Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Måned: mai 2014

Den Trondhjemske postvegen – Over Ljøbrekka

Dette innlegget skal handle om ein ny bit av Den Trondhjemske postvegen. Eg har idag gått ein aldeles nydeleg tur. Må berre anbefale den på det varmaste. Turen over Ljøbrekka kan ein gå både fra Ljøen og fra Herdalen på Strandasida. Eg anbefaler å gå ifra Herdalen. Da får du den enklaste reisa. Herdalen ligg ca 100 m høgare enn Ljøen.P1050320Utgangspunktet mitt er Herdalen. Ved parkeringsplassen når ein har køyrd gjennom den 3 km lange Ljønibbtunellen/Hamrejøltunellen, siste tunellen fra Hellesylt mot Stranda. Her har det i dei siste åra blitt bygd store sikringsvoller mot ras. Du finn enkelt parkringsplassen.

Det er ikkje vanskeleg å finne starten på veien. Den går rett opp bak skiltet.
P1050268
Vegen går i fin stigning inn dalen.  Det er flott underlag og gå på og ein kan nyte duren av elvane som kjem ned fjellsidene.
P1050270  P1050273
Vegen er merka med raude merkjer på steinar langs traseen.Når ein kjem opp på første høgda er der gamle murer og eit slags uthus. Her har også Stranda il trimbok.
P1050275  P1050276
Litt lenger framme kjem ein til ei bru. Denne er veldig breid,  ein kan lure på om det er ei bru som vart laga i forbindelse med veiprosjektet som pågjekk under krigen..
P1050277
Når ein har gått eit stykke ser ein fremste Herdalsvatnet . Ei idyllisk perle. Her er det laga til med bord og benkjer så ein kan ta ein pause og nyte stillheita. Eg må innrømme at da eg gjekk turen i dag var inntrykka så store at det var vanskeleg å fordøye. Tankane gjekk til dei som bygde vegen og dei som skulle bære fram posten og gå andre ærend i all slags veir.
P1050282
Når ein går inn langs med vatnet kan ein så vidt skimte vegen kor den svinger seg opp Brekka.

Mange spor etter vegprosjektet som pågjekk under krigener synleg i terrenget.
P1050290

P1050294
  P1050286
I dalbotnen ser ein tydeleg dei 22 svingane som går opp Brekka. Ein kan godt tenkje seg at dette var ein strevsam tur om vinteren i all slags veir. Alle svingane er nummererte så ein held tellinga.
P1050285
  P1050300
Det har somme plasser gått jord og steinras over traseen, men det er ikkje vanskeleg å passere. Ein ser også at traseen held på å gli ut enkelte plasser. I dag (27/5) var det snø i øverste svingane. Sving 14, 16 og 18 var snødekt, men det gjekk fint å kutte svingane og kome vidare.
P1050309
På toppen av Herdalsbrekka ca 800 moh har ein flott utsikt nedatt Herdalen.
P1050313
Turskilt viser at her er andre turmuligheiter også. Godt merka med skilt og raude merkjer på steinane.
P1050321
Eg gjekk ein liten avstikker fra postvegen og gjekk fram på eit utkikkspunkt. Dette ligg ca 200 m fra traseen. Fram på utsiktspunktet får ein ein storslagen utsikt. Sola varma godt på fjellet og det lukta godt av sol og lyng. Om du let att augene….. kan du kjenne den lukta????
P1050340
Postvegen går vidare ned til Nykkjevatnet. I dag låg der fremdeles is på vatnet og det blir ei stund til  båten kan brukes.
P1050350
Langs med postvegen ser ein steiner som er lagt i hop til ein firkant. Dette er telefundament. Telelinja var ein del av gamalvegmiljøet fra 1896.
P1050344
Etter å ha passert ei høgd etter Nykkjevatnet  går vegen unnabakkjen. Da er det fin trasee ned til Ljøsetra. Det var kjekt å sjå at blåbærlyngen var full av blåbærviser. Da er det håp om at ein enkelte plasser kan finne blåbær etter kvart.
P1050362

