Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Måned: juni 2019

Skårsetra i Nedstryn

Utsikt til Storesunde og Mindresunde frå Nymarkvegen.

Stryn kommune har ca 100 setrar og Skårseta i Oppstryn er ei av dei. Setra ligg på ca 650 moh og høyrer til gardane Skår, Garlid og Bakkelid.
Som ved mange av dei andre setrane rundt om i kommunen er den gamle setreråsa blitt erstatta eller avskoren av skogsvegar, eller ein har valgt å legge utgangspunktet for turen til setra utanom tuna som der folk lever og bur.
Denne turen til Skårsetra startar ved Nymarkvegen, ein skogsveg som tek ein enkelt opp i terrenget, og som også er utgangspunkt til andre turmål.
For å kome til utgangspunktet tek ein vegen frå Storesunde mot høgdegardane Skår og Garlid. Etter ca 1.5 km kjem ein til Nymarkvegen. Der kan ein betale bomavgift og køyre vidare ca 1.5 kimometer. Eg anbefaler å parkerer bilen å gå heile vegen til setra. Det er 3 kilometer, delvis på skogsveg og delvis i rås.

Mange turalternativ ved starten av Nymarkvegen.

Ved starten av Nymarkvegen er det godt skilta til setra og mange andre turmål i området.
Følg skogsvegen i svinger opp lia. Vær obs i kryssa. For turen til Skårsetra følg merking til Kyrkjenibba. Etterkvart kjem ein til skilt på venstre side som viser veg til Kyrkjenibba/Skårsetra. Der går ein over i rås.

Etter litt stigning i rås kjem ein fram til Bjønnstejen. Dette er etter gammalt eit naturleg kvile når det var setring på setra. Her i frå flater råsa ut. Det er sett opp mange skilt med namn på plasser langs råsa.

Garlidmyrlada, ei fin lita bu på gamle murer.

Litt forbi Garlidmyrlada kjem ein innatt på skogsveg. Råsa til setra, som fremdelse blir nytta for å føre beitedyr til fjells, rasa ut under ekstrem veir. Denne skogsvegen vart laga for å få maskiner fram for utbetring av råsa.

Skogsvegen ligg fint i terrenget og gror snart fint til.

På vegen opp til setra kan ein sjå over til Kopasetra, setra som høyrer til Gjørven. Der er hengebru over elva, ca der ein kjem innatt på skogsvegen forbi Garlidmyrlada.

På Skårsetra står det tre sel og to fjøser, alle godt vedlikehaldne. Det var slutt med setring rundt 1955.
Vil ein gå vidare mot Kyrkjenibba er der bru over elva ca 150 meter bakanfor setra.

Turen til setra er ca 3 kilometer og med ei stigning på ca 450 høgdemeter frå bomavgiftskassa ved Nymarkvegen.

GOD TUR TIL SETERS.

Kjerringkjeftane.

Langs Storfjorden/ Hjørundfjorden er det mange flotte fjelltopper. Ein av dei er Kjerringkjeftane.
Den er ikkje blandt dei høgaste med sin 1028 meter over havet, men for ein utsikt.
For å kome til utgangspunktet køyrer ein Skjåstaddalen (Fv 41) frå Kalvatn til Bjørke. I vegkyrsset like ved skulen tek ein til venstre og køyrer til Finnes. Køyr gjennom tuna og vidare opp Bakkedalsvegen. Like ovanfor tuna står kassa for bomavgift. Der er også plass for 2 biler å parkere om ein vil gå vegen. Opp Bakkedalen køyrer ein i lauvskog, men enkelte plasser får ein fin utsikt nedatt til bygda og til fjella rundt.
Turen starter ved ca 300 moh. Der står skilt i vegkanten og ein parkerer langs vegen, eller på stor utviding ca 100 meter lenger framme.

Fin utsikt mot Hondalsrokken, Rokkekjerringa og Bjørkehornet.

Første del av turen kan være våt, men det blir betre etter kvart. Råsa er godt merka. Ein skal krysse elva to plasser. Ved stor vannføring kan det by på problemer. Der er ikkje bruer.

Opp Ryssdalen går ein i bjørkeskog opp langs elva Ryseåna.
Etter kvart blir terrenget åpnare og når ein kjem opp i ca 900 moh får ein eit fantasitsk skue mot Kvistadkjerringane som ligg på andre sida av Kvamsetdalen.

Siste del av turen mot toppen går ein i steinur. Der kan ligge snøskavler på toppen. Gå aldri ut på desse. Høgaste toppen ligg på 1028 moh og der står også boks for trimbok.
Fin utsikt nedatt i Kvamsetdalen og Fjellvatna.
Gå nokre hundrede meter vidare for å få den beste utsikta nedatt til Finnes, Kalnes, Viddal, Leira og Bjørke.

Frå venstre Leira, Kalnes, Bjørke og Finnes rett under.
Frå venstre Viddal og Leira.

Når ein set og speider over aller fjella ser ein mange kjente topper.
Jakta, Kviteggja, Hornindalsrokken, Rokkekjerringa og Bjørkehornet. Kikkerten låg igjen heime, men meiner vi såg Breifonna og Storskredfjellet i Oppstryn også.

Turen er ca 3,5 kilometer ein veg og har ei stigning på ca 700 høgdemeter.

PRØV DENNE TUREN I STORSLÅTT NATUR.

Otterdalsetra/Otterdalskaret

Otterdalsetra eller Otredalsetra, som blir brukt i daglegtalen, er setra til dei fem bruka i den vesle bygda på nordsida av Hornindalsvatnet.
Dei to yste bruka, «Ut i gara» og «Nord på Markjene» blir kalla «Utigar».
«Inigar» er felles namn for bruka «Inn på Markja», «Ut med Persen» og «Nyestovene». Det er vanleg frå gammalt av at tun rundt om i bygdene har slike kallenamn.

Utgangspunktet for turen til setra og til skaret er ved krysset ved postkassestativet, der skilta står. Der er det plass for 2-3 biler å parkere. Følg grusvegen mellom tuna og ein kjem til skogsvegen.

Frå tuna går det skogsveg opp dalen til setra. Denne vart truleg bygd på 1930-talet, den har blitt rusta opp for ein del år sia. Frå gammalt av var det eit kvile, Hillegrova, der elva kryssa råsa. Der kunne dei kvile og drikke av den kalde elva. Om det er same plassen som vegen no krysser ei elv veit eg ikkje, men der kan det være godt med ein kvil på brua. Det er ein bratt men fin veg å gå.

Fin men bratt veg til setra.

Siste stykke, over setrevollen, går ein på gras- og myrterreng.
Det er fin utsikt frå setra.

Selet og fjøsen som høyrer til Inigard.

Bruka som høyrer til «Utigar» slutta med setring i 1948. I «Inigar» slutta dei med mjølkekyr på setra i 1965.

Frå setra (400 moh)er det merka rås til Otterdalskaret. Følg merkinga som går til venstre ut frå setra. Der er også merka til Ytrehornsnakken frå Otterdalsetra. Dei merkingane går bak og mot høgre for setra.
Dette er ein del av løypa til ultraløpet Hornindal Rundt. Det er lett å følge dei kvitmåla steinane og treleggane bak gjennom dalen til skaret.
Frå Otterdalskaret (770 moh) ser ein over til Kalvatn.

Fin utsikt mot Hornindalsvatnet, Kjøsahalsen, Holmøyvik og Blåeggene.

Turen frå Otterdal og bak til Otterdalskaret er 5 kilometer.

GOD TUR I VAKKER NATUR.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