Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

År: 2017 (Side 2 av 3)

Gamlevegen i Norangdalen

Norangdalen strekker seg fra Øye i Ørsta kommune  og går over i Nibbedalen og til Tryggestad og Hellesylt i Stranda kommune. Høgaste punktet i dalen ligg på ca 300 moh.
Nordangdalen har frå gammalt av vore bindeledd mellom indre Sunnmøre og Nordfjord. Vegen som er i bruk i dag er frå 1890-talet. Dalen er rik på både natur- og kulturopplevingar. Det er ein stille setredal og mellom dei trongaste dalføra i Norge. Mange meinar at Norangdalen er verdens vakrast dalføre.

Rundt år 1900 vart Norangdalen ein turistattraksjon. Turistskipa la til på Øye og turistane og mange namngjetne personar vart frakta med hesteskyss på den gamle ferdselsvegen gjennom Norangdalen til Hellesylt, der skipa venta.
Turismen ga grunnlag for hotelldrift, mellom anna på Øye, Fivelstad og Hellesylt. Hotella var trehus i sveitserstil, utsmykka med overdådig ornamentikk og er i dag populære kulturminne. Etter «Silver Cruise» i 1993 fekk Norangdalen tilnamnet «Dronningruta». Sju europeiske dronninger har teke turen gjennom Norangdalen.
Sidan slutten av 1800-talet har Norangdalen og fjella ikring vore viktige mål for fjellturisme og tindesport.

Norangdalen og den gamle ferdselsvegen ber tydeleg preg av kampen mot naturkreftene.  Likevel kan ein gå deler av den og nyte den flotte naturen, dei majestetiske fjella og stillheita i dalen.

Denne turen starter like ved Geilskredvatnet. der den gamle Geilskredbrua,  bygd i 1830 åra og restaurert i 2011, krysser Norangelva. Der er utviding ved vegen og moglegheiter for å parkerer bilen.
Ein kan mange stader sjå spor etter den gamle køyre- og ridevegen frå 1846, men turen går mest på rås. Første stykke av turen går rett motbakke til ein kjem inn på råsa.
    

    
Norangdalen er også kjend  for sine gode beitemarker og ein ser beitande sauer og kyr i dalen. Dei gode beitemarkene kjem av alle snørasa som er vanlege i vinterhalvåret. Da er fylkesvegen ofte stengd.
Det første vatnet ein går forbi heiter Geilskredvatnet og dalbotnen er her fylt med utrasa steinur. Vatnet er aldri heilt fult fordi det tømmer seg i ei underjordisk elv. Den går inn og ut av steinmassane nedover dalen, og fleire stader forsvinn den heilt mellom steinane.

Turen går forbi tre vatn. Geilskredvatnet, Djupvatnet og Uravatnet. På andre sida av  vatna går fylkesvegen, men sjølv om det er ein god del trafikk,  var det likevel stille i dalen.

Dalen  er smal, ca 200 meter på det smalaste, og det er majestetiske fjell på alle kanter. Ved store nedbørsmengder kan det derfor være fare for steinsprang så ein må utvise forsiktigheit.Når turen nærmar seg slutten kjem ein til Urasetra. Denne setra ligg midt i dalen og er lett å gå forbi fordi den ligg inn i terrenget for å få ly mot snøskred og fonnvind. Det går snøras over taka på desse sela nesten kvart år. Siste stykket ned til Urasetra og bort til fylkesvegen er tydeleg og breid. Den har nok gått klar av dei store steinskreda som ellers har herja i dalen.
    
Slik ser Urasetra ut når ein kjem gåande ned gamlevegen. Ikkje lett å få auge på sela.Ved Uravatnet kjem gamlevegen inn på fylkesvegen. Ta deg tid til ein pause ved dette flotte vatnet. Her kan ein nyte sola. Sjølv midt på sommaren er det tidleg solamørkt lenger nede i dalen, der den er på det smalaste.    
   
Der gamlevegen møter fylkesvegen står det også to små sel ovanfor vegen og der er skilta til andre turmål i området.

Turen på gamlevegen er vel 3 kilometer og det er lite høgdeforskjell.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Gamlevegen i Norangsdalen

Når ein først har tatt turen til Norangdalen må ein få med seg alt det dalen har å by på.

Villa Norangdal   som ligg ved Fivelstadhaugen, ca 400 moh, er eit historisk hotell og eit landemerke på Sunnmøre. Hotellet er bygd i 1885 av to gardbrukara. Hotellets glanstid var mellom 1890-1940. Cruisetrafikken mellom Øye og Hellesylt vaks og turistane ville ha hesteskyss gjennom denne ville og vakre dalen. Hotell Nordangdal var da eit naturleg stopp på vegen. Her fekk både turistane, kuskane og hestane (opptil 125 hestar) godt stell og servering. No er det Iris Fivelstad som driv Villa Norangdal. Iris er tippoldebarn til Anders Haugen, ein av dei som bygde hotellet i 1885.

