P1140597Fosdalsetra er seter for gardane på Fosnes og i Sandvika. I 30-åra var der i alt seks sel, no står berre eit av dei gamle att. I tillegg til det gamle selet er der to hytter og ei til under bygging.
Der har ikkje vore fjøs på setra.  Dei melka under åpen himmel.
Dei fleste setrevegane hadde faste kvileplasser. Så også på vegen til Fosdalsetra. Det første kvile heimanfrå var ved Røvesteinane. Her var det store flate steiner og under steinane hadde det vore revehi. Lenger oppe var eit kvile som ein kalla Seljefloten. Her stod store seljer og her var det store steiner å kvile på. (kilde:Kjell Råd, Setrar i Oppstryn/Nedstryn)P1140565Utgangspunktet for turen til Fosdalsetra er ved parkeringsplassen vis a vis Matstova og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter på Fosnes.  Når ein har fått parkert bilen må ein ta seg tid til å studere den flotte naturen som omkranser dei to anlegga som ligg så fint ved vatnet. Bak, på andre sida av vatnet, kan ein skimte bygda Flo. Fjellet lengst bak, som er dekt av snø, er Fedalsnibba.
Fra austenden på parkeringsplassen går det ein grusveg/skogsveg. Det er lite skilting mot setra.Ein kan sjå enkelte skilt som viser retninga. Likevel er det enkelt å finne fram. Ein føl skogsvegen til ein knapp høgresving. Der tek ein av og går i rås vidare.P1140567Naturen i Oppstryn er heilt magisk med dei bratte fjella som stuper i Oppstrynsvatnet og med dei små grøne flekkane rundt vatnet. På bildet ser ein Segestad, Glomnes og Hjelle. Glomnesnakken og Hjellehyrna danner inngangen til Hjelledalen.
P1140569  P1140572
Vegen fra parkeringsplassen er lett å finne. Føl den forbi ein lunneplass/oppstillingsplass og vidare forbi eit dyrkningsfelt. Husk å stoppe opp og sjå tilbake på  dei flott fjella.

P1140574  Holekvia, ei samling av gardfjøser.
P1140576   P1140578
Ei gammal utlade har fin utsikt. Midt i april og innmarka er grøn og fin.
Der skogsvegen tek ein knapp sving til høgre, i eit hogstfelt, tek ein av og går over i råsa. Den er tydeleg å følge heilt til setra. Oppstryn i.l har trimpost på Fosdalsetra og trimposten er flittig besøkt.
P1140582  Ta av til rås i knapp høgresving.
P1140585  P1140602
Nydeleg rås som går langs jølet der Fosdøla renn langt nede.
P1140588  Her ser ein Tverråna, med Gullkoppen og Kampen bak.
Fosdalsetra ligg midtveis i Fosdalen. Går ein heilt i botnen på dalen kan ein gå over Tyvareset og over i Fosdalen/Tyvadalen på Loensida og vidare ned til Tjugen.
P1140596  P1140595
Her ser ein Fosdalsetra  mot Tverrbotnen og med Tafsnehyrna bak. Det andre bildet viser utsikten mot Oppstrynsvatnet , Hjelle og Hjellehyrna. Stillheita er komplett oppe i denne dalen. Finn ein fin plass og nyt stillheita og utsikta.

Oppstryn har mykje å by på. Der er mange setrar som ein kan besøkje bla. Erdalsetra/Vetledalsetra eller ein tur til  Segestad / Segestad-Glomnessetra ein nydeleg fjellgarden som ligg på ei fjellhylle over Oppstrynsvatnet.
Hjelle hotell, eit romantisk hotell med historisk preg.
Folven Camping, med alle sine tilbud.
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter som har panoramafilm om Jostedalsbreen Nasjonalpark i kinosal, fauna og flora utstillingar , parkområde med stein og lokale urter, kafeteria og restaurant og souvenir buttik.
Matstova, resturang og bakeri  som i sommarsesongen har åpen kaffè. Ingenting kan måle seg med å sitje ute og nyte ein god middag og sjå på dei flotte fjella i Oppstryn. Absolutt verdt eit besøk.
Grandane Camping. Flott campingplass i austenden av Oppstynsvatnet.

DOWNHILL LØYPA PÅ FOSNES.
Når ein er på veg nedatt fra Fosdalsetra anbefaler eg ein tur i downhill løypa som er like i nærheita.
Fortset skogsvegen i den knappe høgre svingen, der ein tok av til rås. Etter ca 200 bratte meter i skogsvegen kjem ein til Einestadkvia. Der har bygdafolket laga til ein fin samlingsplass med gapahuk, bord og benker og bålplass. Her kan ein setje seg ned og innta nista si og enda ein gang nyte utsikta over fjella og vatnet. Ein ser både til Flo og Hjelle.
P1140612  P1140610 Einestakvia.P1140613  Her starter downhill løypa.
P1140615  P1140616 Bratt men fint tillaga.
P1140618  Artig og spennande å sjå korleis dei har laga til løypa.
P1140621  P1140623
Eit rotevelte og delt trestamme blir fint moment i løypa.
Sykkelløypa kjem nedatt på skogsvegen  like ved Holekvia.
Fosdalsetra ligg på ca 430 moh og det er ca 2 kilometer opp til setra.P1140567

VÆR NYSKJERRIG OG UTFORSK.

GOD TUR!!

KART OVER TUREN FINN EIN PÅ UT.NO:  FOSDALSETRA