Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

År: 2017 (Side 3 av 3)

Kyrkjhornsetra – Sætrehornet – Lønnsetra

Rundturnen Kyrkjhornsbakkane – Kyrkjhornsetra – Sætrehornet – Lønnssetra – Kyrkjhornsbakkane er ca 9 kilometer.  Høgdeforskjellen er på ca 700 meter.
Denne turen går på flott skogsveg fra utgangspunktet ,som er ved ein parkeringsplass øverst  i byggefeltet i Kyrkjhornsbakkane. Skogsvegen går heilt til Kyrkjhornsetra. I alle kryss er det skilta så det er ikkje vanskeleg å finne fram og det er angitt kor langt det er til andre turmål i området.
  
Kyrkjhornsetra ligg fint til i lida ved inngangen til Kyrkjhorndalen. Mange fine små sel og fjøser. Det er synd at skogen har vokse så til. Utsikten fra setra hadde vore fantastisk om det hadde vore tynna litt.Her på setra har Hornindal i.l trimpost og her kjem ein inn på traseen for ultraløpet Hornindal Rundt.  Turen vidare føl traseen til Hornindal Rundt og går på råsa som er tydeleg merka med kvite merker på steinar og treleggar. Råsa går no opp bakkane og over ei bru. Rett etter brua tek ein til høgre inn skogen.  Enkelte plasser får ein eit glimt av utsikten gjennom skogen.  Her ser ein så vidt Hornindalsvatnet og Kjøsahammaren. Råsa flater no litt ut og det blir meir luft mellom treleggane. Det er nydeleg rås å gå i, stilt og fredeleg, berre fuglesang og elvesus.
  
Ein krysser Kyrkjhornsdalen der traseen til kraftlinja går. I dette partiet er det litt myrlendt, men råsa er  likevel tydeleg i terrenget. På bildet ser ein Sætrehornet, Storehornet og Gulkoppen.
Sætrehornet er ikkje så markant fra denne vinkelen. Ser ein det fra nord- nord/aust blir den veldi markant.Bildet under er tatt der kraftlinja går ned til Tomasgard. Returen på denne turen går om Lønnssætra. Fra Sætrehornet og tilbake til kraftlinja blir turen den same som ein gjekk opp.  For å kome til Lønnsetra går ein råsa rett fram mot Hornindalsvatnet. Ein kan også gjere turen kortare og droppe Sætrehornet, berre runde av mot Lønnssetra.Sætrehornet 852 moh. med utsikt til deler av bygda langt der nede. Ein har også fin utsikt til fjella mot Møre, Blåbrehornet, Rokkekjerringa, Hornindalsrokken og Kviteggja.Vestover ser ein bla. Middagsfjellet, Glitereggja, Hornindalsvatnet, Navelsakerfjellet og Gløvrefjellet.På returen for denne rundturen går ein råsa tilbake til der kraftlinja krysser Kyrkjhorndalen. Vidare føl ein råsa rett fram retning Hornindalsvatnet.  Råsa er tydeleg og fin, men ikkje merka.

  
Her har naturen laga til kvilestol. Plass til fleire. Berre å prøve.Lønnssetra er setra for gardane på Lødøen. Rundt 1920 var det 30 melkekyr på setra. Det har vore to fjøsar, ein som var bygd av stein og ein av tre. ingen av fjøsane står no. Det har vore berre eit sel på setra og budeiene var samla der. Det var løypestreng til setra. Den vart brukt å  sende høy, lauvkjerr og blåbær heim til garden. Mjølka bar dei heim.
Det var slutt på setring på setra ca i 1944.
Selet er restaurert og like i nærheita kan ein sjå murane etter ein stor fjøs.
Råsa fra Lønnssetra går flatt ut fra setrevollen og fortset sørvest over. Råsa er tydele og merka. Etter ca 600 meter kjem ein nedatt på skogsvegen. Her har ein to valg. Ein kan gå same vegen som ein kom opp tilbake til Kyrkjhornsetra eller berre gå den skogsvegen som ein er komt ned på.  Begge alternativa fører til parkeringsplassen  i Kyrkjhornsbakkane
  

Kart over turen finn ein på Ut.no: Kyrkjhornssetra-Sætrehornet-Lønnssetra

GOD TUR!!!

