Dette innlegget skal handle om ein ny bit av Den Trondhjemske postvegen. Eg har idag gått ein aldeles nydeleg tur. Må berre anbefale den på det varmaste. Turen over Ljøbrekka kan ein gå både fra Ljøen og fra Herdalen på Strandasida. Eg anbefaler å gå ifra Herdalen. Da får du den enklaste reisa. Herdalen ligg ca 100 m høgare enn Ljøen.P1050320Utgangspunktet mitt er Herdalen. Ved parkeringsplassen når ein har køyrd gjennom den 3 km lange Ljønibbtunellen/Hamrejøltunellen, siste tunellen fra Hellesylt mot Stranda. Her har det i dei siste åra blitt bygd store sikringsvoller mot ras. Du finn enkelt parkringsplassen.

Det er ikkje vanskeleg å finne starten på veien. Den går rett opp bak skiltet.
P1050268
Vegen går i fin stigning inn dalen.  Det er flott underlag og gå på og ein kan nyte duren av elvane som kjem ned fjellsidene.
P1050270  P1050273
Vegen er merka med raude merkjer på steinar langs traseen.Når ein kjem opp på første høgda er der gamle murer og eit slags uthus. Her har også Stranda il trimbok.
P1050275  P1050276
Litt lenger framme kjem ein til ei bru. Denne er veldig breid,  ein kan lure på om det er ei bru som vart laga i forbindelse med veiprosjektet som pågjekk under krigen..
P1050277
Når ein har gått eit stykke ser ein fremste Herdalsvatnet . Ei idyllisk perle. Her er det laga til med bord og benkjer så ein kan ta ein pause og nyte stillheita. Eg må innrømme at da eg gjekk turen i dag var inntrykka så store at det var vanskeleg å fordøye. Tankane gjekk til dei som bygde vegen og dei som skulle bære fram posten og gå andre ærend i all slags veir.
P1050282
Når ein går inn langs med vatnet kan ein så vidt skimte vegen kor den svinger seg opp Brekka.

Mange spor etter vegprosjektet som pågjekk under krigener synleg i terrenget.
P1050290

P1050294
  P1050286
I dalbotnen ser ein tydeleg dei 22 svingane som går opp Brekka. Ein kan godt tenkje seg at dette var ein strevsam tur om vinteren i all slags veir. Alle svingane er nummererte så ein held tellinga.
P1050285
  P1050300
Det har somme plasser gått jord og steinras over traseen, men det er ikkje vanskeleg å passere. Ein ser også at traseen held på å gli ut enkelte plasser. I dag (27/5) var det snø i øverste svingane. Sving 14, 16 og 18 var snødekt, men det gjekk fint å kutte svingane og kome vidare.
P1050309
På toppen av Herdalsbrekka ca 800 moh har ein flott utsikt nedatt Herdalen.
P1050313
Turskilt viser at her er andre turmuligheiter også. Godt merka med skilt og raude merkjer på steinane.
P1050321
Eg gjekk ein liten avstikker fra postvegen og gjekk fram på eit utkikkspunkt. Dette ligg ca 200 m fra traseen. Fram på utsiktspunktet får ein ein storslagen utsikt. Sola varma godt på fjellet og det lukta godt av sol og lyng. Om du let att augene….. kan du kjenne den lukta????
P1050340
Postvegen går vidare ned til Nykkjevatnet. I dag låg der fremdeles is på vatnet og det blir ei stund til  båten kan brukes.
P1050350
Langs med postvegen ser ein steiner som er lagt i hop til ein firkant. Dette er telefundament. Telelinja var ein del av gamalvegmiljøet fra 1896.
P1050344
Etter å ha passert ei høgd etter Nykkjevatnet  går vegen unnabakkjen. Da er det fin trasee ned til Ljøsetra. Det var kjekt å sjå at blåbærlyngen var full av blåbærviser. Da er det håp om at ein enkelte plasser kan finne blåbær etter kvart.
P1050362

P1050366
På Ljøsetra er endestasjonen for løypestengen som kjem fra gardane på Ljøen. Ein kan godt forestille seg at det var til god hjelp i det bratte terrenget. Vær oppmerksom på vaieren fra løypestrengen når ein går nedover mot Ljøen. Vaieren ligg fleire stader over stien/råsa. Kan i spessielt lys være vanskeleg å sjå.
P1050371
No går turen i fin rås ned bakkane. Utsikten er fenomenal. Langt der ned er  Sunnylvsfjorden, Korsfjorden og Geirangerfjorden.
P1050379
Stien slynger seg ned fjellsida. Fra sjøen og opp til Ljøsetra er det 35 svinger. Usikker på kor mange det er ned til riksvegen. Denne ruta av postvegen var delevis i bruk heilt fram til tunellane kom i 1962.

Det er mange fine plasser å setje seg ned og nyte den flotte utsikten.
P1050396
Når ein er komt ca halv veis ned fra setra kjem ein fram på eit parti som er oppmura. Det var i 1930 planer om bilveg over Ljøfjellet og det vart to alternativ som var aktuelle. Arbeidet kom i gang under andre verdenskrig, men vart avslutt etter kort tid. Spora etter anleggsarbeidet ligg fremdeles godt syneleg i terrenget. Det gjeld også det påbegynte tunellinnslaget på Herdalsida.
P1050413
Når ein nærmer seg riksvegen ser ein det nye utsiktspunktet som er laga til.
P1050421
Her er det gode parkeringsmuligheiter. Det som kan være ei utfordring når ein skal gå denne turen er å kome seg tilbake til utgangspunktet om det er der ein har bilen sin. Om ein ikkje vil gå  både tur og returen da. Det er sjølvsagt ei muligheit. Eg kom i prat med nokre nederlanske turister og da spurte eg like godt om eg kunne få sitje på gjennom tunellen 🙂

Eg prøvde også å finne postvegen fra Ljøen og ned til sjøen. Den fann eg ikkje så må gjere meir forarbeid når ein ikkje er kjende. Men eg fann ut at der var fleire garder i den bratte fjellsida. Så fekk meg ein fin spasertur ned bakkane på grusveien. Og da vart det varmt da. Sommer temperatur og sommerlukt. Hegg og andre blomstrer. Kom fram på gamle skulen på Ljøen. Midt ned i bakkane.
P1050437
Til og med flate parti og forhauster hadde dei på gardane her.
P1050439
Anbefaler å lese litt historie om denne biten av Den Trondhjemske postveien.
Har også lyst til å nemne den flotte bilturen det er å køyre inn gjennom Hondalen og til Hellesylt. Blå himmel, store fine grønne marker, nysprungen bjørkeskog og snøen som enda ligg på dei mange fjelltoppane. Nesten vanskeleg å halde seg på vegen.
P1050396
Kart  med inntegning av turen på Ut.no

 

GOD TUR!!