P1070612
Erdalen skjærer seg sørvestover fra Strynsvatnet mot Erdalsbreen. Dalføret er ein brei U-dal med kulturlandskap og høge fjell på begge sider. Gjennom dalen renn Erdalselva.

Turen inn Erdalen til Vetledalsetra er ein forholdsvis enkel og lett gått tur. Naturen er majestetisk med spor fra tidlege tider da dette var ferdselveg over Jostedalsbreen. Heilt fram til tidleg på 1900- talet var denne veien nytta som ferdselsveg og drifteveg. Brevandring og turisme starta tidleg på 1800- talet.
P1070617
På vei til utgangspunktet, Greidung, som ligg lengst inn i dalen køyrer ein forbi store, flotte og flate garder. Omkransa av mykje fjell og blankskurte fjellsider.
P1070620
Rett før ein kjem til Greidung er det parkeringsplass. Der er også ein flott og innbydande rasteplass. Her kan ein ta dei siste forberedelsane til turen. Også fint å benytte om skal vente på følget sitt etter turen.

Ein kan også velge om ein vil køyre vidare. Køyrer ein gjennom tunet på Greidung så kjem ein til “bomstasjonen”.
P1070622
Eg har tatt utgangspunkt på parkeringsplassen. Turen inn til Vetledalsetra er 6 kilometer med ein høgdeforskjell på ca 450 meter. Dei første 200 høgdemeterane er på grusvei. Der etter er det tre parti som er stigning. Første partiet møter ein rett etter Loppeset. Så er det ei stigning opp Hesthammarane. Den siste stigninga er på vei til Vetledalsetra. Opp Reset.
P1070625  P1070626
Bilde 1: Erdalselva som renn ned fra Loppeset.  Bilde 2: Greidungtunet med Greidunghyrna i bakgrunnen.
P1070628  P1070630
 Her bør alle som køyrer til Loppeset betale avgift.
P1070634
Grusveien fra Greidung  til Loppeset er lett å gå og eg anbefaler å ta heile turen fra parkeringsplassen. Her ser ein tydeleg at det har vore nedlagt mykje arbeid i tidlegare tider for å få den til. Mange og store muringer.
P1070637
Har ein gått fra Greidung er det godt å setje seg ned og nyte utsikten når ein kjem eit stykke opp i bakkane. Her ser ein gardane i Erdalen, Oppstynsvatnet, Flo og Fedalsnibba midt i bildet.
P1070639
Ta deg tid til  å lese info skilt.

P1070641  P1070643
Om ein køyrer bomveien så køyrer ein til Loppeset. Der er det parkeringsmuligheiter. Her fra er det brei vei eit stykke før ein tek av til venstre opp stien.
P1070642
P1070646
Bilde: Eit lite skilt fortel at ein er komt inn i Nasjonalparken.
P1070648
  P1070684
Når ein går inn dalen ser ein tydeleg at dette er ein sti som er jobba med. Store steiner og heller er lagt godt tilrette så stien skal holde seg. Dette er truleg gjordt i den tid den vart nytta som drifteveg/ferdselsveg over breen.
P1070651
Bilde: Erdalsetra/ Storesetra/ Heimesetra kjært barn har mange namn.
P1070655
Bilde: Kunne vore tatt rett ut av Freiareklamen.
Gardane som har seter her har storfe og sauer på beite. Her er store flate områder på begge sider av breelva.
P1070658  P1070660
Veien vidare fra Erdalsetra til Vetledalsetra går på nedsida av setrehusa. Eit lite skilt viser kvar ein skal gå. Stien snor seg mellom steinar før den igjen blir jamn og fin.
P1070661  P1070662
Bilde: Litt trolling her….
P1070664
  P1070667
Bilde 1: Fin og flat sti inn dalen. Bilde 2: Her er ein komt opp siste stigninga inn mot Vetledalsetra.
P1070682
På veien til Vetledalsetra går ein opp ei stigning og kjem opp på Reset. Her har ein flott utsikt framatt dalen. Her ser ein dei store flatene og områda som beitedyra har.
P1070673
Vetledalsetra ligg på ca 600 moh. Her har DNT (Turistforeninga) ei sjølvbetjent hytte. Vetledalsetra er eit flott utgangspunkt for turer inn på Vetledalsbreen og  Erdalsbreen. Har ein brekunnskap og utstyr kan ein gå feks. til Slæom, Fåbergstøylen eller Lodalskåpa. Det er også her turistforeninga har utgangspunkt for den tradisjonelle breturen “Josten på langs”.
P1070675
  P1070676
P1070679
  P1070680
Turistforeninga si sjølvbetjente hytta er restauret og har seks sengeplasser og fire ekstra madrasser. Ein flott tur og ta med barn på ekspedisjon, og overnatte på hytta. Ei oppleving der stearinlys og utedo må gjere nytta.
P1070681
Turistforeninga si sjølvbetjente hytte ligg fint under den mektige Strynekåpa (1530m). Til venstre for hytta ser ein inn Storedalen mot Ulvestigen, oppgangen til Erdalsbreen.
P1070683
Veiret skifter fort og regnbygene kjem fort over breen og ned dalen. Her er det både sol og regn.

Kart over turen finn ein på ut.no: Erdalsetra – Vetledalsetra

UTFORSK NÆROMRÅDET, TA I BRUK ALLE DELER AV KOMMUNEN. GOD TUR!