P1050366
På Ljøsetra er endestasjonen for løypestengen som kjem fra gardane på Ljøen. Ein kan godt forestille seg at det var til god hjelp i det bratte terrenget. Vær oppmerksom på vaieren fra løypestrengen når ein går nedover mot Ljøen. Vaieren ligg fleire stader over stien/råsa. Kan i spessielt lys være vanskeleg å sjå.
P1050371
No går turen i fin rås ned bakkane. Utsikten er fenomenal. Langt der ned er  Sunnylvsfjorden, Korsfjorden og Geirangerfjorden.
P1050379
Stien slynger seg ned fjellsida. Fra sjøen og opp til Ljøsetra er det 35 svinger. Usikker på kor mange det er ned til riksvegen. Denne ruta av postvegen var delevis i bruk heilt fram til tunellane kom i 1962.

Det er mange fine plasser å setje seg ned og nyte den flotte utsikten.
P1050396
Når ein er komt ca halv veis ned fra setra kjem ein fram på eit parti som er oppmura. Det var i 1930 planer om bilveg over Ljøfjellet og det vart to alternativ som var aktuelle. Arbeidet kom i gang under andre verdenskrig, men vart avslutt etter kort tid. Spora etter anleggsarbeidet ligg fremdeles godt syneleg i terrenget. Det gjeld også det påbegynte tunellinnslaget på Herdalsida.
P1050413
Når ein nærmer seg riksvegen ser ein det nye utsiktspunktet som er laga til.
P1050421
Her er det gode parkeringsmuligheiter. Det som kan være ei utfordring når ein skal gå denne turen er å kome seg tilbake til utgangspunktet om det er der ein har bilen sin. Om ein ikkje vil gå  både tur og returen da. Det er sjølvsagt ei muligheit. Eg kom i prat med nokre nederlanske turister og da spurte eg like godt om eg kunne få sitje på gjennom tunellen 🙂

Eg prøvde også å finne postvegen fra Ljøen og ned til sjøen. Den fann eg ikkje så må gjere meir forarbeid når ein ikkje er kjende. Men eg fann ut at der var fleire garder i den bratte fjellsida. Så fekk meg ein fin spasertur ned bakkane på grusveien. Og da vart det varmt da. Sommer temperatur og sommerlukt. Hegg og andre blomstrer. Kom fram på gamle skulen på Ljøen. Midt ned i bakkane.
P1050437
Til og med flate parti og forhauster hadde dei på gardane her.
P1050439
Anbefaler å lese litt historie om denne biten av Den Trondhjemske postveien.
Har også lyst til å nemne den flotte bilturen det er å køyre inn gjennom Hondalen og til Hellesylt. Blå himmel, store fine grønne marker, nysprungen bjørkeskog og snøen som enda ligg på dei mange fjelltoppane. Nesten vanskeleg å halde seg på vegen.
P1050396
Kart  med inntegning av turen på Ut.no

 

GOD TUR!!

GRÅBERG

Da er eg klar med eit nytt turforslag. Eg held meg i nærområdet mitt. Og utgangspunktet for denne turen er ungdomshuset Skogstjerna i Markane.


P1050182Dette er ein tur som har ei stigning på ca 450 meter. På eit parti er råsa veldi bratt,  men det går fint ann å gå ut om den merka løypa og gå roligare oppstigning.  Når det blir motbakker så blir det også meir trening. Om ein vil er her muligheiter for å få opp både pusten, blodpumpa og melkesyra.

Eg kan love at når ein er komt opp så betaler det seg med  flott utsikt.

Turen er  ca 3 kilometer ein vei. Skogsstjerna ligg på ca 210 moh, Gråberg  ligg på ca 660 moh.

