Flofjellsveien går mellom bygdene Vollset i Sunnylven og Flo i Stryn. Dette er ein gammal ferdselsvei som er tatt godt vare på og som er mykje brukt både av fastbuande, av cruisturister og for andre som er i området. Dette er eit fantastisk turområde. Ein tur som egner seg for heile familien. Det går fint ann å ta med barnevogn..
Vegen har eit fint underlag. Det er stort sett grusvei med innslag av nokre steinete parti. Den er brei og fin meste parten av turen. Berre eit stykke forbi Stegholen er det litt smalere. Frå Vollset til toppen av Flofjellet er det svak stigning. Fra Flofjellet og ned til bygda Flo er det bratt nedstigning.
Veien har ei historie som eg ikkje kjende til før googla litt om turen og les informasjonen som var langs veien. At gardane Vollset og Brekke sokna til Innvik og Stryn prestegjeld fortel litt om den veien dei måtte gå for å kome til kyrkje i gamle dager. Veien vart også brukt som postvei, friarvei og handelsvei.
Da eg starta på turen så tenkte eg at dette her blir vanskeleg å formidle. Inntrykka var så mange. Ord blir så fattige når ein skal beskrive naturen og stemninga ein opplever. Eg vil prøve å gje ein liten bit av det, resten må ein oppleve sjølv.
Denne turen er ca 10 kilometer og med høgdeskilnad på 355-540-212 moh.
Men la oss starte turen….
For å kome seg til Vollset, køyrer ein Fylkesvei 60 til Hellesylt. Der er det skilta til Flofjellvegen til høgre. Da køyrer ein 12 kilometer innover Sunnylvbygda. Også bilturen inn dalen er flott. Korsbrekkelva med sine laksetrapper er fin å sjå på. Ein køyrer forbi Helset, Frøysa, Hole, Bjørdal, Brekke og kjem til Vollset. Opp bygda ser ein mange store, fine og velstelte garder.
På Vollset (siste garden) står der skilt vidare til parkering Flofjellet, ca 500 meter lenger fram.
Veien er godt merka så det er ikkje fare for å gå feil. Respekter skiltet som fortel at det ikkje er lov å køyre lenger.
Logistikken kan være ei utfordring på denne turen. Vi valgte å ta med ein sykkel og Stig var den som sykla fram og tilbake for så å køyre til Flo for å hente meg. Avtal gjerne med nokon om å bytte bil. Da kan ein ta felles matpause når ein møtes på fjellet.
Her ser ein tilbake til gardane på Vollset.
Ei gammal utelade som heilt sikkert har tjent til sitt formål i si tid.
Det er ein del grinder/led langs veien. Det er veldi viktig at ein let dei att etter seg da det er beitande dyr i området.
Det var lavt skydekke denne dagen, men sola jobba hardt og fekk tilslutt varma lufta slik at dei lave skyene forsvant. Grønt og frodigt heile turen.
Der ein passerer elver var det bygt gode og robuste bruer. Brukara er fra mellomkrigstida da det var veiarbeid her for å knyte bygdene på kvar side av fjellet saman.
Det er mange inntrykk når ein går på slike stier/veier. Lukta av dyr på beite, elva som buldrer, fuglane som kvittrer og når ein går langs dei tre vatna, Nestevatnet, Stegholvatnet og Angelsvatnet og høyrer «bølgeskvulpinga» da er livet herleg.
Det ermange fine kvileplasser langs veien. Fint å setje seg ned her og nyyyyte stillheita og kansje ein kopp kaffi.
Ved Nestevatnet var der mange fine naust på rekke og rad. Også båter som låg i terrenget. Kan tyde på at det er fisk i vatnet.
Eit av sela ved Nestvassætra.
Bilde 1: Ein utgått skosåle….. Bilde 2: Kva kom først, selet eller steinen??
Skal tru om dei tre bukkene bruse har gått over denne brua for å kome til seters for å gjere seg feite?
Veien snor seg vidare og enkelte plasser ser ein slike perler. Små hytter som ligg stilt og fredeleg med utsikt til Stegholvatnet.