Gamle Kvalheimsvegen på Vågsøy

Bygda Kvalheim ligg på sørsida av Vågsøya. Bygda kan sporast langt tilbake i tid og er nevnt i kjelder så tidleg som på 1300-talet. Fiske og jordbruk var viktigaste leveveien som i dei fleste andre bygdene ved kysten.  Det var vanskelege hamneforhold i Kvalheimsvika og hamna kunne stort sett  brukast berre i godvær. På slutten av 1940-talet vart det bygdt ny landingsplass for Kvalheim, Storbåtjølet. Dette var stor framgang for fiskarane på Kvalheim, sjølv om også denne hamna er veldig væravhengig.
Selje kommune, som Kvalheim høyrde til da, løyvde i 1870 pengar til veg til bygda. Kvalheimarane måtte ta på seg ein stor del av kostnadane med vegbygginga, anleggsarbeidet og vedlikehaldet av vegen. Vedlikehaldet var spesielt krevjande om vinteren når det var snøveir og vegen bles att.
Denne dugnaden heldt på heilt fram til 1960-talet.
Med stadig større busser og lastebiler vart det behov for betre veg og i 1965 vart nye vegen lenger oppe i fjellsida teken i bruk.

Etter fleire år med igjengroing og utvasking av gamlevegen sette ein gjeng med eldsjeler i gong med dugnadarbeid. Med stor dugnadsinnsats fra folk i bygdene Raudeberg, Vedvik, Refvik og Kvalheim vart gamlevegen nyopna i 1998, no som trim og rekreasjonsløype.Utgangspunktet for turen er Hagen ved austsida av Refvikvatnet. Der er stor parkeringsplass, men parker ikkje framfor garasjaneportane. Starten på vegen seier seg sjølv med den flotte smijernsporten som er sett opp. Denne gamle vegen er godt vedlikeholdt med grus og den ligg fint i terrenget. Fleire plasser langs vegen og vatnet er det laga til med kvileplasser. Her er det fint å sitje og har ein niste i sekken er det berre å benke seg. Det er viktig at ein tek med seg alt søppel når ein forlet plassen.Når ein går langs den gamle vegen ser ein den nye vegen lenger oppe i fjellsida. Mange køyrer denne vegen for å kome seg til bygdene Kvalheim og Kråkenes. Vil ein besøkje Kråkenesfyr køyrer ein også over Kvalheimsfjellet.Refvikvatnet er naturreservat og dette vatnet er ein såkalla strandsjø som er oppdemt av lausmassar frå havet. Vatnet har stor verdi som trekk- og over vintringsplass for andefulg og vadefugl. Det er registrert 44 artar av våtmarksfulg i dette området.

Den gamle Kvalheimsvegen går parallelt med vatnet eit godt stykke. På bildet kan ein også så vidt skimte bygda Refvik og havet. Den høgaste toppen ein ser til venstre på bildet er Traneberget 418 moh. Ein fin tur å gå på om ein vil gå litt lenger enn den gamle vegen.Her ser ein tilbake mot Hagen, bebyggelsen øverst på Raudeberg og fjellet Vadefjellet som er 288 moh. Ved den store steinen på bildet er der trimpost. Det er laga til med i alt 5-6 kvileplasser langs vegen. Her kan både gamle og unge gå tur og gå så langt som ein har lyst og eventuelt setje seg ned og vente på dei som vil gå lenger.Den gamle vegen har lite stigning før ein kjem til Reinurda. Der starter stigninga og vegen slynger seg opp fjellsida i fleire hårnålsvingar. Arbeidet på desse svingane, som er flott oppmura, var fordelt på gardbrukarane på Kvalheim. Frå gammalt av var det tre bruk på Kvalheim, Ytre Kvalheim, Myhre og Indre Kvalheim.
Kvalheimsvingane som vi ser dei i dag stod ferdig i 1932.
Her ved Myresvingen har ein fin utsikt mot bygda Refvik, den populære badestranda Refviksanden og stor havet.Ved Refviksvingen står eit oppslag om ei nifs hending som skjedde ein stormdag i 1961.  Heldigvis enda det godt.Ti år etter at kommunen løyvde pengar var vegen fra Hagen til bøgarden på Indre Kvalheim ferdig. Det er sett opp ei steinstøtte med årstalet innrissa. Denne støtta står nær bilvegen og parkeringsplass som er opparbeida. Så vil ein gå turen motsatt veg er det moglegheiter for det.

Denne turen på gamle Kvalheimsvegen er 2,3 kilometer og med ei stigning på ca 150 meter.

GOD TUR, NYT DET FLOTTE TERRENGET UT MOT HAVET!!!