Midt i dalen, like ved Urasetra, har vegvesenet laga til ein fin rasteplass med informasjonstavler.
Køyrer ein vidare forbi Uravatnet kjem ein til Stavbergvatnet og Stavbergsetra. Også denne setra ligg inn i terrenget for å få ly for ras i dalen.Lenger nede i dalen, mot Øye, ligg Lygnstøyvatnet.  Dette vatnet vart danna av eit ras, Storesvora, fra Keipen i 1908. Store mengder stein rasa ned fra fjellet og la seg i dalen. Dette førte til at elva vaks opp og la Lygnstøylen under vatn. I vatnet ser ein enno restar etter den gamle vegen og setremurane.  Fremdeles står epletreea langs vegen i vatnet.
Lygnstøylvatnet er kjent for sine gode dykkerforhold og er omtalt som eit av dei beste ferskvannsdykkene i Norge. Lygnstøylsvatnet er ein turistattraksjon for reisande både med og uten dykkermaske og luftflasker.
Der står informasjonstavle også ved Lygnstøyvatnet, like i nærheita av ruinane under vatn.
   
Da raset kom i 1908 og demde opp elva slik at Lygnstøylvatnet vart laga, kom det også ein stor stein og la seg med spiss-enden ned. Folk i dalen såg på denne steinen som ein høveleg bautastein over storhende. Den omlag 12 m høge kolossen vart kalla oppatt etter Mørejarl-sonen Gange-Rolv.
   

GOD TUR I DENNE VAKRE, VILLE, STILLE DALEN.

 

 

 

Åsenakken i Sunnylven

Åsenakken er ein av mange topper som ruver høgt over Hellesylt sentrum.  Der er to turalternativ til Åsenakken. Den eine går fra garden Åsen som ligg 210 moh , i lida under fjellet. Den andre går fra Hellebostad og det er den eg beskriv her. Tek ein turen får ein ei flott utsikt opp Sunnylvsbygda, nordaust over Sunnylvsfjorden og ned til sentrum.
Turen er på knappe 3,5 kilometer og det er ei stigning på vel 600 meter.Utgangspunktet for turen er på garden Hellebostad. Ein føl skilting fra Hellesylt sentrum mot Vollset/Flofjellvegen. Etter ca 4,5 kilometer langs Korsbrekkelva/Bygdeelva tek ein av til Hellebostad og køyrer gardsvegen til der er skilting til Åsenakken og Nokkenibba. Parker ved skiltet. Første stykket går på traktorveg til utmarksgard og bru over Hellebostadelva.
   
Råsa er tydeleg og delvis skilta heile vegen. Husk å lat att alle grinder når ein passerer for her er dyr i marka.
   
Opp bakkane er det ein del skog og rikeleg med mat til dyra som går der. På Kleiva, som er det første utsiktspunktet, ser ein langt opp gjennom Sunnylvsbygda og Frøysadalen.
   Cirka halvvegs til Åsenakken kjem ein til setra som heiter Vindholen. Her er det to sel som er nylig oppussa og i god stand. Her er også murar etter fire andre bygningar, truleg fjøs og løer.
Her er det fint å finne seg ein plass for å nyte utsikta.  På andre sida av dalen ser ein Haugestølen, vel 700 moh og Lianibba 1500 moh.Terrenget flater litt ut etter setra. Ein kjem til eit stidele der råsa til Nokkenibba, 1380 moh, tek av. Over ei steinur kan det være vanskeleg å sjå råsa, men der er varda så ikkje vanskeleg å finne fram.
  
Siste stykke fram mot varden er reine autostradaen. Det tyder på at denne turen er eit populært turmål. Sunnylven IL har trimpost ved varden.
  
Utsikta fra varden er fantastisk i alle retninger. Hellesylt sentrum med Hellesyltfossen midt i bildet, i nordleg retning ser ein inngangen til Sunnylvsmordskreddalen og til Nibbedalen/Nordangsdalen.
I nordaustleg retning ser ein Sunnylvsfjorden der gardane på Ljøen  ligg fint i lia. Ein ser også ein del av den Trondhjemske postvegen over Ljøbrekka og nede ved fjorden ligg Naustberget der postbåten gjekk til land før ferda starta opp Ljøbrekka.Frå Åsenakken kan ein gå ned til gardane på Åsen og skogsveg tilbake til Hellebostad. Kart over turen finn ein på Ut.no: Åsenakken i Sunnylven
GOD TUR!!!

 

Lotsstøylen – Maragjølsetra – Skauset

På Lotsstøylen har det vore støylsdrift i mange generasjonar. Framleis blir det mjølka kyr på denne støylen. Setrehusa står på Gamlestøylen og fellesfjøsen ligg ca 300 meter lenger oppe. Det var på 1960- talet arbeidet med å bygge opp fjellesfjøsen vart påbegynt. Første mjølkeåret var i 1971.  På 1960-70 talet vart marka dyrka opp og kyrne kan no koser seg med smaksrikt og saftig fjellbeite. Det har aldri vore slått her.

