For dei som budde på nordsida av Hjelledalen var det denne gamle ferdselsvegen  som vart brukt når dei skulle til Hjelle på handel, til kyrkja på Fosnes eller hadde andre ærend ut av bygda.
Dei fleste suser no gjennom Hjelledalen på veg aust- eller vestover med fokus på asfalten og gulestripa.
Ta denne rolege turen og sjå Hjelledalen frå ein ny vinkel.
Turen går fra Hjelle  til Nygård og strekninga er ca 3,5 kilometer.
Utgangspunktet er ved den smale brua som går over elva Hjelledøla.  Her tek ein til høgre innover forbi det gamle skulehuset. Finn parkering  på sør sida av elva eller ved Hjelle skule og barnehage når der ikkje er skuleaktivitet.

Den gamle skulen var eit av  dei  første skulehusa som vart bygd i Oppstryn. Her var det skule fra 1882 – 1975.  Det var skule for Hjelle, Enebakk, Sigdestad, Glomnes, Vollsnes og Bolstad.
Skulehuset er no i privat eige og blir leigd ut til turister.I tillegg til fin turveg blir vegen også  brukt som tilkomstveg til dyrka mark på jordet som ligg ovanfor grustaket,  Vollsnes.
Langs stien er det sett opp plakater med informasjon om dei forskjellige plassane.
  
Ved grustaket har det tidlegare vore eit stort jorde i høgd med det ein kan sjå bak grustaket.  På 1970 talet då heilårsvegen over Strynefjellet vart bygd, vart det sett opp asfaltverk her. Det var god tilgang på grus og mykje grus vart tatt ut. Vidare frå grustaket går stien langs elva. Denne stien blir brukt av elevane ved Hjelle skule når dei  har uteskule/undervisning  i Bombeneset.  På veg opp stien kan ein sjå ein  målestasjon som måler vass standen i elva.På høgre sida, like før ein kjem i Bombeneset,  kan ein krysse elva på Kleivabrua og kome bort på vegen igjen som går til Hjelle. Tek ein turen over elva finn ein plakater med kulturhistoriske opplysninger.
Det første ein kjem til om ein tek turen over brua er Truskeverksvingen. Her stod truskeverkhuset til det vart tatt av uksefonna i 1979. Truskeverket vart etter det flytta til Folven.
Går ein vidare på vegen mot Hjelle kjem ein til Mykjedalane. Her blei steinmasser fra arbeidet med Hjelletunellen tippa i 1974-1975. Under steintippen ligg den eldste daterte kornåkeren i Sør-Norge. Den er datert til å være frå ca år 2200 f.Kr., altså frå slutten av steinalderen. Her er også funne spor etter busetnad frå rundt yngre bronsealder. (Kilde: plakat, Oppstryn skule og barnehage).
Denne avstikkeren er fin å ta på tilbaketuren om ein går tur retur Nygård.
  
Bombeneset har namnet sitt etter matbomber. Før i tida når folket på Bolstad arbeidde på markene hadde dei matpausane på denne plassen. Her står ei utelade som er flott restaurert og som Hjelle skule og barnehage brukar i si undervisning ved uteskulen. Utelada har fått namn etter ein tidlegare eigar.  I terrenget bak utelada er eit flott område der elevane får utfolde seg og være kreative i leiken. Her har dei også epletre, pæretre og plommetre som dei haustar frukter av. I tillegg har dei åker i området der dei dyrkar poteter og grønnsaker.
I Bombeneset var det i tidlegare tider ein husmannsplass. Ein kan framleis sjå murar etter ei gammal utelade som stod her. Den vart tatt av fonnvinden etter uksefonna i 1979.Fra Bombeneset går turen vidare på traktorveg til Bolstad. Her ligg fleire gardstun i klyngetun.
Den raude stova på bildet er huset der far til komponisten Per Bolstad kom fra.På turen har ein fin utsikt til dei mektige fjella i Oppstryn og Hjelledalen. Og med bøndenes raude lader, grønande marker, snødekte fjell, blå himmel og fuglekvitter er det berre å nyte turen. Denne turen stopper ved Nygård camping, ein av fleire overnattingsplasser i Hjelledalen. På Nygård camping har dei hytter, bobilplasser og teltplasser. 

Turen fra Hjelle til Nygård er ca 3,5 kilometer.

Kart over turen ligg på ut.no: Den gamle kyrkjevegen i Hjelledalen

GOD TUR!!