Skjåstadsetra – Saurssetra – Bjørkesetra i Sledalen

Vi har utruleg mange skogsvegar rundt om i distriktet vårt og i landet ellers. Studerer ein kart kan ein finne flotte turområder for små og store som ikkje er så vanskelege å nå.

Ein slik tur er turen til Sledalen, ein sidedal til Skjåstaddalen i Ørsta kommune.
Utgangspunktet for turen er ved garden Skjåstad, på veg til Bjørke. Som ein ser av bildet er det tydeleg merka fra hovudvegen. Skogsvegen som går inn i dalen er fin å gå på og stigninga er ikkje avskrekkande. Utgangspunktet ved hovudvegen ligg på ca 50 moh og Bjørkesetra ligg på ca 350 moh.Vegen til setrane er bomveg så om ein har med noken som er dårlege til beins eller ein ikkje vil gå så er moglegheitene der for å køyre til setrane. Det er kjempefint å ta med barnevogn eller sykkel på denne turen.  
Oppe i Sledalen er der dyrkningsfelt på ca 300 mål og ein fellesfjøs for sommardrift.
Mektige fjell reiser seg på begge sider av dalen. Her ser ein Jolhornet på 1409 moh som det høgaste. Her ser ein fjella som ligg mellom Skjåstaddalen og Hornindal. Gjura  1296 moh til høgre.Skjåstadsetra. Her kunne eg ikkje sjå noko av gamle setrehus, men der var det to hytter.Saurssetra. Her var det fem små gamle bygninger. Nokre var restaurerte andre ikkje. Bak setra ligg  Sandeggja, 1390 moh. Til høgre bak Sandeggja, ligg Helvetsvatnet og Helvetesdalen.Bjørkesetra  ligg 362 moh. På Bjørkesetra er det to sel. Like i nærheita ligg også Sledalen fellesfjøs. Skogsvegen går eit stykke forbi Bjørkesetra til enden av dyrkingsfeltet. Der i frå går det sti forbi Storkjelen og til Bakkedalsetra og Bakkedalsvatnet. Bakkedalssetra ligg i same høgde i terrenget som Bjørkesetra.
Fra Bakkedalsetra kan ein gå skogsvegen til Finnes ved Storfjorden. 
Her ser ein Skjåstaddalen mot Bjørke. Turen fra Skjåstad og til Bjørkesetra er knappe 4 kilometer.

Kart på Ut.no: Skjåstadsetra – Saursetra – Bjørkesetra i Sledalen

GOD TUR!!!

Roppehornet ved Flø

Roppehornet ligg rett opp for Flø i Ullstein kommune. Fra toppen er det fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Roppehornet ligg på 412 moh. Turen opp til toppen er enkel og ein går på fin skogsveg nesten heile vegen. Berre dei siste 500-600 meterane går turen på sti. Fra parkeringsplassen til toppen er det vel 4 kilometer.

Utgangspunktet for turen er på Midtflø. Det er skilta fra hovudvegen og ein køyrer opp forbi ein gard til bom. Det er eit populært turområde så det kan bli trangt om plassane på dei tilrettelagde parkeringsplassane, men det går å parkere langs vegen enkelte plasser.
Om ein ikkje vil gå kan ein løyse bomavgift og køyre opp til Roppemarka, eit dyrkingsfelt som ligg ved Indreflødalen. Skogsvegenligg fint i terrenget og det er ikkje problem å ta med barnevogn eller sykkel.
  
Utsikten nedatt til bygda, storhavet og øyane i nærheita er fantastisk. Her ser ein også moloen som ligg like utanfor
Flø Feriesenter.  Dei har hytter og oppstillingsplass for campingvogner og bobiler.Her ser ein Roppehornet  med gardane på Roppe og Indreflø rett under.Skogsvegen deler seg når etter ei stund. For å gå til Roppehornet held ein til høgre og over brua. Vegen går også til Brørvatnet som ligg 333 moh og heilt i botnen på dalen er der dyrkningsfelt. Om ein vil er det moglegheiter for å gå over til Brandal.I krysset på skogsvegen er det skilta til Roppehornet. Ved skogsvegenden er stien tydeleg i terrenget og den er delvis merka med raude stikker.
Der er også sti som går vidare fra Roppehornet til Trollhetta, krysser Uldalen og som går ned til hovudvegen ved Plassen, der det er tilrettelagt med parkeringsplasser. Så det er mogleg å nå Roppehornet også fra den kanten.