Fra Skogstjerna går ein grusvegen mot Sør-Markane. I krysset ved Langesetvatnet tek ein  til venstre og fortset til tunet på Skogtun. Går mellom det kvite huset og dukkehuset og  fortset rett fram til grinda. Råsa som ein no går på heiter fra gammalt av «Perhusveien».
P1050178

P1050179
Det er tydeleg rås det meste av turen. Enkelte plasser er det ein del myr og råsa kan være vanskeleg å følge, men det er merka med gule og raude plastband. 
P1050184
Bilde: Tydeleg spor av at hjorten har tatt badet sitt.

Når ein har passert dette punktet går ein råsa til høgre ca 50-60 meter før ein dreier mot venstre igjen og råsa går da under linjetraseen heilt på kanten. Siste stykket opp på kanten er bratt, men «trinn» å gå i.
Når ein er komt opp på «kanten», flater terrenget ut. No er det utydeleg rås, men hold svakt til høgre og til venstre for denne furua. 
P1050193
Ein går mot Skrehammaren, ein rund haug/hammar som viser tydeleg når ein nærmer seg himmelsjå. Gå opp på venstre side av denne hammaren/haugen. Der er tydeleg rås i kanten på myrasiget.
P1050195

P1050198
På toppen av Skrehammaren kan ein fremdeles sjå spor etter instalasjoner som vart brukt før mobilen vart vaneleg.
P1050203
Fra toppen av Skrehammaren går stien i flatt terreng over myrane og ein ser Gråberg i vest.
P1050208
Gråberg er eit brunt/raudt berg som stikk opp av åsryggen. Det er kleberstein, eit mjukt bergart som er lett å risse i og det same bergarten som finst mykje av rundt Raufjell.
P1050212
Det er ein nydeleg utsikt i alle retninger fra Gråberg. Ein ser store deler av bygda Markane, Rake, Loen, Olden, Agjeld, Holen, Frøholm,  Innvik og Utvik. Ein ser også øverste delen av Blakset.
P1050218
Ein ser eit stort antall fjell. Blant andre Kyrkjefjellet , Rokkekjerringa, Rindalshynja, Storskrefjellet, Skåla, Melheimsnibba, Storelogpikjen,Eggenibba og Bergsetnakkjen og mange mange fleire. Ein ser også innerste del av Nordfjorden.
P1050230

Turen finn ein på Ut.no: Gråberg

TA TUREN OG NYT UTSIKTEN DU OGSÅ!!!!

 

Den Trondhjemske postvegen Kjøs – Svor, Hornindal


Den Tronhjemske postvei
Den Trondhjemske postvegen er mange plasser øydelagt av nyare inngrep. Men framleis kan ein finne fine turer over lengre distanse i denne historiske vegtraseen.
Denne gangen vil eg skrive om den flotte turen det er å gå den gamle ferdselsvegen fra Kjøs til Svor, i Hornindal kommune.
P1050017
Utgangspunktet for turen er ved hyttefeltet i Kjøs, på nordsida av Kjøsapollen og Rv 15.  Ta av  ved  Rv 15 ved Øyebakken eller på nordsida av Kjøs bru.
P1050013  P1050015
Det er mogelegheiter for parkering ved hyttefeltet og første del av turen går opp mellom hyttene.
P1050019
Vegen er tydeleg og ikkje til å ta feil av. Ein går veldig nær hyttene så vis respekt for dei som har fritidsboligane sine der.
P1050021
  P1050023
Langs vegen får ein glimt av nord Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Også Bjørnaholmen som ligg like vest for Kjøs bru ser ein mellom furuleggane. Er det i dette området sjøormen befinn seg?? Ein ser også bebyggelsen på sørsida av vatnet. Fine heimar med mykje kveldssol. Nærmast her ser vi garden Kjøs.
P1050025
Første del av turen går i kupert terreng. Etterkvart blir det meir jamn stigning. Underlaget på veien er stort sett veldi bra. Tidvis med full veibredde, men enkelte plasser er det litt meir  rås/sti. Også litt steinete og  svaberg.  Det er ikkje vanskeleg å passere verken for gåande eller syklande.
P1050027
  P1050032
Det er ein del små elver langs ruta så det er moglegheiter for å fylle opp vannflaskene om dei blir tome, eller berre å stikke haudet i grova og supe vatnet i seg.

