IMG_20160126_135214 (1)Turen går delvis langs Flekkefjorden som er ein sidearm til Dalsfjorden i Fjaler kommune i Sunnfjord.
Tettstaden Flekke har ca 250 innbyggere. I den vesle grenda Haugland bur det ca 15 personer. Her ligg Haugland Rehabiliteringssenter og UWC (United World College Røde Kors Nordiske) skulen med elever frå ca 95 land. Desse to institusjonane er dei største arbeidsplassane i Fjaler kommune.

Utgangspunktet for denne turen er på Haugland, nord for Flekke. Ved Haugland Rehabiliteringssenter er der muligheiter for parkering. Gå den asfalterte vegen forbi senteret og opp bakkane. Etter kvart  ser ein eit stort herskapshus.

BEKKERHUSET.
I Bekkerhuset budde overrettsakfører Christian Bekker (f.1877). Han arva denne plassen etter sine besteforeldre. Han fekk skøyte på garden i 1906 og flytta til Haugland i 1945. Christian Bekker vart ein gammal mann, og døydde 103 år gammal. Han var ugift og testamenterte eigedomen til Sogn og Fjordane distrikt av Røde Kors. Bekker la føringer i testamentet for korleis eigedomen skulle brukast. Haugland Rehabiliteringssenter har vokse fram i tråd med desse føringane.
P1130932   P1130933 Bekkerhuset.
Ein fortset bygdevegen til ein kjem til eit skilt på venstre side som viser vegen til Pollaneset.
P1130936  Skilt i vegkanten fortel kvar ein skal ta av fra vegen.
Ei fin rås går ned til fjorden og forbi nokre naust. Respekter at dette er privat eigedom.Råsa går vidare langs nokre berghammrar, over Trulsneset. Ein kjem etter kvart ut til Neset, ei gammal slåttemark.Her dreier råsa opp i lida og ein fortset ut Sørlida, over Bratteberga som går i fjorden. Råsa er fin å gå og det er ikkje farleg terreng.
IMG_20160126_133129  IMG_20160126_133158
IMG_20160126_133240 (1)  IMG_20160126_133352IMG_20160126_133748Nydeleg grønt dekke på steiner og trestammer. Ein er no komt til Neset.
IMG_20160126_134515  Ein grønn blekksprutIMG_20160126_135214 (1)Her er ein på Pollaneset. Ein ser over til garden Elde. Her i fra går ein langs pollen og føl raude merker nordaust over. Den vesle dalen som ein no krysse blir kalla Skitnedalen.IMG_20160126_135225P1130947  Stille og grønt langs elva.
Ein føl dei raude merka, delvis på stikker og måla på trestammane, til ein kjem opp på Randa.  Her kjem ein inn på råsa som går vidare til Raudbua.
IMG_20160126_135956    IMG_20160126_140142
På denne turen føl vi skiltinga tilbake til Haugland. Tydeleg og god rås.  Ein kjem til ei grind som går inn i eit beite. Når det er beitesesong, husk å lat  att grinda etter deg.
Når ein runder over bakketoppen kjem ein  til  garden Kalvegjerdet på Ytre Haugland. Der ifra føl ein bygdevegen innatt til utgangspunktet ved Haugland Rehabiliteringssenter.
IMG_20160126_140402     IMG_20160126_140650 (1) Gammal køyreveg.IMG_20160126_140506Stille og fint i granskogen. Her kan ein setje seg ned og finne roen.
P1140018
Utsikten fra Kalvegjerdet på Ytre Haugland,  inn Flekkefjorden ein regntung dag i januar.
IMG_20160122_110542 “Båten” står ved vegenden på Ytre Haugland.

Denne turen er ca 4 kilometer og er ein fin tur i lett terreng.

Kart over turen finn du på Ut.no: Pollaneset ved Flekkefjorden.