Fin utsikten over Rundefjorden mot Runde, Remøya, Leinøya, Bergsøya, Nerlandsøya og Stadlandet.Også innover i landet er det fin utsikt. Langt i det fjerne ser ein snødekte fjelltopper og ein fjordarm.

Når ein er komt på toppen av Roppehornet  må ein ta seg god tid å studere utsikta i alle retningar.
Der er også sti innover mot Trollvasseggja og Breidfjellet.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Roppehornet

GOD TUR OG NYT UTSIKTEN

På skogsveg og strandpromenade i Holmøyane

Ein ny tur er utforska i Holmøyane. Ein rundtur som går på skogsveg og på strandpromenaden langs Hornindalsvatnet. Rundturen er ca 5,5 kilometer og har ein høgdeforskjell på knappe 200 meter.
Utgangspunktet er ved ein lunne plass  like ved krysset som går til Storevik og i nærheita av næringsbygget til Per Røyrhus A/S.
Første del av turen går på  fin skogsveg med mjukt underlag. Vegen ligg slakt i terrenget og ein merker nesten ikkje stigninga.

Enkelte plasser kan ein få litt utsikt. Her ser ein mot Holmøyvika, Bjørnaholmen, Kjøs og Øyenibba/Middagsfjellet. Lenger oppe åpner landskapet seg og ein ser deler av  Hornindalsvatnet, Snøtuva, Otterdalnakken, Otterdal og Ytrehornsnakken.Fleire plasser kan ein skimte bygda der nede, men eg skulle ønske det var rydda litt krattskog.  Denne stubben er uansett flott å sitje på og ta ein pause. Da kan ein også studere på om ein vil følge råsa som går til Inigardsetra eller fortsetje på skogsvegen. Råsa til setra er enkel å finne, men ein finn ikkje anna enn nedramla setrehus.  Von i.l har trimpost der. På kart kan ser ein at råsa går vidare til Inigardshytta og Sætrefjellet (670 moh).
   Krysset der råsa går til Inigardsetra.

Denne turen går vidare på skogsvegen. Etter ca 500 meter kjem ein til eit kryss. Vegen til venstre går til Utigardsetra. Utigardsetra er absolutt verdt eit besøk. Eg har tidlegare skreve om en den turen. Da med start fra Vonlund. Ein kan lese meir her.
For å fortsetje på denne rundturen ta til høgre og unnabakken til grendahuset Vonlund.
 
Stor vassføring i Holmøyelva.
Utsikten utover Hornindalsvatnet med dei flotte holmane , Langholmen og Landholmen er fin sjølv i regn og skodde.
Fra grendahuset Vonlund går ein langs riksvegen (på utsida av autovernet) til Holmøyane Arbeidsskule.
Ved arbeidsskulen tek ein av fra riksvegen og går grusvegen ned til vatnet. Der har garden Holmøy sag og fin uteplass. Vis hensyn for privat grunn. Fra saga er det laga til gangveg langs vatnet inn til  Gjeilefjæra. Ein flott strandpromenade der ein kan nyte lyden av bølgeskvulp fra nord Europas djupaste innsjø. Kanskje ser ein sjøormen og…Strandpromenaden går mellom bygningane som ligg i strandsona, bla. fabrikken til Feel Free Production.
Gjeilefjæra er ein fin plass ved vatnet. Her har bygdafolket  laga til ein fin badeplass og sosial møteplass når veiret og temperaturen tillet det.

Fra Gjeilefjæra går turen opp bygdevegen  til bilvegen som går til Storevik. Følg bilvegen tilbake til riksvegen og utgangspunktet.
Denne turen er og så godt eigna for barn da det er ein forholdsvis slak tur.

Kart over turen finn du på ut.no; På skogsveg og strandpromenade i Holmøyane

GOD TUR!!

Sande-Tjugen/Haugen setra-Sandsåsen-Sande

Denne turen er ein rundtur som går på skogsveg og rås i vakre Loen. Turen er godt skilta og kan kombinerast på forskjellige måter. Runden som eg gjekk var på ca 7,5 kilometer og turen er teikna inn på kart på ut.no.Utgangspunktet for turen er ved skogsvegen like forbi Sande Camping ved Lovatnet.  Skogsvegen er tydeleg og underlaget er mjukt å gå på. Eit stykke opp i bakkane  viser spor etter naturens herjinger. Der er skogsvegen full av stein og mold etter ein vassdemme som gjekk på førjulsvinteren. Det går likevel fint å kome forbi.
      