Når ein kjem opp på høgda får ein flott utsikt. Austover ser ein  mot Kjøsapolljen og fjella lengst inn i fjorden. Vestover ser ein Hornindalsvatnet, Holmøyane på sørsida av vatnet og Heggjabygda på nordsida av vatnet.
P1050029
P1050031Den dagen eg gjekk denne turen var det ikkje noko særlig fotoveir. Det var ikkje blå himmel og blått vatn og sol i fra alle kanter. Men ta turen og knips dine eigne blinkskudd. For det er det gode moglegheiter for.

Etter kvart åpner landskapet seg og ein kjem til garden Kongsvik, i daglegtalen kalt «Myra». Her går postvegen heilt i utkanten av dyrka marka. Ein ser lett der det er trakka, så følg råsa. På bildet ser ein fra venstre fjella Kviteggja, Navelsakerfjellet, Navletuva (den minste tuva midt på bildet) , Høgefjellet og litt av Snøtuva.
P1050033
Ein krysser ein skogsveg eit stykke etter Kongsvik, fortset rett fram og er på toppen av Kjøsahalsen. Her har Hornindal il turbok. Her er det moglegheiter for å ta seg ein pust i bakken. Fint når det er laga til med kvileplasser. Om ein vil kan ein til og med ta ein liten «snap nap».
P1050036
Vidare går vegen unnabakken og  Hornindalsvatnet kjem til syne igjen. 
P1050040
Fra den knappe svingen er det fin utsikt mot bygda Otterdal. Der måtte dei  i lang tid klare seg uten veg da storm og flo tok vegen langs vatnet.
Tidleg på 1900-talet frakta dei beitedyr til Nakkebrygga og jaga dyra til Otterdalsnakken. Dette var store avlsokser. Og dei kom fra mange plasser i Nordfjord for å være på beite langt fra folk. 
P1050042
No er det unnabakke og kuppert veg til ein kjem til Svor.  Det er det tydelege spor etter stormen «Dagmar» med mange tre som ligg på kryss og tvers.  No er traseen rydda og enkelt å kome seg fram.
P1050045  P1050052
P1050057
Når ein nærmer seg gulestripa (bilvegen) igjen, åpner landskapet seg og ein får fin utsikt mot Grodås, «Sanden» i daglegtalen. 
P1050059
Her ved veis ende er det også gode parkeringsmoglegheiter og eit godt utgangspunkt om ein vel å gå turen andre veien.
P1050064
P1050072  P1050074
Tilrettelagt for parkering for turgåere langs «Den Tronhjemske postvei»
Kjøs-Svor

Denne turen er ca 9 kilometer  fram og tilbake. Halva om ein går berre ein vei. Ein nydeleg tur.

Håper du prøver turen. Kom gjerne med tilbakemeldinger.

Ein kan også laste ned turen på : Ut.no

GOD TUR!!!!!!

 

Markane – Stryn, gjennom skogen

Denne turen har eg gått mange ganger.  Det er ein forholdsvis lett tur på ca 8.5 kilometer. Turen kan gåast med utgangspunkt  ved ungdomshuset Skogstjerna i Markane og i Vikalida nær Stryn sentrum. Den kan også delast opp dersom ein syns det er langt å ta alt på ein tur.  Eit alternativ er å starte ved PreTre sin fabrikk på Langesethøgda.

Tar ein utgangspunktet i Vikalida, køyrer ein gamle riksveien mot Lindset, til du har passert det siste huset (gult)på venstre side. Der er det moglegheiter til å parkere ved eit granfelt ved vegen( litt forbi det gule huset). Og så går du ca 200 meter tilbake og ser ein tydeleg sti/rås gå motebakka. Merka med gule band.