Her i Stegholen er der veien er på det smalast. Det er her det har vore vansklegaste å bygge vei. Hammarane stuper rett i vatnet. På info skiltet finn ein mykje informasjon om veien. Ta deg tid til å lese, enten her på bloggen eller når du tek turen.
I Stegholen går fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
Her i Stegholen er veien på det smalaste med bratte hammer rett i vatnet. Anleggsarbeidarane som jobba her i mellomkrigstida sette opp stabbesteiner og ei form for rekkverk. Det er ikkje vanskeleg eller skummelt å gå her. Ein må berre passe litt ekstra på om ein har barn med seg.
Uten mat og drikke duger fjellvandrere ikkje. Matpause når syklisten kom i retur fra Flo.
Fjellet i midten er Rinddalshynja. Den ser ein tydeleg fra Stryn sentrum.
Øvre Flosetra. Setra for dei øvste gardane på Flo.
Skihytta på Flofjellet. Den høgaste toppen bak er Fedalsnibba. Les info om skihytta på infoskilt eller på bilda. Gammal stove.
Her er vi på veiens høgaste punkt og ein ser i fjella på andre sida av Oppstrynsvatnet. Heilt til høgre skimter ein Skåla og så ser ein mot venstre Storskrefjellet og Tindefjell.
Til og med badestrand har dei på Flofjellet. Men som skiltet viser så vis hensyn ved bading.
Nedre-Flosetra høyrer til gardane lengst nede på Flo.
Bøndene på Flo har gått ilag om å bygge traktorvei til setrane på Flofjellet. Det er bratt nedstigning fra Øvste brekka.
Når ein er komt over høgaste punktet på Flofjellet og bjønde unndabakkjen får ein fantastisk utsikt mot fjella på andre sida av Oppstrynsvatnet.
Ikkje noke problem å kome seg tørrskodde over elvane. Her er det godt tilrettelagt. Om ein går turen fra Flo og mot Vollset så må ein rekne med bratt oppstigning fra Flo. Høgdeskilnaden på turen er fra Vollset 355-540-212 moh.
Landskapet åpner seg når ein kjem ned bakkane og ein får eit glim av bygda Flo langt der nede.
Det seiest at da Per Bolstad kom ned bakkane her som 11 åring fekk han eit syn som han aldri gløymde. Det skal være her han fekk inspirasjonen til «Fagre Stryn».
Det er langs veien ein del skilt, men lite informasjon om kva namna betyder. Flott utsikt over Oppstynsvatnet. Når ein no kjem ned på markene og kjenner lukta av nyslått gras da er det sommer!!
Etter å ha passert desse to digre trea kjem ein ned på snuplassen på Øvste Flo. Om ein starter turen fra Flo må ein ikkje parkere på denne snuplassen. Det kan skape problem for anna trafikk som skal nytte snuplassen. Litt før ein kjem fram til snuplassen står der eit skilt og ei postkasse. Det er ein lokal bonde som stiller litt av marka si til disposisjon for parkering.
Flott utsikt mot Erdalen og det mektige fjellet Hjellehynja og med frukttre i framgrunnen.
Kart over turen finn ein på ut.no: Flofjellvegen, overgang mellom Sunnmøre og Nordfjord
Og på Outtt.no: Flofjellveien
GOD TUR OVER FJELLET
Takk for god sykkelskildring. Til stor nytte:) Gir lyst til turen!
Dette er ein fin tur som anbefales, med eller uten sykkel.Eg eg personleg syns turen er finast fra Vollset mot Flo.
GPS ruta og høgdeprofilen i UT.no kartet for denne turen må være heilt feil, kryssing av vatnet to ganger + opp i nesten 800 høgdemeter kan ikkje stemme…
Hei. Ja der hadde det nok blitt noke feil. Eg har ikkje kryssa vatnet to ganger. Har retta det opp no. Takk for tilbakemelding.
Turen kan anbefales. Jeg gikk fra Øvste Flo til Flosetrene.