Når ein vinn høgdemeter blir utsikten fantastisk. Heile Lodalen ligg der med sine bratte fjellsider som speglar seg i Lovatnet. Området ved skogsvegenden blir kalla Saurane og der er det flott utsikt mot gardane på Sæten og Sandsåsen og mot Loen. Dagen eg gjekk var prega av lavt skydekk og skodde langs fjellsidene og i dalbotnen.
Fra skogvegenden går turen over i rås. Den er godt merka med raude stikker og raudmåla prikker på trelegger og steiner.  Det er viktig å ikkje gå utom den merka råsa om ein ikkje er kjent i området. Terrenget er bratt og hamrete utenom den merka råsa. Har ein problem med å finne neste raude merking så bruk tid og vær sikker på at ein er på rett veg.
  Etter eit stykke i råsa kjem ein til eit nytt utsiktspunkt. No ser ein  Loen, Rake og Oppheim og ut Faleidfjorden til Blaksæter og Hildahalsen . Haugen/Tjugensetra er setra til gardane på Haugen og Tjugen. No står der  fire bygningar på setra.  Ein av fjøsane er bygd om til hytte. Det vart slutt på setring ca 1950. Aust for setra er ein plass som blir kalla Gamlesetra. Der hadde Haugen og truleg Sande seter før. På grunn av fonnfare vart setra flytta nærmare elva. GardenTjugen hadde i gamal tid seter på vest sida av elva. Ein av grunnane til at den vart flytta var at det var mykje orm der.Fra setra valgte eg å gå råsa som er merka til Haugen. Den starter i nederste  hjørnet aust på setrekvia. Råsa er tydeleg og  svinger seg gjennom store granfelt. Etter kvart kjem ein inn på skogsveg og ein kan velge om ein går den bratte råsa gjennom granfeltet eller skogsvegen.
  
  
Nede på flata og ved ein stor sving er rås skilta til Sandsåsen. Råsa er 600 meter før ein igjen kjem inn på skogsveg.
  Siste del av turen går på skogsbilveg og ein passerer forbi Sandsåsen hytter. Følg bilvegen til Lovatnet og vidar til utgangspunktet ved Sande Camping.
Om ein velger å gå turen motsatt veg er Sandsåsen eit naturleg utgangspunkt.
  

Kart over turen finn ein på ut.no: Sande-Haugen/Tjugen setra-Sande

Utigardssetra i Holmøyane

Utigardssetra høyrer til garden Holmøy i Holmøyane. Det er ei fin lita seter med eit sel. Setrevollen er fint rydda og det er ope og fin utsikt. Her kan ein settje seg ned og  finne roen sjå utover Hornindalsvatnet og bygdene på andre sida av vatnet, Navelsaker og Otterdal.

Medan ein set der og ser på utsikta kan ein tenkje på han som kom i kamp med ein bjørn i dette området i 1852. Det var Hans Holmøy, skiparen av Holmøy arbeidsskule.  Utfallet av kampen kjenner eg ikkje.
Denne hendinga er m.a bakgrunn for Adolf Tidemann sitt kjende maleri «Bjørnejegerens hjemkomst».

Denne turen til setra går fra grendahuset Vonlund i Holmøyane. Der er det god parkeringsmoglegheiter på ein lunneplass på sørsida av rv 15 eller ved ungdomshuset.Skogsvegen er fin både for gåande og syklande. Også barnevogner og permobiler går fint eit langt stykke.
Landskapet åpner seg når ein har gått nokre høgdemeter og ein får eit flott utsyn over Hornindalsvatnet med bygdene og fjella rundt.  Etter ca 600 meter kjem ein til ei grind og der er det moglegheiter for å betale bomavgift om ein vel å køyre opp skogsvegen. For dei fleste er denne turen overkomeleg å gå heilt fra riksvegen. Fra utgangspunktet til setra er det vel 2,5 kilometer og ein høgdeskilnad på ca 300 meter.Det er også andre turalternativ i området. Like i nærheita av Utigardselva/Holmøyelva ser ein eit skilt som viser veg mot Glitteregga.

   
Ca halvvegs til setra kjem ein til eit stykke på vegen som har fått hard medfart.  Vatn har greve djupe spor i ei lengde på ca 200 meter. Det er ikkje problem for turgåere å ta seg fram.
No i slutten av april har skogsvegen blitt reparert så no er det ikkje vanskeleg å ta seg fram med sykkel og barnevogn.
Ein fin stubbe står langs vegen og kan være fin å ta ein pause på.
  