Er utgangspunktet  Skogstjerna i Markane er der gode parkering moglegheiter.

Denne som eg skriv om her går fra vest mot aust, fra Markane til Stryn. Deler av denne vegen er også fin å sykle. Ein treng da sykkel som er beregna for terreng. Siste del (Langhola) er ikkje anbefalt for sykkel.

Første del av turen går fra Skogstjerna til Langeset, på Den Trondhjemske postvegen.
Med utgangspunkt  ved Skogstjerna går ein grusvegen i Sør-Markane til første krysset. Ta til  venstre og gå rett fra til tunet på Skogtun.
P1040603P1040808Gå på venstre sida av løa, og heilt i kanten av dyrka mark, rett fram til  grinda. Ta til venstre gjennom grinda og ein er komt inn på Den Tronhjemske postvegen.
P1040809  P1040810
Postvegen er fin å gå på med mjukt underlag.

Eit godt tips er å ta av seg på beina og gå barbeint. Senk skuldrane det siste hakket ned, rett ryggen og bruk pusten. Ta inn stillheita og la roen senke seg.

Vegen har, som namnet tilseier, vore ei viktig ferdselsåre i tidlegare tider. Posten kom til Faleide med båt og vart frakta med bud vidare gjennom Markane, mot Hellesylt, Stranda og vidare til Trondheim.

Dessverre er det lite skilting av stadnamn langs traseen. Hadde det vore skilta med stadnamn,kunne det ha bidratt til at historia var meir levande. Men ein finn mykje informasjon på nettet.
P1040813  P1040814
Ved Langeset  tek denne turen av fra Den Tronhjemske postvegen.  Postvegen går no til høgre, mens denne turen tek av til venstre og mot riksvegen. Ein passerer eit vått parti, men der er lagt ut paller så ein kjem seg fint over. Her går ein nær bustadhus, så ta hensyn og vis respekt for privat grunn.
P1040817  P1040819
No går ein eit stykke på hovudvegen, forbi bensinstasjonen og til krysset til Stryn Nærinsgpark.
P1040821
  P1040823
No går turen på den gamel riksvegen gjennom Stryn Næringspark. Her ser ein fleire bedrifter og mange har sin arbeidsplass her. Turen tek til venstre i krysset rett før crossbana. Ein fortset over Skarsmyra, der det no blir opparbeida nye industritomter, og ein kjem inn på skogsvegen når ein har passert industribygga.
P1040825

RAKSTAGOTA
Dette er namnet på ein gammal ferdselsveg som gjekk gjennom skogen her. Eg er usikker på om den vegen gjekk akkurat i denne traseen, men skogsvegen som går fra Tjuvahola  til Øvreberg blir kalla Rakstagota.

P1040830    P1040831
Dette er ein skogsveg og her er ein del aktivitet med skogsdrift. Dette vil naturligvis enkelte tider setje spor etter seg. Men også her er det eit behageleg underlag å gå på.  Det er lite stigning på denne vegen og enkelt å finne fram.

Ein plass kan det kanskje være litt tvil om vegen vidare. Når ein kjem til ei lita grov (elv) som går over traseen, skal ein ta til venstre opp bakken og ikkje gå rett fram.
P1040837
 Når ein nærmer seg Øvreberg, kjem ein til ein lunneplass. Fra lunneplassen føl ein grusvegen ned til tunet på Øvreberg.
P1040849
P1040852Gå gjennom tunet på Øvreberg og til krysset ved postkassestativet. Ta til venstre og følg  bilvegen  opp bakkane til Vinsrygg. Det er ein imponerande utsikt over indre Nordfjoren og mot Olden.