Bøndene Egil Fjellestad og Rannveig Årskog har tilsaman 32 kyr på beite på Lotsstøylen. Her trives kyrne godt og leverer rikeleg med mjølk i mjølkemaskina. Dei driv  moderne mjølkeprodusjon  og tankbilen kjem og hentar mjølka. Kanskje er det slik som ein av bøndene har uttalt at kyrne mjølkar godt på god utsikt. For god utsikt er det på støylen som ligg høgt og fritt over Nordfjorden.

Mjølka som blir mjølka på  Lotsstøylen går ikkje berre tradisjonell mjølkelevering til meieri, mykje av mjølka blir brukt i eit nisjeprodukt  produsert på Fjellestad Gardskjøken.
På Fjellestad Gardskjøken har Kari-Ann Fjellestad, mor til bonde Egil Fjellestad, i 35 år produsert gombe. No produserer dei 11 tonn med denne delikatessa til markanden i Nordfjord og Sunnfjord.
Når Kari-Ann no gjer seg som gombekoker vil sonen føre denne tradisjonen vidare og vidareutvikle den og ha den som ein tilleggsproduksjon.Turen over fjellet fra Lotsstøylen til Skauset er på knappe 11 kilometer. Første del av turen går på grusvegen som går til Sagtindane/Høgefjellet. Ein vinn fort høgdemeter, ein må berre huske på å snu seg å sjå på utsikten.
Her ser ein  Hestenesøyra, Skjerdalen, Hyeneset, Skeistanda med fjella Skjerdingane som bakteppe.Terrenget er åpe og fritt med lite vegetasjon. Når ein er komt så langt at ein ser tv-masta på Sagtindane/Høgefjellet, ved ca 900 moh, tek ein til høgre ut av grusvegen og går i terrenget uten rås mot høgaste punktet. Da får ein fantastisk utsikt til begge sider av fjellet. Der er to små skar på turen innover fjellet. Går ein litt på sørsida er dei enkle å forsere. Fra høgd 941 moh og innover Seilsfjellet mot Holtane er det nydeleg terreng. Fast fjell og lav vegetasjon med innslag av små tjern. Utsika mot nord Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet, bygdene og fjella rundt er fantastisk. Det føles som ein er på Norges tak på høgde med alle fjella rundt.På turen innover fjellet, høgt over Tyskebotnen, ser ein mange små vatn nede i dalbotnen. Maragjølvatna, Svartevatnet og Kyrkjesteinvatnet.
Turen vidare går unnabakken og ein tek sikte på kraftledinga som krysser dalen. Der linja krysser elva kjem ein inn på råsa til Maragjølsetra/Rotisetra. Ein fortset da på venstre sida av elva i tydeleg rås til setra.Langs råsa er det oppmura med stein enkelte plasser. Det var kanskje for å lede dyra vekk slik at dei ikkje reiste ned i gjølet. Når ein er komt nesten til Maragjølsetra/Rotisetra er der ei rås til høgre. Går ein den eit lite stykke ned bakken får ein eit glimt av sjølve Maragjølet.
     Maragjølsetra/Rotisetra er setra til gardane på Roti. Dei leigde setregrunn og beita av gardane på Skauset. Det er mange sel på setra, og fleira av dei hadde fjøs i underetasjen.
Fra setra ser ein gardane på andre sida av Hornindalsvatnet, Aasebø og Frislid. Fjella bak er Sunndalsnibba og Eidskyrkja.
Turen vidare går i setreråsa til ein kjem til skogsvegen som går ned til Skauset. Fra Maragjølsetra/Rotisetra er det enkelte plasser nydelege utsiktspunkt, som her ved dei to hyttene som ligg heilt på kanten.
På vegen ned bakkane går ein forbi Neresetra. Eit flott gammalt toetasjes sel. Kanskje har det vore brukt som vårseter.
     
Råsa ned fra Maragjølsetra og Neresetra er tydeleg i terrenget og ein kjem etterkvart ned på skogsvegen. Denne skogsvegen er ikkje bomveg og ein kan køyre opp til dei store snuplassane. Gode parkeringsmoglegheiter om ein vil parkere ein bil der til ein er ferdig med turen.
    
Fra parkeringsplassen, som ligg på ein lunneplass ovanfor garden på Skauset og til der råsa starter er det ca 1.5 km.Denne turen fra Lotsstøylen til Skauset er ca 11 kilometer.
Kart over turen finn ein på Ut.no: Lotsstøylen – Marajølsetra – Skauset.

GOD TUR!!!

Kjellstaddalen

Kjellstaddalen er ein sidedal til Langedalen som går fra Møre grense og nedover mot Hellesylt. Eg var spent på korleis det såg ut i denne uutforska dalen og eg vart ikkje skuffa. På kartet kunne det sjå ut som at det var mykje myr og vått terreng, men turen gjekk på flott traktorveg og på rås.

Utgangspunktet for turen er ved Trondstad grendahus. Den største utfordringa på turen var å finne avkjørsla til grendahuset. Men den finn du når du er omlag midt på Trondstadflatene. Avkjøyring mot elva. Ved grendahuset er der stor parkeringsplass.

