Turen til Ytre Hennestøylen er ein av dei finaste støylsvegane eg har gått. Første del av turen går på fin skogsveg, men etterkvart  kjem ein inn på den fine støylsråsa.
Turen til støylen er ca 2 kilometer og har ei stigning på ca 400 meter.
Utgangspunktet for turen er på ein lunneplass mellom idrettsbana i bygda og ei smal bru på Fv 698.
  
Når ein parkerer på lunneplassen må ein passe på at ein ikkje står i vegen for eventulet arbeid på plassen. Ved starten av skogsvegen er der grind og tavle med oppslag og kart over området  og andre turforslag.    
Ein vinn fort høgdemeter og utsikt over Utfjorden mot Ryssfjøra og Føleide. Ein får også eit glimt inn fjorden mot Olden.Ein føl skogsvegen i ca ein kilometer før ein går over i støylsvegen. Det står eit i vegkanten på høgre side. Råsa er tydeleg og går gjennom granfeltet. Ein kan tydeleg sjå at det har blitt lagt ned eit stort arbeid med å få denne bratte støylsvegen brukande for folk og fe. Det er ikkje så mykje utsikt før ein kjem til setrevollen, men nyt stillheita og den godt tilrettelagde støylsvegen.  
På turen er det moglegheiter for å finne rikeleg med ramsløk.  Ein ressurs som ein absolutt bør plukke med seg heim for matlaging.Etter ca 400 høgdemeter flater terrenget ut og ein kan sjå lysning i skogen. Da kjem ein fram til steingarden som går rundt setrevollen. Når ein nærmer seg støylshusa får ein sjå ein fin og velstelt støyl med fantastisk utsikt.Setrehusa og fjøsane på støylen er godt vedlikehaldne og det er koseleg å vandre rundt på setrevollen og ta inn stemninga. Om eg ikkje talde feil så er der sju sel og to fjøser.Utsikten fra støylen er fantastisk og ein ser innover fjorden mot Kvalen, Tvinnereim og Faleide. På sørsida av fjorden kan ein sjå Hyenfjella, Sydstranda og Ryssfjøra.

Kart over turen finn ein på Ut.no:Ytre Hennestøylen

GOD TUR TIL SETERS!!!