LANGHOLA
P1040857    P1040858
Her på toppen av Vinsrygg starter setrevegen. Dette er bomvei og dei som bruker bilen må betale for seg. Bruker du apostelenes hester kan ein sytalaust gå vidare. Her er flott utsikt mot Stryn sentrum, Mindresunde, Oppstrynsvatnet og Flo med fjellet Rindalshynja i bakgrunnen.
P1040859
Gå setrevegen eit stykke forbi den gamle lada og ta så til høgre innpå  skogsvegen. Følg den heile tida til høgre og ein kjem snart innpå ein sti/rås som går unnabakke.
P1040862
   P1040865
P1040867
    P1040869
P1040881
Når ein har passert denne gamle fjøsen tek ein til vestre. Da er der tydeleg sti/rås unnabakkjen heilt til du kjem til bilvegen i Vikalida. Der er eit stidele når ein har gått eit stykke. Stien som går rett ned til Vikavegen er merka med gule band. Ein sti som går meir på skrå i lida kjem ned nærmare Vikalida barnehage.
P1040884
    P1040886
P1040889
P1040890                                                                      Slik ser starten på turen ut om ein tek utgangspunktet i Vikalida

Kart over turen ligg også på: Ut.no

Turen er ca 8,5 kilometer.

TA TUREN DU OG. SENK SKULDRANE, RETT RYGGEN, BRUK PUSTEN. GOD TUR 🙂

Tre forskjellige turer fra Skogstjerna i Markane

Dette innlegget skal handle om den vegen som eg  trakka da eg skulle ut å oppdage verden og få den første lærdomen gjennom skuleverket. Dette  var vegen eg og mine søsken hadde som skuleveg dei første skuleåra. Det var ikkje snakk om organisert skuleskyss i dei dager.

Når eg no rusler i desse bakkane og  langs Svingesetvatnet, så er det mange minner som dukker opp, som da vi stal nedfallsfrukt i Dalane, for så å banke på døra å fortelje kva vi hadde gjordt.  Vi vart alltid tilgitt.

Og minner om da vi på heimvegen fra skulen, hadde pause på toppen av Storedalebakken.  Der hadde vi pause og åt opp resten av nista vår og drakk resten av den heimelaga appelsinsafta. Det var lange og bratte bakker  for små føter.

Vegen går fra den kommunale vegen ved Dalane og til gardane som ligg i Grenda (Myrvang, Fenn, Svingeset, Bakkevoll og Dybevoll). Denne vegen blir i daglegtalen kalla Dalebakkane. Dette naturleg fordi den går opp mellom husa  i Daletunet og vidare opp bakkane. Denne vegen vart bygd tidleg på 1900- talet. Og det var oppsitjarane på gardane i Dalane og i Grenda som bygde den. Da Grenda fekk vegutløysing til Maurset og Hatledal tidleg på 70-talet, vart denne vegen ikkje lenger brukt til bilveg.

Dette innlegget vil vise tre forskjellige turer som går i same terrenget, men med forskjellige lengde på turane. Det vil også være nyttig om ein har lese innlegget om Gamle Maursetveien. Då ein kjem innom den også på desse turane.

Desse turalternativa er også  eigna for sykkel.  I  Dalebakkane er det ein del laus stein.

Utgangspunkt/startpunkt er ved ungdomshuset Skogstjerna i Markane. Der er det gode parkeringsmoglegheiter.
På gamle stier 083

TUR 1: DALEBAKKANE – SAGMODVEGEN – DALANE – SKOGSTJERNA. EIN RUNDTUR PÅ 4 KILOMETER
P1040643 Garden Dale (i dagleg talen Dalane)

Start ved Skogstjerna og gå den asfalterte vegen til du kjem til Dalane. Her tek du av til høgre og går opp gjennom tunet. Vegen går mellom husa og vidare opp bakkane.
P1040718  P1040723
Storedalebakken med «nistesteinen» på toppen.
P1040731Fennasaga panorama.
P1040735Eit nedtappa Svingesetvatn.

Etter at ein er komt eit stykke forbi Fennasaga og demningen kjem ein til «Sagemodvegen». Her tek ein til venstre. (står nokre kubber i krysset).