Turen inn dalen seier seg sjølv. Utgangspunktet er å gå over brua  som krysser Langedalselva og holde til venstre. Som ein kan sjå av skilt i vegkanten er dette også eit naturleg utgangspunkt til Kvitegga, eit populært turmål  for vårskitur. Det er også mogeleg å gå på Hornindalsrokken fra Kjelstaddalen. Dette blir ein lengre tur enn å gå fra Hornindalssetra,
   
Etter å ha passert brua held ein til venstre og kjem inn på privat veg. Garden Kjellstad ligg på bakketoppen. Markene rundt blir brukt som beite så her kan ein få  nærkontakt  med sauer.  Sjølv om det ikkje var direkte sommerveir den dagen eg gjekk turen, fekk eg likevel ein god sommerfølelse. Dyr på beite, bjølleklang, sauelort i vegen og den gode lukta av alle blomstrane. Og så var det så stille og fredeleg inn dalen.
Når ein kjem opp mot garden får ein fin utsikt over gardane i bygda Trondstad, Trondstaddalen og fjella bak. Rv 60 går rett gjennom bygda og ein suser fort forbi, men det er absolutt verdt å stoppe på. Det er fleire turalternativ på begge sider av riksvegen.Ved inngangen til Kjellstaddalen ligg Føkhauen. Ein gammal fråflytta gard der tuntreet fremdeles står stødig. På denne garden budde Ole Kjellstad, ein kjent spelemann.
  
Traktorvegen inn dalen er berre heilt fantastisk å gå på. Her kan ein ta med barnevogn og  sykkel. Traktorvegen går heilt til Tverrgarden. Siste stykke til setra går på rås. Heile turen til setra er slak å fin med ei stigning knappe 200 høgdemeter. Ein går langs elva heile turen. I snøsmeltinga er det mykje vatn, og elva kan derfor være stri og farleg somme plasser, andre plasser roleg og idyllisk. Ein kan også finne fine teltplasser med moglegheiter for å bade.Turen fra grendahuset til Tverrgarden er ca 3,5 kilometer. Ved Tverrgarden har Sunnylven il trimpost. Her står det også eit bord og benker og det er ein fin plass å ta pause.

Ved Tverrgarden var det tidlegare  ein steingard tvers over dalen.  Terrenget innafor steingarden, mot dalbotnen, vart brukt til oksehamn til stamokser. Det var slutt med oksehamn på 50-talet.
Fra Tverrgarden går turen vidare  i tydeleg rås. Det er også laga til bru over Tverrelva.

  
Like forbi trimposten ved Tverrgarden byr Kjellstaddalen på eit artig naturfenomen, nemleg den såkalla “Kokartjønna”. Det sydar og boblar i sandbotnen på tjørna på grunn av vatn som blir pressa opp. Kvite sandkorn på storleik med risengryn kvervlar rundt. På tur til og frå Hornindalsrokken går ein forbi dette naturfenomenet, og på folkemunne blir det sagt at det er “Rokkekjerringa” som kokar risengrynsgraut.
  
Halvveis fra Kokartjønna til Kjellstadsetra går ein forbi ein stor flat stein. Dette er Skjørsteinen. Denne steinen vart brukt som «melkehavn». Dei på setra bar melkeskjøret til steinen og folk fra bygda kom opp dit og henta skjøret.

Turen vidare inn dalen går i rås og småskog. Etter 5,5 kilometer er ein framme ved den nedlagde Kjellstadsetra. Dette er setra til gardane på Kjellstad. Setra ligg på andre sida av elva i forhold til råsa og kan være vanskeleg å kome seg over til setra når det er mykje vatn i elva. Tida har viska ut dei fleste spora etter setra.  I dag finst det berre tufter etter eit bygg, i tillegg til ein haug med stein som truleg stammer frå tidlegare bygningar. Øverst på vollen kan ein så vidt sjå restar etter eit steingjerde, men dette er i stor grad inngrodd i dag.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Kjellstaddalen

GOD TUR!

Den Trondhjemske postvegen i Langedalen

Den Trondhjemske Postvegen mellom Bergen og Trondheim er full av kulturhistorie. Det er heldigvis enda råd å finne traseer som er inntakt.  Eg har tidlegare skreve om strekningane over Utvikfjellet, Faleide – Markane, Kjøs – Svor og turen over Ljøbrekka.
Fra Groås til Møre grense er det berre korte traseer igjen. Men når ein nærmer seg Hellesylt kan ein finne ein litt lenger trasee av postvegen mellom Fjelltun og Tryggestad.
Utgangspunktet for denne turen er ved Karbø.  Like over brua, som går til gardstunet, er det mogelegheiter for parkering ved starten på ein flott skogsveg.
Ein går eit stykke i skogsvegen før ein kjem inn på postvegen.

