Utladalen er ein av Europas djupaste dalføre, vill og vakker. Utladalen blir også kalla fossenes dal og det med god grunn. I tillegg til dei kjente fossefalla, Hjellefossen, Avdalfossen og Vettisfossen er her fem andre fosser i dette dalføret som strekker seg 2 mil fra Sognefjorden til vest Jotunheimen.

Gjennom dalen renn elva Utla som med sin flotte farge og høge volum held ein med selskap heile vegen til Vettisfossen.
Allereide ved den opparbeida parkeringsplassen og utgangspunktet ved Hjelle får ein sjå første fossefallet. Hjellefossen kjem frå elva Hjelledøla ei sideelv til Utla. Dette er den nederste fossen i dalføret.

På den store parkeringsplassen parkerer ein bilen gratis til ein er tilbake etter turen.Frå parkeingsplassen føl ein vegen forbi garden Hjelle og vidare til snuplassen.  Ved snuplassen starter den gruslagte traktorvegen som blir kalla Folkevegen. Folkevegen blei bygd av lokalbefolkninga i Årdal på 1970- talet, og regnes som eit av norges største dugnadsprosjekt.

Utladalen Naturhus  ligg under garden Skori ved Hjelle. Skori var eit gammalt gardsbruk som var i bruk fram til 1970- talet.
Det er stiftinga Utladalen Naturhus (Hydro Aluminium, Fylkelsmannen i S&Fj og Årdal kommune) som driv Naturhuset med utstilling og ein populær sommarkafe.
Naturhuset organiserer også skjøtselsarbeidet i heimre Utladalen, slik at kulturlandskapet framstår mest mogeleg som  då det var gardsdrift i dalen.Turen vidare må berre nytast.  Det er mange skilt langs vegen som fortel om kva plassane heiter og om historia i dalen. Det er bygd i alt fire gode og sikre bruer over elva.
    
Etter ca 1.5 kilometer ser ein Avdalfossen. Avdalfossen har eit fall på 173 meter. I kalde vintrar er her av og til fosseklatrara.
Fjellgarden Avdalen ligg på hylla over fossen. Der har det budd folk sidan 1598 og fram til 1962. Seinare har stiftinga Avdalen Gard og Årdal turlag restaurert garden som no er open for overnatting.

Etter ca 3.5 kilometer kjem ein til Hyljefossen. Dette er ikkje noke høgt fossefall men den ser ut for at den kjme ut av ingen ting. Den smyg seg gjennom eit trangt gjøl og ender i ein flott kulp. Det er rås fra vegen og ned til kulpen.
f
Like etter Hyljefossen og nokre høgdemeter stigning flater terrenget ut igjen og ein kan etter kvart sjå dei tre gardane i dalen.
Frå gamalt av og heilt fram til 1800-talet var heile Utladalen eit stykke utmark som høyrde til garden Vetti. Seinare kom Lauvhaugen og Flaten til, først som husmannsplasser, seinare som eigne bruk.

Den første garden ein kjem til er Flaten.Lauvhaugen ligg litt lenger opp i bakkane.Namnet Vetti betyr noke slikt som “eventyrleg”. Og har ein vore inn dalen og sett garden kan ein forstå sammenligninga til eit eventyrlandskap.
Edvard Grieg uttalte i si tid at han vart 10 år yngre for kvar gong han besøkte Vetti. Garden har husa mange andre kjende folk også, som Nansen, Slingsby og Dronning Sonja.
Dei restaurerte bygningane på Vetti Gard har røter heilt tilbake til 1100-talet.  Gamle kjelder fortel at der var åkerbruk og korndyrking på Vetti i år 1120. Etter svartedauden låg garden øde. Den noverande Vetti slekta kom til garen i 1714 og har vore bufaste der til fram på 1980-talet.

I dag er Vetti Gard Turiststasjon ein sommaropen gard. Garden tilbyr overnatting, og har i alt 20 senger. Der er også mogelegheiter for ekstra senger/madrasser på låven. I sommarsesongen er der også matservering på garden.
Turen vidare frå Vetti Gard Turiststasjon og til Vettisfossen går på rås. Det er merka med skilt ut fra garden. Råsa er tydeleg og i det bratte partiet ned til elva er det sett opp tau som er gode å holde i.
Ein høyrer fossen lenge før ein ser den. Og med sine 275 meter i fritt fall og ei total høgd på 370 meter er Vettisfossen Nord Europas høgaste uregulerte fossefall. Den er også kåra til Norges vakraste foss.

Kart over turen finn ein på ut.no: Ville Utladalen og rolige Vetti

 

PRØV DENNE FLOTTE TUREN I VILT OG VAKKER NATUR. DU VIL IKKJE ANGRE.