Segestad, fjellgarden som ligg så høgt og fritt over Oppstrynsvatnet. Livet på denne avsidesliggande garden har vore stabasiøst og tungt. I boka til Oddgeir Bruaset «På fjellhylle og havstrand- livet på veglause gardar i Nordfjord», kan ein lese om Anne, jenta som gifta seg med Harald, bonde på Segestad. Det var eit hardt og tungt liv. Ikkje berre naturkreftene som dei måtte leve med men også alle tragediene som dei skulle takle.
Siste bruker på Segestad , Jon, døydde i 1961. Han døydde ute på marka og hadde heilt til det siste holdt garden i stand.
På 80-talet vart Sigdestads Vener stifta. Desse tok fatt på den omfattande bergingsaksjonen som det var å sette i stand husa på garden. Kva sommar blir det arrangert slåttedugnad på Segestad.
For å kome seg til utgangspunket, køyrer ein til Hjelle i Hjelledalen. Køyr gamlevegen forbi hotellet og ta til venstre over elva. Køyr langs vatnet . Det er fin parkeringsplass eit stykke før ein kjem til gardstuna på Glomnes. Det er også her ein kjem nedatt på vegen når ein har gått denne runden.
Eit idyllisk parti på vei mot råsa.
For å kome seg til råsa som går opp til garden, går ein forbi gardstuna på Glomnes. Vis respekt for andre sin eigedom, bruk veien og råsa.
Langs råsa er der merka med stadnamn. Naustbakken, den første av bakkane, er bratt men brei og god å gå.
Skilt som viser veien til Glomnesfossen.
Ta turen bort til fossen, den er mektig.
Kleivane.
Her i Kleivane er råsa på det brattaste. Lenge måtte folket som budde på Segestad bruke stige for å kome opp skrenten. Skiltet på grinda taler for seg sjølv. Lat att!! Utsikt mot Erdalen
Langs råsa er det fleire kvileplasser. Her er det fint å sitje å skue utover vatnet, kansje smake på nista. Utsikt mot Glomnes og Hjelle. Hjellehynnja ligg i det lave skydekket.
Frå Langhammarkvilet har ein god utsikt nedover Oppstynsvatnet mot Flo, Veslebygda, Åning og Nesje.
Når ein nærmer seg garden ser ein eit gammalt uthus og ein instalasjon for løypestrengen. Den har nok komt godt med når varer og andre ting skulle til gards. Den vart også brukt til å frakte tørrhøy ned til bygda siste sommrane før Jon døydde.
Steinstova med Glomnesnakkjen bak.
Steinstova på garden Segestad vart reist i 1908. Huset er solid bygd med meters breide vegger. Ein del av steinane i huset er restar etter den rasråka husmannsplassen som låg like ved. Utsikt fra tunet mot Erdalen.
Stiftelsen Sigdestads Vener har gjordt eit omfattande restaureringsarbeid både på steinstova og andre bygningar på garden. Her ser ein fra venstre løypestrenghuset, låven, steinstova og eldhuset. Råsa vidare inn Glomsdalen.
Turen vidare fra Segestad og inn Glomsdalen går på venstre sida av elva. For å kome til råsa går ein opp bakkane og heilt til høgste høgre hjørnet på dyrka marka. Der går stien. Det er ganske tilvokse med skog på denne sida av elva, men råsa er tydeleg og enkel å gå. Om det er vått veir kan det være litt sleipt og glatte steiner. Ruiner av eit gammalt sel på Glomnessetra.
Glomnessetra tatt fra andre sida av elva. Utsikt vidare inn Glomsdalen.
Fin kvileplass der ein kryssar elva . Segestadsetra.
På Segestadsetra bygde dei bygningane attåt store steiner. Dette for å kunne bygge færre vegger. Der er ruiner etter to bygninger på Segestadsetra.
Der er fin bru over Glomsdøla.
Glomnessetra. To fine og restaurerte sel.
Råsa fra Segestad og til Glomnessetra ligg i tett lauvskog og er tildels steinete. På andre sida av elva, er det mykje åpnare og tørrare terreng. Ein av turdeltakarane som var med på turen sa at råsa fra Glomnessetra og nedatt var «berre lekker».
Råsa på innaforsida er åpnare, men likevel bratt. Ein kan tydeleg sjå spor etter at dette er ein veg som har vore brukt i mange mange år. Dette var også setrevegen for dei på Nesjeog Åning. Dei har seter på Stol, som ligg lengst inne i Glomsdalen.
Når ein nærmer seg dyrka marka tek ein til vestre inn langs gjerde/steinmur. Da kjem ein etterkvart til parkeringsplassen. God og tydeleg sti i ein litt mørkt/tett skog.
Denne rundturen er ca 6 kilometer. Bratt men med ein fantastisk utsikt og historie.
På låven, som står åpen, er der plansjer med opplysninger om livet på garden. Absolutt vert å ta ein kikk på.
GOD TUR OG NYT NATUREN!!!!
Mener det var informasjon om at en kunne overnatte på Segestad. Stemmer det?
Det er eg usikker på. Søk etter informasjon på Segestad Vener v/ Marie Johanne Folven.