  
Grinda ved skogsvegen må alltid latast att. Skilt ved grinda fortel om andre turalternativ i området. Skogsvegen er utruleg fott å gå.  Denne turen som eg beskriv her er ca 5 km og med ei stigning på ca 150 høgdemeter. Etter ca 1 kilometer på skogsvegen kjem ein til Den Trondhjemske postvegen. No kan ein velje om ein vil gå til høgre eller venstre. Postvegen går begge vegar, og vil ein gå heile denne stubben av Den Trondhjemske postvegen anbefaler eg å ta til venstre først. Da går du det stykket som det er mest stigning på, og som er i dårlegste forfatning. Denne traseen fra krysset ved skogsvegen og til Fjelltun, som det heiter der postvegen møter riksvegen igjen, ligg i myrlendt terreng. Ein kan sjå at det har blitt utført ein del grøftearbeid dei siste åra. Men sjølv om traseen ligg myrterreng er der likevel godt å gå. Og ein ser tydeleg spor i terrenget at der har vore vegtrasee.
    
Langs traseen kan ein nyte lyden av elvesusen av Langedalselva og ein kan skimte steile fjell i Nibbedalen. På bildet under ser ein tydeleg Fivelstadnibba.Like før ein kjem opp til riksvegen ved Fjelltun er der bord og benker så her er det mogelegheiter for å ta ein pause og eventuelt nyte medbrakt.Ved Fjelltun snur ein og går same vegen tilbake til krysset ved skogsvegen. For å få med seg den finaste delen av postvegen må ein ta turen heilt til Tryggestad. Da går ein rett fram fra skogsvegkrysset. Ein går no i anna type terreng og vegen er enda tydlegare der den ligg tørr og fin. I bakgrunnen på bildet ser ein Bjørnstigfjellet 1141 moh.Be med ein heil gjeng , fyll sekken med mat og dekk opp til heile gjengen på dette langbordet som står like ved vegen.Når ein nærmer seg Tryggestad må ein krysse Langedalselva. Det er enkelt for her har det blitt utført restaureringsarbeid på Hjellbrua, så ein kan går trygt over. Også her i skogkanten står det bord og benker. Etter å ha kryssa elva ser ein opp til riksvegen. Da er det slutt på dette stykke av postvegen og turen går tilbake til krysset ved skogsvegen og tilbake til parkeringa ved Karbø.Denne turen kan også gåast på ein anna måte. Fra parkeringsplassen ved elva kan ein gå opp i tunet, vidare opp og til høgre. Ein kjem da inn i lysløypa. Følg den til endes og ta av til høgre og ned i skogen. Finn råsa og brua over elva. Følg traseen til ein møter postvegen. Følg turen vidare som eg har beskreve over. 

Kart over turen finn ein på Ut.no: Den Trondhjemske postvegen i Langedalen
GOD TUR!!!

 

 

 

 

Ytre Hennestøylen i Hennebygda

Turen til Ytre Hennestøylen er ein av dei finaste støylsvegane eg har gått. Første del av turen går på fin skogsveg, men etterkvart  kjem ein inn på den fine støylsråsa.
Turen til støylen er ca 2 kilometer og har ei stigning på ca 400 meter.
Utgangspunktet for turen er på ein lunneplass mellom idrettsbana i bygda og ei smal bru på Fv 698.
  
Når ein parkerer på lunneplassen må ein passe på at ein ikkje står i vegen for eventulet arbeid på plassen. Ved starten av skogsvegen er der grind og tavle med oppslag og kart over området  og andre turforslag.    
Ein vinn fort høgdemeter og utsikt over Utfjorden mot Ryssfjøra og Føleide. Ein får også eit glimt inn fjorden mot Olden.Ein føl skogsvegen i ca ein kilometer før ein går over i støylsvegen. Det står eit i vegkanten på høgre side. Råsa er tydeleg og går gjennom granfeltet. Ein kan tydeleg sjå at det har blitt lagt ned eit stort arbeid med å få denne bratte støylsvegen brukande for folk og fe. Det er ikkje så mykje utsikt før ein kjem til setrevollen, men nyt stillheita og den godt tilrettelagde støylsvegen.  
På turen er det moglegheiter for å finne rikeleg med ramsløk.  Ein ressurs som ein absolutt bør plukke med seg heim for matlaging.Etter ca 400 høgdemeter flater terrenget ut og ein kan sjå lysning i skogen. Da kjem ein fram til steingarden som går rundt setrevollen. Når ein nærmer seg støylshusa får ein sjå ein fin og velstelt støyl med fantastisk utsikt.Setrehusa og fjøsane på støylen er godt vedlikehaldne og det er koseleg å vandre rundt på setrevollen og ta inn stemninga. Om eg ikkje talde feil så er der sju sel og to fjøser.Utsikten fra støylen er fantastisk og ein ser innover fjorden mot Kvalen, Tvinnereim og Faleide. På sørsida av fjorden kan ein sjå Hyenfjella, Sydstranda og Ryssfjøra.

Kart over turen finn ein på Ut.no:Ytre Hennestøylen

GOD TUR TIL SETERS!!!