 Skogsvegen går heilt på setrevollen på Utigardssetra. Sætrefjellet ligg bak to av setrane i Holmøyane. Utigardssetra ligg lengst vest under det fjellet. Innigardssetra ligg ca 1 kilometer lenger aust. Flott utsikt fra Utigardssetra over Hornindalsvatnet og bygdene rundt, Navelsaker og Otterdal.

Kart over turen finn du på ut.no: Utigardssetra i Holmøyane

GOD TUR!!!!

Rallarveien, Bjørnfjell – Rombaksbotn.

(c) Knut Hansvold/NordNorsk Reiseliv
Ein ekte rallar/slusk. Bilde lånt fra: Nordnorge.com

I likskap med Rallarvegen langs Bergensbana, går det ein anleggsveg langs Ofotbana. Denne er eldre, brattare og i dårlegare forfatning enn sin namnebror i sør. Men den er vel så full av kultur og historie.

Ofotbana er ei av Nord-Norges skjulte perler og ei av Norges kortaste togbane.
Den 42 km lange togreisa går frå fjord til høgfjell gjennom eit folketomt, vilt og dramatisk landskap på tvers av Norge og inn i Sverige. Ofotbana er særleg viktig for malm og godstransport, men det går også dagleg persontog på strekninga.
Stoppeplasser på Ofotbane: Narvik, Rombak, Katterat, Søsterbekk, Bjørnfjell og riksgrensa.

Ofotbana vart bygd på slutten av 1800-talet og går mellom Kiruna og Narvik. I 1882 vart det gjeve konsesjon på bygging av jernbane mellom Ofoten og Luleå. I 1885 fekk eit engelsk firma byggjeløyve og danna «The Swedish and Norwegian Railway Co Ltd».
For å kunne byggje ei jernbane gjennom dei svensk-norske fjella måtte ein først byggje transportvegar/anleggsvegar. Engelskmennene kom til Rombaksbotn og starta arbeidet med å byggje desse vegane. Hestetransport av verktøy, byggjematerialar og proviant var nødvendig for å holde i gang dette gigantiske jernbaneanlegget.
Engelskmennene arbeidde på anlegget i perioden 1885-1889 og bygde transportvegen, den engelske veg, fra Rombaksbotn til Nedre Hunndalen. I denne perioden vart det også bygd kai, nokre lagerhus og eit bakeri i Botn.
I 1889 gjekk det engelske firmaet konkurs og jernbanearbeidet vart lagt ned.
Sjølv om jernbanearbeidet låg nede, i perioden 1889-1898, vart vegen nytta av rallarar som leita etter sølv i fjella opp mot Katterat.
Den  norske og svenske stat bestemte seg for å fullføre byggjinga av jernbaneanlegget og anleggsarbeidet vart teke opp att i 1898. Arbeidet med Ofotbana vart fullført i 1902/1903.
Rombaksbotn. Foto:Knut Hansvold/NordNorsk reiseliv

Under arbeidet med Ofotbana, voks det fram ein eigen anleggsby som fekk namnet Rombaksbotn, etter fjordarma som strekker seg austover fra Ofotfjorden og  Narvik.  Rombaksbotn er byen med Norges kortaste og merkelegaste byhistorie.

Rombaksbotn har aner tilbake til 1500- talet da sjøsamane holdt til her. På 1700-talet vart det utskilt jord til eit gardsbruk. Da engelskmennene kom til Botn for å starte bygginga av transportvegen var det to garder i Rombaksbotn. Ein som dreiv med gardsdrift og ein som var fiskar. Desse heldt seg til sine yrker heile tida sjølv om området rundt gardane gradvis vart omgjordt til bysamfunn.

På det meste budde det 500 mennesker i Rombaksbotn, og der var eit yrande folkeliv.  Der var  dampbåthamn, toll, politi, post, butikkar, frisør, brusfabrikk, hotell, skjenkestover, skomakar, skreddar, snekkar, urmakar, bakar skule, fengsel og horehus.  Men kyrkje hadde dei ikkje. Totalt var det mellom 70-80 hus i byen.
Mange søkte lykka i byen og plassen virka som ein magnet på dei som ville tjene gode pengar, spessielet gjaldt dette rallarane.
Det blir hevda at uten hesten og kvinnene hadde ikkje dette jernbaneanlegget vore mogeleg. Kokkene som arbeidde på anlegget hadde harde dagar. Dei hadde ansvar for brakka og arbeidslag opptil 15 mann. Kokkene skulle lage mat, vaske brakka og kleda, skaffe brensel og vatn. Dette arbeidet skulle utførast i all slags veir og under vanskelege og primitive forhold.

