Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Måned: mai 2018

Utladalen og Vettisfossen

Utladalen er ein av Europas djupaste dalføre, vill og vakker. Utladalen blir også kalla fossenes dal og det med god grunn. I tillegg til dei kjente fossefalla, Hjellefossen, Avdalfossen og Vettisfossen er her fem andre fosser i dette dalføret som strekker seg 2 mil fra Sognefjorden til vest Jotunheimen.

Gjennom dalen renn elva Utla som med sin flotte farge og høge volum held ein med selskap heile vegen til Vettisfossen.
Allereide ved den opparbeida parkeringsplassen og utgangspunktet ved Hjelle får ein sjå første fossefallet. Hjellefossen kjem frå elva Hjelledøla ei sideelv til Utla. Dette er den nederste fossen i dalføret.

På den store parkeringsplassen parkerer ein bilen gratis til ein er tilbake etter turen.Frå parkeingsplassen føl ein vegen forbi garden Hjelle og vidare til snuplassen.  Ved snuplassen starter den gruslagte traktorvegen som blir kalla Folkevegen. Folkevegen blei bygd av lokalbefolkninga i Årdal på 1970- talet, og regnes som eit av norges største dugnadsprosjekt.

Utladalen Naturhus  ligg under garden Skori ved Hjelle. Skori var eit gammalt gardsbruk som var i bruk fram til 1970- talet.
Det er stiftinga Utladalen Naturhus (Hydro Aluminium, Fylkelsmannen i S&Fj og Årdal kommune) som driv Naturhuset med utstilling og ein populær sommarkafe.
Naturhuset organiserer også skjøtselsarbeidet i heimre Utladalen, slik at kulturlandskapet framstår mest mogeleg som  då det var gardsdrift i dalen.Turen vidare må berre nytast.  Det er mange skilt langs vegen som fortel om kva plassane heiter og om historia i dalen. Det er bygd i alt fire gode og sikre bruer over elva.
    
Etter ca 1.5 kilometer ser ein Avdalfossen. Avdalfossen har eit fall på 173 meter. I kalde vintrar er her av og til fosseklatrara.
Fjellgarden Avdalen ligg på hylla over fossen. Der har det budd folk sidan 1598 og fram til 1962. Seinare har stiftinga Avdalen Gard og Årdal turlag restaurert garden som no er open for overnatting.

Etter ca 3.5 kilometer kjem ein til Hyljefossen. Dette er ikkje noke høgt fossefall men den ser ut for at den kjme ut av ingen ting. Den smyg seg gjennom eit trangt gjøl og ender i ein flott kulp. Det er rås fra vegen og ned til kulpen.
f
Like etter Hyljefossen og nokre høgdemeter stigning flater terrenget ut igjen og ein kan etter kvart sjå dei tre gardane i dalen.
Frå gamalt av og heilt fram til 1800-talet var heile Utladalen eit stykke utmark som høyrde til garden Vetti. Seinare kom Lauvhaugen og Flaten til, først som husmannsplasser, seinare som eigne bruk.

Den første garden ein kjem til er Flaten.Lauvhaugen ligg litt lenger opp i bakkane.Namnet Vetti betyr noke slikt som «eventyrleg». Og har ein vore inn dalen og sett garden kan ein forstå sammenligninga til eit eventyrlandskap.
Edvard Grieg uttalte i si tid at han vart 10 år yngre for kvar gong han besøkte Vetti. Garden har husa mange andre kjende folk også, som Nansen, Slingsby og Dronning Sonja.
Dei restaurerte bygningane på Vetti Gard har røter heilt tilbake til 1100-talet.  Gamle kjelder fortel at der var åkerbruk og korndyrking på Vetti i år 1120. Etter svartedauden låg garden øde. Den noverande Vetti slekta kom til garen i 1714 og har vore bufaste der til fram på 1980-talet.

