 meter tilbake til krysset som går ned til garden og føl gardsvegen til der er skilta til Dollsteinhola til høgre, like før tunet. Turen er merka med raude stikker og er enkel å følge.
   
Turen til Dollsteinhola er ein fjøretur, men enkelte plasser går ein over klipper og fjellnaser. Det blå havet er tett på heile turen.Langs råsa er det sett opp mange skilt med plassnamn. Som Storegjøtten, Flatmagevika, Grytevika og mange fleire.
Storegjøtten, Lisjegjøtten og Sandgjøtten er mindre grotter som er enklare å utforske enn sjølve Dollsteinhola.
    f
   
Dollsteinen og ruver 227 moh.  På austsida av fjellet er der merka overgang til Hellandsvågane som ligg nord for Dollsteinen.
Turen til Dollsteinhola er merka heilt til Steinstangen. For å kome til hola må ein gå dei siste 150 meterane i bratt, men fult farbar stigning til holeopninga som ligg ca 60 meter over havnivå.
    
Dollsteinhola er ca 180 meter lang og har fem rom som er skilt med lange, trange passasjer.
Det knytter seg mange sagn til Dollsteinhola og det er gjort fortidsfunn der.  Hola var først omtalt i tidsskriften Naturen i 1877.
   
Turen i fjøra, fra Skaret til inngangen av hola går i kupert og variert terreng. Dette er ein tur som passer dei fleste nivå. Vi var ikkje inn i hola. For å gå til botnen av grotta er det nødvendig med lokalkjent guide.

Turen er ca 3 kilometer kvar veg.

Kart over turen ligg på Ut.no: Dollsteinhola, langs fjøra til inngangen.

GOD TUR!

Storsæterfossen i Geiranger

Storsæterfossen er ein av dei mest kjende fossefalla i området. Også i nasjonal samanheng blir den rekna for ein flott foss. Dette fordi det går ann å gå ned og bakom fossen. Det er eit mektig og fasinerande inntrykk å stå bak fossen og sjå dei enorme kreftene og høyre fosseduren.
Namnet har fossen etter Storesætra som ligg ca 200 meter lenger inne i Vesteråsdalen. På den setra har det ikkje vore drift sidan slutten av 1940-talet.

Utgangspunktet for turen til Storsæterfossen er ved Vesterås gard. Parkeringsplassen ved garden er til gjestene på garden. Parkering for turen til Storsæterfossen er ved Flydalsjuvet, Norsk Fjordsentrum eller i Geiranger sentrum. Vegen fram til garden er ein smal grusveg. Ta av hovudvegen ved Hole Hytteutleige.Vesterås gard ligg på ei fjellhylle 320 meter over fjorden og ca 4 kilometer fra Geiranger sentrum. Garden har vore i familiens eige sia 1600-talet og der er også funne spor etter mennesker heilt tilbake til steinalderen.
På garden var det gardsdrift fram til 1970-talet. No er der restaurant og hytteutleige om sommaren. Kanskje er dette Norges battaste restaurang? Det er høylåven fra 1603 som er ombygd til restaurant med tilhøyrande uteservering der ein kan nyte forfriskningar i luftige og spektaktulære omgivelser.
Bak garden ruver det 1500 meter høge Laushornet og på grunn av rasfaren åpner dei aldri garden før snøen har gått. Det er skilta til fossen fra parkeringsplassen som høyrer til garden.Også fra siste grinda (50m)før ein kjem opp til gardener det merka ei rås.
Denne turen går på rås, den er tydeleg og god å gå på og etterkvart kjem ein innpå den godt opparbeida steinlagte råsa, laga av sherpaer frå Nepal,og som var ferdig i 2014. På heile tuen ser ein Grinddalsnibba, 1636 moh, framfor seg.Ein ser fossen på avstand ei stund før ein er framme. Og den kan da sjå ganske stusseleg ut, men inntrykket forandra seg når ein kjem nær den.Siste stykke av turen går råsa rett unnabakken til eit grasplatå (540 moh). Der i frå er det steinlagt trappetrinn rundt berget og ned til fossen. Ved nedgangen til fossen står det oppslag om sikker ferdsel ved fossen. Dette er viktig at ein les og etterlever.
    
    
Turen ned dei steinlagte trappene og bak fossen er magisk. Den 30 meter høge fossen dundra forbi og lagar ein vegg av vatn og ein er like tørr. Kart over turen ligg på Ut.no: Storsæterfossen

GOD TUR!