Rombaksbotn og menneska som levde der vart hardt prøva av naturen sin herjingar.  Det gjekk fleire steinras der det gjekk menneskeliv tapt. Bann herja byen og 7-8 hus gjekk tapt. I 1901 spredde ein hard tyfusepedemi seg med drikkevatnet, og eit ti-talls mennesker døde.

I november 1902 var Ofotbana ferdig og anleggsarbeidarane reiste til nye anlegg. Rombaksbotn blei sakte avfolka og ved utgangen av 1903 hadde dei fleste flytta. Husa som var bygde demonterte dei og tok med seg. Dei husa finst no over heile Ofoten.

RALLARVEIEN

Tenk deg ein lett vandretur i storslagen, urørt natur av fjell, dal og fosser. Legg til store doser kulturhistorie og et melodrama av ulykkeleg kjærlighet, og du har Rallarveien ved Narvik.Turen langs Rallarveien kan ein gjere på mange måter. Vi gjekk turen fra Riksgrensa.   Den mest vanlege turen er å gå fra Bjørnfjell stasjon til Rombaksbotn. Det blir ein tur på ca 13 kilometer i lett terreng. Ein starter på  515 moh og går ned til fjorden.
Fra Bjørnfjell stasjon går ein i åpent fjell landskap, på venstresida av togskinnene, vestover gjennom Bjørnfjell hyttefelt.Langs heile turen er det sett opp minnesmerker og informasjon om rallaranes strev og slit, om krigshistorie og om historiske personar og hendelsar. Ta deg tid til å lese desse informasjonstavlene og få eit innblikk i det historiske i dei bratte liene fra høgfjellet og ned til fjorden. Her kan ein sjå ruinar og andre minner fra då jernbana vart bygd.Her ser ein ruinar etter ein gammal skyss stasjon. Her fekk køyrekarane bytt hestar. Det var tunge lass som skulle fraktast opp den bratte transportvegen fra Rombaksbotn.Transportvegen er sollid bygd opp med tørrmurar, mange stader med grøfter og sollide stikkrenner.Ved Norddalen endrar landskapet seg og blir no vilt og dramatisk. Jernbanelinja går på ei fjellhylle høgt oppe i Fagerlia med transportvegen/rallarvegen enda høgare oppe. Transportvegen, taubanene, kraftverket og tunnelane er storverk bygd i fjellet i anleggstida. Nordalsbrua er enda eit. Denne brua over Norddalen var eit krav fra Norske forsvarsmyndigheiter. Tanken var at brua skulle kunne sprengast og avskjære fiendar ved krig. Teikningane var ferdige i 1901 og vart konstruert i Tyskland.  Etter at den  vart frakta til Norge og Norddalen vart den montert på 4,5 månader. Brua er 180 meter lang og på det høgaste er det 40 meter til dalbotnen. Det første malmtoget rulla over brua i november 1902 og brua vart offisielt opna i 1903.  Brua var i bruk til 1988 da jernbanelinja vart lagt om. Norddalsbrua er i dag freda.Rallarveien er fin både for gåande og dei som vil bruke sykkel. Sia det er ein tur som går fra høgfjellet til fjorden, ca 500 meter nedstigning, er dette også ein fin tur for barna. Det er tilrettelagt med benker og bålplassar langs traseen.
  
Det vart bygd taubane frå Hunndalen og opp den brattaste stigninga for å lette arbeidet med transport av materialer til jernbanebygginga. Det vart bygd to taubaner med ei samla lengde på ca 2,5 kilometer. Ein kan sjå tydelege ruinar i terrenget etter desse omlastningsstasjonane og bukkane etter taubana.Der rallarveien går gjennom Fagerlia kan ein sjå spor etter ras og steinsprang. Vegen er rydda, men ein må være observant når ein ferdes der. Spessielt om våren og hausten.
  
Rallarveien krysser jernbanesporet like ved Vokterboligen. Sommeren 2016 var Katterat stasjon stengd og det var etablert ein midlertidig plattform ved denne lagerbygningen som er eigd av jernbaneverket. Om ein vel å ta ein kortare tur på Rallarveien, er det eit alternativ å ta toget til Katterat stasjon og gå ned til fjorden der i frå.Vokterboligen som ligg 360 moh, vart bygd i 1898 som anleggsbrakke og vart seinare brukt som vokterbolig. I dag er det ei ubetjent hytte som drives av Narvik og Omegn turistforening. Hytta ligg på ein solfylt og idyllisk plass med utsikt over Rombaksfjorden og fjella rundt. Hytta leigast ut til private og overnatting må bestillast. Hytta har 12 sengeplassar, innlagt vatn, straum, dusj og badstove.