Dette må være forløparen til dei flotte løypetrasèane til Turløyper Stryn A/S. Sagemodvegen ligg der tørr og fin i all slags veir. Mjukt og godt underlag å gå/jogge/sykle på. Når du går sagmodvegen ser du garden Myrvang på høgre sida.
P1040742
 «Sagmodveien»

Når ein har gått vestover eit stykke kjem ein ned på gamle Maursetvegen.
P1040745Ved dette krysset tek ein til venstre, og vidare ned bakkane til bilveien. Da er det rake veien tilbake til utgangspunktet.
P1040696

tur 1

TUR 2: DALEBAKKANE – SAGMODVEGEN – MAURSETTJØNNA, RUNDTUR PÅ 6,5 KILOMETER
Dette er ein av mine favorittar. Om eg skal ha ein rusletur eller treningstur. Ei herleg runde som er ca 6,5 km. Utgangspunktet er det same som tur 1. Ein går same vegen som tur 1 eit godt stykke. Til Dalane, opp Dalebakkane og ut Sagemodvegen.
P1040743Våte parti er bygd opp med bruer.

Når ein kjem til den gamle Maursetveien  tek ein til høgre og føl den vegen til ein er ved Maursettjønna.
P1040745Ta til høgre her

Når ein er komt til Maursettjønna tek denne turen  same vegen tilbake til utgangspunktet.
P1040682Maursettjønna

TUR 3: DALEBAKKANE – BILVEGEN TIL MAURSET – GAMLE MAURSET VEGEN/HATLEDAL
Denne turen er ei fin sykkelrunde. Distansen er ca 8 km.

Utgangspunktet er Skogstjerna. Ein tek same rute som tur 1 og 2 til Fennasaga. Fortset på grusvegen langs Svingesetvatnet.
På gamle stier 008 P1040736Denne vesle høgda heiter Bayerhåjen. 
På gamle stier 046Torvhuset som står langs vegen ved Svingesetvatnet.

Fortset på grusvegen til ein kjem  til den asfaltert vegen. Ta  til venstre i  krysset, og følg bilvegen tilbake til utgangspunktet. Om du sykler får du nokre fine kilometer unnabakke.
Skogstjerna-Maursettjønna
Denne runden er ca 8 kilometer.

VIS VARSEMD I NATUREN, TA HENSYN TIL FOLK OG DYR.
GOD TUR.

Gamle Maursetvegen, Markane

No er det deilig vår ute. Og med vår følger også store temperatur forskjeller. Vi har hatt eit fantastisk veir sia påske. Temperaturer som nesten har tatt pusten fra oss. Men no har det blitt forandring. Nordvesten er kald og siste dagane har snøelingane gått i liene rundt oss på alle kanter. Naturen og alt som kjem opp av jorda om våren kan nok få seg eit sjokk. Håper at frosten ikkje gjer skade på alle desse små vekstane no i tidleg fase.
P1040698  P1040701
Eg fortset å skrive om turar i lavlandet og i mitt nærområde. Og mitt element er skogen. Ingen ting gir meir ro for kropp og sjel enn ein tur i skogen.