Gytrifossen i Oldedalen

På veg gjennom Oldedalen ser ein mange ville fossefall. Fossande strøymer i vill dans mot havet; det er som om vatnet har det svært så travelt etter fleire hundre års binding som is. Ein av desse fossane er Gytrifossen. Den ligg gjøymt bak i Gytridalen, mellom Rabbfjellet og Yrinibba, og med Myklebustbreen som utgangspunkt.

Nede ved Oldenvatnet ligg det  campingplasser på begge sider av elva. Gryta Camping ligg lengst nord og Olden Camping Gytri ligg lengst sør. Fra begge campingplassane har ein flott utsikt til fjella og breearmane i dalen.

Det er fin tursti på begge sider av Gytrielva og bak gjennom dalen. Går ein opp på nordsida kan det være vanskeleg å nå heilt fram til Gytrifossen. Da ender råsa ved Storesteinen. Fra gammalt av var der rås til Nedreholten. Usikker på om den er rydda og om ein finn den no. Fra Nedreholten er det fin utsikt både oppover og nedover dalen.

Eg vil skrive om turen til Gytrifossen med utgangspunkt fra Olden Camping Gytri.  Der står skilt ved oppkjørsla til gardsvegen. Parkering er mogeleg på plassen ved gapahuken. Plasser bilen mest mogeleg i utkanten av plassen.Første del av turen går på gardsveg, fra campingplassen til tunet. Der i fra er det skilta mot Gytrifossen og turen går vidare på skogsveg og i beite. Etter eit stykke er der er fleire vegar som kjem i hop, denne turen held til venste opp bakkane.
  
Det langstrakte Oldenvatnet blenkjer der nede i dalbotnen og speglar ein natur som av mange blir omtala som Norges vakraste.  Gytridalen er trang og det er berre enkelte plasser ein får eit glimt av vatnet. Nyt stillheita og elvesusen.Skilt viser at det også er andre turmål i området.

Turen fra campingplassen til Gytrifossen er ca 2 kilometer lang og har ei stigning på ca 450 meter.  Stien er delvis merka med raudmåla trelegger og steiner. Stien er stedvis bratt og det er ein fordel å gå den når det er tørt i terrenget.Her ser ein Gytrifossen eit stykke bak i terrenget. Rabbfjellet 1432 moh til høgre for den. Myklebustbreen ligg like bak.Bildet over er tatt ein augustdag i 2016.
Bildet under er teke i slutten av mai og det er da enda mykje snø i elveløpet under fossen. 

Kart over turen finn ein på ut.no: Gytrifossen i Oldedalen

GOD TUR OG NYT STILLHEITA OG ELVESUSEN.

Rognnessetra ved Hornindalsvatnet

Rognnessetra høyrer til gardane på Rognnes ved Hornindalsvatnet. Der er fire bygninger på setra no, men ein kan sjå av gamle murar i terrenget at  der har vore fleire bygningar i tidlegare tider. Setra ligg slik til at den er vanskeleg å sjå da skogen,med store grantre, veks tett inn på setrevollen. Ein har likevel eit flott utsyn over Hornindalsvatnet rett bak sela. Her som å mange andre plasser er setreråsa avskoren av skogsvegar.
Denne turen starter vest for garden Rognnes og går første stykket på skogsveg. Det er god plass til å parkere bilen ved utgangspunktet. Da eg gjekk turen, ein gråveirsdag  i februar, bar skogsvegen preg av teleløysing.
  Utgangspunktet like vest for garden Rognnes.
Denne skogsvegen, Hamrevegen, vart bygd i 1987 og er vel 1,5 kilometer.
  
Utsikten fra skogsvegen er flott sjølv på ein regnfull februardag. Og sjølv om denne skogsvegen ligg tett på RV15 er de stille og fredeleg oppe i lida. På andre sida av Hornindalsvatnet ser ein Heggjabygda og Strand.Det er mykje rart ein kan sjå ute i terrenget om ein tek seg tid og ser seg rundt. Skal sei eg skvatt da denne «skapningen» dukka opp ved sida av vegen.
  Skogstrollet
Skogsvegen går enkelte plasser gjennom granfelt. Da blir utsikten sjølvsagt dårleg, men stillheita og roa er absolutt tilstades. Berre å nyte.Enkelte plasser får ein utsikt. Her ser ein mot Furefjerding, Navelsaker, Otterdalsnakken og lengst til høgre Gløvrefjellet og  Ytrehornsnakken.Der skogsvegen slutter kan ein sjå den fråflytta garden Fletene.
No går turen vidare i rås. MEN ein skal ikkje gå den tydelege råsa langs steinmuren!! Ein tek råsa som går motebakka. Den er ikkje merka og heller ikkje så tydeleg, men likevel går det fint å følge den. I granfelta må ein være ekstra påpasseleg da det er lett å ta feil retning.   Råsa går på kanten til elva Såta.Vidare fra denne utelada går råsa i granfeltet mellom nokre enorme grantre. Framme på setrevollen kan ein nyte den totale stillheita og utsikta.  Gamle fjøsmurer.
    

