nytnaturen.no

Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Raudbua ved Flekkefjorden

P1140009Raudbua er ein plass på nordaust sida av  Flekkefjorden i Sunnfjord. Ein finn aldri noke raud bu når ein kjem til plassen, men der stod ei for mange år sia og plassen har blitt heitande Raudbua.

Turen til Raudbua har utgangspunkt i den vesle grenda Haugland som ligg nord for tettstaden Flekke i Sunnford.
I den vesle grenda er det ca 15 fastbuande,  og her er dei to største arbeidsplassane i Fjaler kommunen.
UWC ( United World College Røde Kors Nordiske) og Haugland Rehabiliteringssenter. På skulen er det elever fra 95 forskjellige land. Haugland Rehabiliteringssenter gir over 1000 pasienter kvart år tilbud om fagleg tilbud og oppfølging ved institusjonen.

Første del av turen går på bygdevegen som går fra Haugland Rehabiliteringssenter til Ytre Haugland. Ein ser Bekkerhuset/tunet på venstre hand når ein går ut vegen. 

BEKKERHUSET.
I Bekkerhuset budde overrettsakfører Christian Bekker (f.1877). Han arva denne plassen etter sine besteforeldre. Han fekk skøyte på garden i 1906 og flytta til Haugland i 1945. Christian Bekker vart ein gammal mann, og døydde 103 år gammal. Han var ugift og testamenterte eigedomen til Sogn og Fjordane distrikt av Røde Kors. Bekker la føringer i testamentet for korleis eigedomen skulle brukast. Haugland Rehabiliteringssenter har vokse fram i tråd med desse føringane.
P1130932  P1130978
Ein føl bygdevegen til øverste garden på Ytre Haugland, og  fortset rett fram  forbi eit uthus.  Ein runder rundt ein haug og kjem så inn på det som tidlegare var ein køyreveg. Denne var i bruk når Flekkefjorden fraus til og fraktebåtane ikkje kom seg inn til Flekke for å losse varer. Da måtte dei legge til land ved Raudbua og frakte varene landevegen til Haugland og vidare til Flekke.
IMG_20160126_140650 (1)    P1130986
Stien/råsa er merka med raude stikker og måling på trestammar. Det er også lagt ut ein del planker i våte parti av råsa. Eg gjekk denne turen sist i januar, og uveriet Tor var så smått på vei. Som ein ser av bilda var det mykje vatn i råsa den dagen. Men om ein vil fram så finn ein alternativ veg rundt dei våte partia.

P1130987    P1130989
Det er artig å sjå korleis turen forandrer seg på kort avstand. Her går stien over roleg  myrlendt terreng før det går unnabakken og inn i eit granfelt. Der snor den seg langs med ein berghammar, Helleren.  Tydeleg og merka sti heile vegen.
P1130993     P1130994
P1130995
Vått i terrenget når styggeveiret Tor er på vei, men i granfelta er det tørt og fint. Her snor råsa seg langs med bergknauser.P1130997P1130999P1140003
Spennande å sjå kva som møter ein rundt bergknausen.
P1140004    P1140005
Her ved Raudbua stod det tidlegare ei raud bu, der av namnet. No står her ein lavo som elevane ved UWC har bygd og har ansvaret for. Denne er låst og ikkje til allment bruk.  Litt ved sida av lavoen er det høg berghammar. Der er det litt overheng og ein kan finne ly mot nedbør om ein vil det.
P1140014 Her er uveiret Tor på veg. Likevel glimt av blå himmel.
P1140016 Lavoen tilhøyrer UWC.
Utsikt ut Flekkefjorden mot Eldesundet ein dag i januar. Ein sommarsdag må det være nydeleg å sitje her og nyte. Holmen ein ser er Ungholmen og fjella ein skimter ligg på andre sida av Dalsfjorden.P1140009

Turen er ca 4.5 kilometer tur/retur.

Kart over turen finn du på Ut.no: Raudbuda ved Flekkefjorden

GOD TUR!!!

3 Comments

  1. Flott uttrykt.Kobben er på plass,i tang på nært hald og lenger ut i fjorden.

  2. Ny tur til Raudbua idag.Stien er betre,det turkar opp.Mykje lauv i lufta, på stien og i fjorden.Sol og lettskya.Kobben er på plass,stort hovud som glinsar i sola eit stykke ut i fjorden.

  3. Nydeleg å sitja på berget i sola idag.Kobben sym i fjorden og lagar ljod.Buorm,grønspett og hjort sett.Skarven fyk over sjøen,nisa sym og bles ute i fjorden.

Legg inn en kommentar

© 2018 nytnaturen.no

Theme by Anders NorenUp ↑