P1150914Det var Håkon den gode Adalsteinfostre (918-961) som fekk organisert eit landsomfemnande varslingssystem med vetar, men ein reknar med at det fanst meir lokale veterekkjer tidlegare. Hovudvarslinga på Vestlandet gjekk med vetar som vart tende langs kysten. Når vetevaktene innover fjordane såg bålet brenne på fjelltoppen ute ved kysten, vart rekkja av vetar tende innover så langt kvar rekkje nådde. Sidan vetane var i bruk som militært varslingssystem i minst 800 år, er det truleg at plasseringa og talet har variert ein god del gjennom tidene.

Takloveten på Hundeidsfjellet var den mest sentrale veten i Nordfjord. Frå Takloveten delte signalet seg vidare innover fjorden i tre liner.
Den nordlege lina gjekk fra Takloveten til Aasebønakken i Heggjabygda og vidare til Ytrehornsnakken i Hornindal.

Den mitre varslingslina gjekk frå Takloveten til Dimmaveten vest for Tistham, derifrå til Ulvedalsveten på Nordsida og til Vinsryggveten i Stryn. Frå Vinsryggveten delte den seg i to retninger. Den eine til Skår i Oppstryn og Vetekulen på Hjelle, den andre til Huaren på Auflemfjellet i Olden.

Den sørlegaste lina frå Takloveten gjekk til Breimsveten i Breim og derifrå til Midtvarden på Sørstranda i Gloppen.

Vetevaktene budde i små vetestover når dei var på vakt. På Ulvedal står enda den opphavelege vetestova. På Ytrehornsnakken og ved Vinsryggveten er vetestovene rekonstruerte i nyare tid.
(Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane).

Utgangspunktet for turen til Takloveten er ved setra, Hanshjellen på Hundviksfjellet.  Der er mogelegheiter til parkering like forbi dei to sela. Der står ei informasjonstavle med opplysninger om andre turmogelegheiter i dette området.P1120699P1150884    Deler av gammal postveg over Hundeidsfjellet
Turen starter ved denne infotavla og første stykket, ca 250 meter, går flatt innover. Når vegen deler seg skal ein halde til venstre opp bakken. Dette er ein skogsveg/anleggsveg som fører opp til ein sender aust for Takloveten. Ein kan følge denne vegen, men min tur gjekk i råsa. Overgangen til råsa kan være litt utydeleg. Der var sett opp steinar i kanten på skogsvegen og i råsa, men lett å gå forbi om ein ikkje er oppmerksom.P1150939Råsa er tydeleg, men berre sporadisk merka. Ein kan sjå nokre merker som Midtre Nordfjord Turlag har hengt opp og nokre raude merker på enkelte trestammar.
P1150892   P1150893P1150897Når ein kjem opp er det flott utsikt i alle retninger.Denne dagen var det lavt skydekke men likevel ser ein langt. Vestover ser ein Hunvikfjorden, Ålfoten,  Kroknakken (505moh), Hornet (719 moh), Nordfjorden og Stårheim. P1150900Aust- og sørover ser ein fra venstre Høgenakken (654moh), Anda, Gloppefjorden, Kviteneset, Hestenesøyra, Hyeneset og den veglause garden Skeistranda.P1150905Nordover ser ein Eidsfjorden, Haugen og HjelmelandsdalenP1150910Takloveten, som ligg på 565 moh, vart åpna i 1910 etter at bygdefolket i Hunvik og på Hundeide hadde bygdt den på dugnad. Dette til minne om det gamle varslingssystemet i gammal tid. All steinen som er brukt i varden er henta på begge sider av fjellet. Eit tungt og krevjande arbeid som vitnar om stor dugnadsvilje.P1150914P1150916  P1150919
Går ein forbi varden og lenger austover får ein flott utsikt mot Nordfjordeid sentrum. Ein kan også sjå Aasebønakken der signala vart fanga opp fra Takloveten. Eg kom over spor etter gammalt hus eit stykke fra varden. Kanskje er dette tufter etter den gamle vetestova som stod på ved Takloveten.P1150926P1150930Turen fra Hanshjellen og til Takloveten er ca 2,5 kilometer og med ein høgdeskilnad på ca 250 meter. Ein tur som også er enkel for dei minste.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Takloveten på Hundeidsfjellet

GOD TUR!!