Eg velger også for denne turen å legge startpunktet  til ungdomshuset Skogstjerna i Markane. Her er det gode parkeringsmoglegheiter. 
P1040627Første del av turen går på asfalt og i lett unnabakke. Trafikken er ikkje så veldig stor så det går fint å finne roen fra første steg, (dvs når ein har komt seg trygt over riksveien). Det er mykje å få auge på når ein tek seg tid til det.
P1040632
Det er snart 20 år sidan skulen i bygda vart lagd ned, men skuleskilt har vi enda……
P1040703Når ein kjem ut i Langeflata ser ein eit felt som fekk store skader i stormen Dagmar. Mykje skog vart rasert, men grunneigaren har fått rydda opp og terrenget har blitt åpnare og lysare. No har ein fått utsikt mot øverste tuna  i Hatledalen og mot Navelsaker, på andre sida av Hornindalsvatnet.
P1040642Ein fortset på den asfalterte bygdevegen forbi garden Dalane og kjem snart til Dalebrua. Rett etter brua, og før ein kjem til saga, tek ein til høgre. Her kan det også være mogeleg å parkere ein bil. I så fall, køyr godt ut av vegen.
P1040648Den gamle Maursetvegen vart bygd tidleg på 1900-talet. Det var folket på Maurset som bygde vegen, det meste på dugnad. Det vart arrangert vegbasar og inntekta fra basaren gjekk til vegprosjektet fra Maurset til Dalane. Dette i forbindelse med at riksvegen gjennom Markane vart ferdig. Tidlegare hadde folket på Maurset hatt veg til Øyane, men all handel og vandel føregjekk på Faleide.  Denne vegen vart bygd for å korte ned reisetida med hest og vogn eller slede. Denne vegen var i bruk heilt til byrjinga av 70-åra.
P1040652
Når ein har tatt av fra asfalten er ein på den gamle Maursetvegen. Og det er berre å ha åpne sanser.

Vegen går forbi rørgata som kjem fra Svingesetvatnet og den frakter vatn  til kraftstasjonen som står heilt ned i dalbotnen. Rørgata og kraftstasjonen vart teke i bruk i 1920. Rørgata går langs vegen eit lite stykke oppover. Så dreier vegen meir mot nordvest.
P1040656
Det er ikkje mykje stigning på denne turen. Utgangspunktet  ligg på ca 210 moh.  Stigninga er på første del av gamlevegen. Etter kvart flater terrenget ut. Maursettjønna ligg på ca 310 moh.
P1040658Underlaget på veien er mjukt. Enkelte plasser kan det være ein del vatn, men kva gjer no det når ein er ute i skogen. Det er eit ypperleg terreng å jogge i.
P1040662Eg kjenner ikkje så mange namn langs denne vegen, men eit par har eg høyrt. Dette bilde er fra Leirhola. Vegen flater ut etter at ein har passert Leirhola.
P1040664Merkjingshåjen er eit anna namn som eg har høyrt. Dette namnet kjem truleg av at grensa/merkje mellom eigedomane i området  står opp på ein haug like ved vegen. Som ein ser av bildet er vegen tydeleg i terrenget.P1040666
Når ein nærmer seg vegenden, dvs der den kjem opp på bilvegen, så er den delvis opparbeidt med sagmod/flis. Det gjer at den er tørr og fin sjølv om det er mykje nedbør. Gamlevegen kjem inn på bygdevegen ved Maursettjønna.  Da åpner landskapet og ein ser mot Gulekoppen og  austover mot Gryta. Maursettjønna ligg på ca 280 moh. Her står det  ein fin liten benk så ein kan ta ein pause før ein set kursen tilbake til utgangspunktet.
P1040682
P1040683
Mange er opptatt av at det skal være utsikt der ein går. På denne turen er det ikkje så mykje utsikt, anna enn skog, men det er ein heilt fantastisk ro på denne vegen. Her kan ein tenkje dei store tankane eller berre la homla suse. Og om veiret er ruskete og kaldt, er det mildare og stillare i skogen. Om det bles, stopp opp og høyr kor det knaker i dei store furutreea……. Eg var så heldig å få sjå ein orrefugl fyke opp da eg stod og høyrde kor treea knaka.
P1040686Denne turen er ca 5,5 km tur/retur Skogstjerna. Det er ein tur som eg anbefaler om ein berre skal ha seg ein rusletur i fred og ro eller om ein skal ha seg ein skikkeleg treningstur. Det er også mogeleg å sykle denne vegen om ein har sykkel for slikt terreng.  OG ikkje minst, ein tur som er fin for barna. Tenk alt det spennande ein ser i skogen.

Kart over turen finn ein på ut.no :Gamle Maursetvegen

GOD TUR!!!

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