Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Storåsen i Fjaler

P1130950Utgangspunktet for turen til Storåsen er ved Haugland Rehabiliteringssenter. Der finn ein også parkeringsplass.
Første stykket av turen går på bygdevegen mot Ytre Haugland. Rett før ein kjem til eit kvernhus tek ein av til høgre. Der står skilt til Jarstadheia. Ein går da på ein traktorveg som svinger seg opp mot Storemyra/ «Steinen».
Ved Storemyra/»Steinen» er ein komt så høgt at ein kan nyte utsikten over Flekkefjorden. Storemyra/ «Steinen» er eit populært turmål for mange som er på rehabilitering på Haugland, og der er derfor godt trakka rås/sti uansett årstid.P1130951IMG_20160122_113238IMG_20160201_210251Når ein står ved steinen på Storemyra følger ein råsa som er merka med raude stikker og raud måling på trestammane, heilt i høgre kant av Stormyra. Det er normalt mange som trakker der både vinter og sommer så råsa er tydeleg.P1130954 Fjellet Dokka over Holmedal.
Råsa går i variert terreng.  Myr og stingrunn og i store granfelt. Den dagen eg gjekk turen var det vått i terrenget, men berre å kle seg etter forholda.
P1130957  P1130955 Melisdryss i granfeltetP1130975 Husk å lat att grinda når det er beitesesong
Når ein har gått eit stykke fra Stormyra/»Steinen», over eit myrlendt parti, kryss ei lita elv, gått gjennom granfelt og opp ein bakke og er midt i eit nytt granfelt, så er ein i Eidsskardet. Her er det eit stidele. Råsa/stien til Storåsen tek her til venstre opp bakkane.
Om ein går rett fram i Eidsskardet og unnabakken, kjem ein til ein skogsveg. Føl ein den kjem ein ned til Stigvika ved Dalsfjorden, og ein kan følge skogsvegen til høgre og kome ned på bygdevegen i Bortneim og gå vidare til Dale.P1140030 Eidsskardet.
La aldri veiret bestemme om du skal ut på tur. Det er berre å kle seg etter forholda og legge i veg. Denne dagen var våt og ruskete, men sola titta fram når skyene slo sprekker. Da blir det fint sjølv i tett skog.P1130962P1130963P1130971 Trimpost på toppen av Storåsen.
Det er kjekt å kome opp i høgda og kunne nyte utsikten. Denne dagen var veiret lunefult. Skyene slo sprekker og det var fint, men snur ein andre vegen ligg snøbygene i kø ut i Dalsfjorden.P1130968 Snøbygene ligg i kø i Dalsfjorden
Utsikten fra Storåsen, som ligg på 295 moh, er fantastisk. Ein ser Flekkefjorden omkransa av terrenget som har fått melisdryss over seg.P1130966

Turen til Storåsen er ca 2 kilometer fra Haugland til toppen.

Du finn kart over turen på Ut.no: Storåsen i Fjaler

GOD TUR OG NYT NATUREN!

1 kommentar

  1. Liv Janne

    Takk for fyldig turskildring! Vi har gått mykje turar i kring Dale sentrum og Ytre Fjaler (Fure/Grytøyra/Korssund), men ikkje denne. Ser ut som den kan passe som fin familietur og avslutte med bading på Hauglandssenteret etterpå 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