Turen til Rognnessetra er ca 3 kilometer og har ei stigning på ca 300 høgdemeter.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Rognnessetra ved Hornindalsvatnet.

GOD TUR!!

Svarstadveten og Vetestova

Turen til vetestova og Svarstadveten er ein enkel tur. Ein tur som er fin som treningstur eller ein tur der ein kan rusle og finne roen.  Fra utgangspunktet til Veten, som den blir kalla i daglegtalen, er det ca 2 kilometer. Turen går på skogsveg og sti. Høgdeforskjellen fra utgangspunktet, ved setrevegen, til Veten er ca 300 meter.Sidan sist eg var her har det vore store skogsmaskiner i drift for å ta ut mengder med granskog. Eg var derfor spent på om skogsvegen var inntakt. Og eg vart ikkje skuffa. Skogsvegen var fin å gå på og for ein utsikt det hadde blitt. No ser ein Stryn sentrum og heile Strynebygda heilt til Oppstrynsvatnet og bygda Flo med Rinddalshyrna, 1677moh, bak.
  
Utgangspunktet for turen er ved setrevegen som går fra Vinsrygg til Tverrfjellet. Denne vegen er bomveg så ta med penger og løys billett eller parker og gå dei få hundrede meterane (ca 700m) til Klype der skogsvegen starter. Det er tydelege skilt ved vegen.
Ein har ikkje gått langt før utsikten er heilt fantastisk. Ein ser bla.  fra venstre Gryta (1032 moh), Høgefjellet (1138moh), Rinddalshyrna (1677 moh), Årheimfjellet (1007 moh), Meleinsnibba (1007 moh).
  
Første del av turen går i skogsveg. Og når granfeltet tettar seg til att rundt vegen tek ein til venstre og går over i sti. Ein fortset å gå i granfelt, med tydeleg og merka sti, opp bakkane. Granfelt kan være travelt, men det har sin sjarm også.
  Når ein kjem ut av granfeltet tek furuskogen over. Store flotte furutre med fine plasser å ta pause på. Som her ved desse to steinane. Ypperleg plass for ein rast.Etter at ein har passert desse steinane kjem ein til eit stidele. Det er skilta til Klokkholjølet. Dette er eit jøl/fordjupning i terrenget som går nedover.
Etter ei kneik på ruta kjem ein til ei stor myr/flate. Veteflata. Og fram på myra ligg den nye vetestova. Det er ikkje lenger mogeleg å finne spor i terrenget etter den gamle vetestova, men den låg i området der den nye vetestova er sett opp. Dagens vetestove er oppført av ein ivrig dugnadsgjeng fra Bergsida i 2001.

Denne veten var eit ledd i eit landsomfattande militært varslingssystem av liknande vetar, omlag 1000 i alt. Dei var plasserte i ei rekkje langs svenskegrensa og langs kysten, slik at dei var godt synlege for flest mogeleg, og slik at ein kunne sjå frå den eine til den andre. Vart krigsskip eller framande hærstyrkar observerte, skulle veten tennast, og vetevakta på neste vete skulle tenne sin. Slik kunne landet mobiliserast i løpet av 7 døgn. Det var svært raskt, langt raskare enn nokon angrepsstyrke kunne flytte seg. Langs kysten stod vetane tett, og med varierande høgde over havet, for å få signalet sikkert fram om det var dårleg sikt lågt nede, eller i høgda.

Bergsideveten/Vinsryggveten er ein vete som har sin forgreining fra Takloveten vest for Eid. Fra Takloveten vart signala sende til Dimma vest for Utvik, vidare til Ulvedalsveten på Fjelli og vidare til veten ovanfor Vinsrygg. Fra denne veten gjekk signala i to retningar. Ein mot Huaren på Auflemfjellet og ein mot Skåråsen i Oppstryn som igjen sende mot Veten i Hjelledalen.Denne nye vetestova er flott tillaga og ein ypperleg plass for å ta ein pause. Vetestova er ikkje låst og på eit oppslag på veggen kan ein lese om at ein er velkomne til å nytte vestestova. På plakaten er der åtte punkt som bør lesast og respekterast.
  
  
På veggane og på bordet finn ein informasjon om arbeidet med bygginga av vetestova og om varslingssystemet.Ved vetestova kan ein absolutt finne roen. Ikkje den storslagne utsikten, men stille og fredeleg. Berre fuglane som held ein med selskap.Det er tillaga med benker på fleire sider av vetestova, så her er mogelegheitene mange for å ta ein rast.Turen vidare til Svarstadveten går nord over. Terreng blir meir myrlendt, men stien er tydeleg over myrane og er merka med raude måla stikker.
  
På mange offisielle kart og nettsider blir høgda der tv-omformaren står kalla Svarstadveten. Fra gammalt av er det rette namnet  Gamle Vetebakken, og det er truleg her den eldste veteplassen har vore.
Stryn T&IL har trimbok som er plassert på bygningen ved tv-omformaren.Ta turen vestover fra bygningen og få flott utsikt i alle himmelretninger. Ein ser fra Oppstrynsvatnet til Hornindalsvatnet og alle fjella rundt.