Norddalen voks fram til å bli som ein administrasjonsplass under jernbanebyggjinga.  Det vart bygd fleire hus i Norddalen.  Truleg budde det engelske stikningslaget her allereie fra 1883. Det var her i Norddalen jernbanekontoret låg og her henta rallarane lønna si.Ruiner etter administrasjonsbygget eller jernbanekontoret i Norddalen.

Under perioden med jernbanebyggjinga voks det fram eit lite samfunn i Hunndalen. Der var butikker, materiallager, mjølkeutsal, 2-3 kafeer og smie. I tillegg til forsamlingshus, som også blei brukt til skule, kapell og som ekstra lasarett under tyfus epedimien i 1901. Det var store avstander å ta seg fram langs transportvegen før jernbanelinja var ferdig og det vart derfor bygdt ei enkel sjukestove i Hunndalen. I alt var det eit 20-tals bygningar i Hunndalen som låg tett på kvar side av vegen. Ein kan tydeleg sjå tuftene etter sjukestova i terrenget.   
Ein kryssar Hunndalselva på god bru ved Hundalsfossen.
Under ein storflom i Hundalselva i 1959 vart vegen ødelagt og mange av bruene raserte. Vegen vart reparert og på nytt tilrettelagt for turgåare på 1980-90 talet.
Ved Storbrua og Storfossen stod ei enkel koie med stein som fjerde vegg. Her hadde Konjakk-Nisse tilhold og dreiv kafè i anleggstida. Alkohol var forbode på anlegga, men Konjakk-Nisse unnslapp  heile tida politiet. Mange gifteringar og lommeur vart bytt mot alkohol i denne perioden.Dei siste 3,5 kilometerane fra dalbotnen og fram til fjorden går i flatt terreng. På ein plass kan ein gå opp på ein haug og få utsikt mot fjorden. No har naturen teke tilbake Rombaksbotn og det er mykje skog langs transportvegen/rallarveien. Dette bygget er det einaste som no står i Rombaksbotn. Bygget er ein tro kopi av uthuset som vart oppført her i 1860. Ein kan også sjå kjellaren på eit bygg som har stått her tidlegare.
Under den omfattande oversvømmelsen i Rombakselva i 1959 vart det gjordt store skader på rallarveien og bruene som kryssar elvane. Elva tok også med seg mange av hustuftene som fremdeles stod i Rombaksbotn.Om sommaren er det moglegheiter for å få båttransport frå Rombaksbot til Sildvik og buss til Narvik. Ein finn informasjon om returskyss på visitnarvik.com.
Eit anna alternativ er å gå dei 6 kilometera tilbake til Katterat stasjon og ta toget tilbake til Narvik. Sjekk togtider.
Kvar sommer arrangeres det turmarsj fra Bjørnfjell til Rombaksbotn. Svarta Bjørn marsjen er ein folkefest og ein hyllest til ei ung kvinne som jobba som anleggskokke for rallarane under bygginga av Ofotbana.
I spektaktulære omgjevnader finn ein historiske minner samtidig  som verdens mest moderne tog ruller på jernbanesporet.  Malmtoga går heile døgnet, heile året. Over 1 milliard tonn jernmalm er transportert på Ofotbana så langt.«BOWLING»: Datidens «bowling» ? kjeglespill ? foregikk i en lang hall nede ved elva. Også den er på plass.Bilde av modellen fra Rombaksbotn, laga av Per Henrik Mørk. (foto lånt fra Nordlys)

No har naturen teke tilbake Rombaksbotn, men historia om byen blir tatt vare på. Per Henrik Mørk og Vera Steine har dreve dektektivarbeid og laga modell over anleggsbyen, eit prosjekt som dei brukte 3,5 år på. Modellen over anleggsbyen kan sjåast på venterommet på Narvik togstasjon. Nye modeller er under arbeid. Denne gangen er det bygningane i Hundalen som skal rekonstruerast. Den modellen er plassert på Katterat stasjon og kan sjåast etter avtale.

Kart over turen fra Svenskegrensa til Rombaksbotn finn ein på ut.no: Rallarvegen på tvers av Norge

GOD TUR I SPENNANDE TERRENG!!

Nyere innlegg »

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