Myklebustdalen – Stardalen

Denne turen går gjennom Myklebustdalen i Gloppen kommune til Veiteberg i Jølster kommune. Dalen er ein U-dal med svært bratte fjellsider og ligg nord/sør fra Byrkjelo til Stardalen. Sandalsvatnet ligg i dalen med frodige jordbruksområde i begge ender.Turen starter ved grind ca 200 meter fra dyrka mark inst i dalen.  Der er parkeringsmoglegheiter for fleire biler.  Første del av turen, til Myklebuststøylen går på traktorveg. Turen er ein lett tur,10 kilometer og med ein høgdeskilnad på ca 300 meter.
Dalelva dundrar i dalbotnen ellers er det fuglane og dyra på beite som held ein med selskap.Myklebuststøylen er støyl for gardane Kobberstad og Myklebust. Det står no sju sel og fire fjøser på støylen, men fleire hustufter viser at det tidlegare har vore fleire sel og fjøser. Støylen var tidlegare truleg berre ein mjølkeplass, kalla «Gamlestøylen» og som låg lenger inn i dalen.  Støylen vart flytta til der den ligg no på grunn av rasfare.
På Myklebuststøylen var det meieridrift frå 1885-1947. Meieriet er nyrestaurert og fungerer i dag som eit museum der ein kan få oppleve meieridrifta frå gamal tid. Dette må avtalast på førehand.Gamlestøylen ligg ca 1 kilometer lenger inn i dalen frå noverande støyl. Her  har det  vist spor etter ei hustuf, men desse er no sletta etter ras.Mange elvar som kjem ned fjellsidene samler seg i Dalelva.  Den renn heile dalen og kan være stor og farleg. Det er lagt ut bruer så ein kjem seg trygt over. På denne turen gjekk vi over brua og fortsette på høgre sida av elva.  Råsa var grei, men etter ei stund var vi usikre på om der kanskje var ei betre rås på andre sida. Ein må huske å stoppe opp og ta eit tilbakeblikk over turen som ein har tilbakelagt.Etter eit stykke på venstre side av elva kom vi til denne hytta. Den blir kalla Kalvehuset. Lite og sjarmerande og såg ut for at det var utført vedlikehald på taket så dette bygget står i mange ti-år.Lenger fram i dalen krysser ein kommunegrensa til Jølster og ein kjem til Skitnevatnet. Der er også ei hytte. Mens vi sat der å åt nista vår kunne vi tydeleg sjå fisken som vaka i vatnet.  Dei som vil fiske må huske å løyse fiskekort.Denne turen fortset på høgre side av elva og snart har ein Bakkestøylen i sikte. I bakgrunnen ser ein dei mektige fjella bak Befringdalen.Rett før Bakkestøylen ligg Reinevatnet. Eit stort flott vatn der det også er fisk. No vassa/hoppa vi over elva og gjekk på venstre sida fram til støylen.Bakkestøylen ligg på det høgaste punktet i dalen, 600 meter over havet og på vatnskille mellom Stardalen og Myklebustdalen. Vidare frå Bakkestøylen går ein på tydeleg rås unnabakke og forbi nokre hytter som ligg spredt i terrenget rundt Leitevatnet. Etter kvart kjem ein ned på traktorveg som går ned til Veiteberg. Ein går langs Veitebergselva og passerer Gunnarstøylen.

Ein kjem ned i bygda like ved gardane på Veiteberg. Der er det ein lunneplass og god plass for parkering av biler.
Denne turen kan være ei utfordring angåande logistikken, men absolutt gjennomførbar.

Kart over turen ligg på ut.no: Myklebustdalen – Stardalen

GOD TUR.

Vedviknibba via Nibberåsa.

Vedviknibba ligg ved vestenden på Hornindalsvatnet  og toppen på Vedviknibba er 730 meter over havet.  Det er mange alternativ å gå når ein skal bestige dette fjellet. Ein kan starte fra Tua/Stigedalen, Lindvika ved Hornindalsvatnet og fra Vedvika. Denne turen går i Nibberåsa og starter i Vedvika.
Den enklaste måten å finne utgangspunktet på er å køyre fra Mogrenda mot Heggjabygda. Etter den første beine strekninga, ta til venstre ved ferist. Etter 100 meter kjem ein til starten på skogsvegen. Der er oppslagstavle som beskriv fleire turer og parkeringsmogelegheiter.Første stykke av turen går på traktorveg/skogsveg langs ein flott steingard. Ein passerer to grinder og forset på skogsvegen. I det fjerne kan ein sjå ein del av terrenget ein skal gå i til Vedviknibba.

Etter ca 500-600 meter i skogsvegen skal ein ta til høgre. Det er merka med ein raud T på berget, starten på råsa er litt utydeleg så følg godt med.
   
Nibberåsa er bratt, men godt synleg i terrenget heile vegen. Det tyder på at mange går her. Mykje av  turen går i lauvskog, men når ein kjem ut av skogen så er ein på snaufjellet og får storslagen utsikt.
Frå utgangspunktet til toppen er det knappe 3 kilometer og med ei stigning på ca 700 høgdemeter. Det er ikkje mange stidele på denne råsa. Men etter ca 50 min vanleg gange går ei rås til høgre. Føl ein den kjem ein til eit utsiktspunkt som blir kalla Bukkeskåra. Der har ein fin utsikt til vestlegaste enden på Hornindalsvatnet, den flotte badeplassen i «Vågen», gardane i Vedvika, Mogrengda og heilt til Eidsfjorden.
Ved utsiktspunktet må ein vise stor forsiktigheit. Der er fleire hundrede meter rett ned.
Etter kvart når ein kjem ut av lauvskogen får ein flott utsikt, først mot Eid og Eidsfjorden.På snaufjellet er råsa fremdeles tydeleg og merka med raude T-ar.  Terrenget er lettgått og det er berre å nyte utsikten.Ein fin stor varde viser at ein er komt til toppen. Ta deg tid til å gå bakom varden både til høgre og venstre. Ein får storslagen utsikt mot Hornindalsvatnet, gardane og fjella i sør. I nordaustleg retning ligg Tua/Stigedalen med alle småvatna inn Fladalen.

Frå varden på toppen går ei fin rås mot vest og ein fin plass for å raste. Der har ein fin utsikt mot Nordfjordeid, Eidsfjorden, bygdene og fjella rundt. Ser ein godt etter i lidene ser ein mange setrar.

Turen er knappe 3 kilometer og har ei stigning på ca 700 høgdemeter.

Kart over turen: Vedviknibba via Nibberåsa

GOD TUR!

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