Kart over turen finn ein på ut.no: Svarstadveten og vetestova

GOD TUR!!

Revjehornet på Stadlandet

Revjehornet er ei havklippe på nordsida av Stadlandet. Toppen rager 426 moh og har fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Ein ser resten av Stadhalvøya, innover Vannylvsfjorden, nordover Søre Sunnmøre og i vest mot Stadhavet.  Namnet har havklippa fått på grunn av revjene som er i klippa. Desse er særleg godt synleg fra sjøsida.
På bildet over ser ein Revjehornet som det høgaste punktet til høgre. Bildet er tatt fra stranda før tettstaden Leikanger.
Har ein tatt turen til Stadlandet anbefaler eg også ein tur til Tungevågen og  Eltvik.  Vegen vestover fra Leikanger til Borgundvåg og Tungevåg vart opna i 1936.  Vegen vidar til Eltvik vart opna i 1959. Statens Hamnevesen såg det da som tjeneleg at Eltvik-folket fekk tilgang til den lune hamna i Borgundvågen i staden for å bygge eit kostbart hamneanlegg i Eltvik. Vegen er smal , kronglete og veldig fasinerande men godt framkomeleg. På skilt langs vegen er det anbefalt å ta turen til Eltvika berre i dagslys.

Bildet over er tatt på Storeneset og her ser ein Revjehornet fra vest.

På Storeneset bygde tyskarane i 1942 eit kystfort med seks franske feltkanoner og fleire mindre kanoner for nærforsvar og luftvern.

Formålet med kystfortet var å sperre innløpet til Vanylvsfjorden, men også å sikre eigne skip og konvoiar i Vanylvsgapet. På neset er det restar etter stillingane til dei seks store feltkanonene, med tilhøyrande ammunisjonsrom og dekningsrom. Her står fleire grunnmurar igjen etter brakker og stillingar for mindre kanoner. Gjennom toppen av neset er det sprengt ut ein tunnel frå standplassen til 5. kanon og til ei forlegningsbrakke i andre enden. Eit stort område var inngjerda med piggtråd, og det var lagt ut 2.456 landminer. Kystfortet vart rydda og lagt ned like etter krigen. Kanonene vart selde som skrapjern, men framleis ligg bakre halvdel av kanonrøyret igjen i kanonstillingane. Kanonene var av same type som dei to som står igjen i Florø. (kilde: Fylkesarkivet)

Turen som blir skreve om her går fra høgaste punktet på vegen fra Borgundvåg til Tungevåg. Parker ved ei gammal grushole.
Stien er ikkje så tydeleg i starten, men terrenget er åpe og lett å lese.
Gå opp langs den gamle tilhengaren som står ved grushola og vidare opp på høgda bak den. Etter kvart blir  det fin utsikt over Tungevågen.
Tungevågen er ein saltvasspoll som er ein trekk- og overvintringslokalitet for vassfugl. Stadhavet er eit av dei mest verharde kystområda i landet og  i uversperioder har det vist seg at Tungevågen har ein særleg viktig funksjon for fugler som havelle, ærfugl, svartand og skarvar som søkjer ly i området. Årleg overvintrer 10-20 songsvaner i dette området.På første del av turen er det lite merking. Ein kjem opp langs eit gjerde og går over nokre småmyrar og lyngbakkar. Ein må finne ein nedgang for å kome forbi nokre hamrar. Gå litt i retning nordaust fra gjerde.Etter at ein har passert hamrane og gått over ei stor myr skal ein ta opp glenna til venstre på bildet. Etter det er stien merka med små varder og raude stikker. Stien ligg fint i terrenget og føl formasjonane i fjellet. På ein plass kan ein kome i stuss. Det er ein plass stien deler seg, der held ein til venstre.Underveis på turen har ein heile tida flott utsikt. På bildet under ser ein nedatt til Tungevågen med spesiell grønn farge på havet.  Terrenget er lett å gå i og stien er tydeleg etter første 300-400 meterane. Små vardar viser at ein er på rett veg.Utsikten taler for seg sjølv. Fantastisk. Den dagen vi tok turen var havet blått, himmelen var blå, vinden var still og temperaturen var god. Det er berre å setje seg ned og nyte utsikten i 360 grader.
Eit tips: Ta med kikkert.
Her ser ein bl.a vest i Stadhavet, resten av Stadhalvøya, Måsevatnet, Storeneset, Eltvika, Varaldsfoten 397 moh.

Turen til Revjehornet er 2,5 kilometer og toppen ligg 426 moh.
Der er også ein sti som går fra vegenden i Borgund. Den stien er merka med raude stikker og er ein brattare tur. Om ein vil kan ein lage ein fin rundtur med å kombinere desse to rutene. Stiane går i hop siste stykke på toppen av Revjehornet.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Revjehornet på Stadlandet

GOD TUR OG NYT HAVLUFTA!!

« Eldre innlegg Nyere innlegg »

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