I dag er Vetti Gard Turiststasjon ein sommaropen gard. Garden tilbyr overnatting, og har i alt 20 senger. Der er også mogelegheiter for ekstra senger/madrasser på låven. I sommarsesongen er der også matservering på garden.
Turen vidare frå Vetti Gard Turiststasjon og til Vettisfossen går på rås. Det er merka med skilt ut fra garden. Råsa er tydeleg og i det bratte partiet ned til elva er det sett opp tau som er gode å holde i.
Ein høyrer fossen lenge før ein ser den. Og med sine 275 meter i fritt fall og ei total høgd på 370 meter er Vettisfossen Nord Europas høgaste uregulerte fossefall. Den er også kåra til Norges vakraste foss.

Kart over turen finn ein på ut.no: Ville Utladalen og rolige Vetti

 

PRØV DENNE FLOTTE TUREN I VILT OG VAKKER NATUR. DU VIL IKKJE ANGRE.

Brandsøyåsen i Florø

Brandsøyåsen ligg på Brandsøya, like i nærheita til sentrum av Florø , Norges vestlegaste by.

Brandsøyåsen er den viktigaste fotturområdet i Flora kommune, då den fungerer som nærturområde for om lag 80% av kommunen sine innbyggjarar. Frå toppen, som ligg 286 moh, har ein flott utsikt over Florø by, fjell, fjord og alle dei flotte øyane i vest.

Det er stiar til toppen av åsen frå mange kantar.  Ikkje alle stiane er merka, men dei fleste løypene har tydeleg sti og det er lett å finne fram.
På ut.no ligg det andre alternativ til vegvalg.
Aust på Brandsøy, like ved Rv 5, er det laga til flott parkering.  Der er det også busstopp.

Denne turen starter her ved parkeringa aust på Brandsøya og heile turen til Solheim er ca 4 kilometer.
Kart over denne turen finn ein på Ut.no: Tur over Brandsøyåsen fra Brandsøy parkering til SolheimFrå parkeringsplassen går det asfaltert veg til toppen av åsen.  Dette gjer at det er moglegheiter også for dei med sykkel. barnevogn og rullestol å ta seg fram til dette flotte turmålet.
Like etter bommen kjem ein til krysset der stien tek til høgre. Stien er flott tilrettelagt med grus i våte partier og bruer over elvar.   
At dette er eit populært turområde viser den store slitasjen i terrenget.
   
Etter kvart som ein kjem over skoggrensa blir det ei fantastisk utsikt. Frå venstre på bildet under ser ein Norddalsfjorden, Klavfjorden og Solheimsfjorden.Også vestover er det flott utsikt mot alle småøyane som ligg spredt i Florabassenget.  
Like ved tv-sendaren på Brandsøyåsen står Oppturvarden, også kalt Fylkesvarden. Denne vart bygd i friluftslivetsår i 2005. Kvar av kommunane i fylket har ein stein i varden, dei er merka med kor dei kjem fra.   
Ved tv-sendaren er det bygd gapahus og laga til med bord og benker. Her kan ein nyte utsikta og nista si.Frå toppen av åsen gjekk min tur mot Solheim. Det var brattare terreng, men der var godt tilrettelagt med stein trapper bygd av dyktige sherparar.  Ved stidele gjekk eg ned langs Kvernhuselva og til Tufleskardet.     
Når ein kjem så langt ned at ein ser bolighus skal ein ta til venstr over brua og vidare til parkeringsplassen på Solheim.

                                       PRØV DENNE TUREN VEST I FYLKET VÅRT.

 

 

Den gamle kyrkjevegen i Hjelledalen.

For dei som budde på nordsida av Hjelledalen var det denne gamle ferdselsvegen  som vart brukt når dei skulle til Hjelle på handel, til kyrkja på Fosnes eller hadde andre ærend ut av bygda.
Dei fleste suser no gjennom Hjelledalen på veg aust- eller vestover med fokus på asfalten og gulestripa.
Ta denne rolege turen og sjå Hjelledalen frå ein ny vinkel.
Turen går fra Hjelle  til Nygård og strekninga er ca 3,5 kilometer.
Utgangspunktet er ved den smale brua som går over elva Hjelledøla.  Her tek ein til høgre innover forbi det gamle skulehuset. Finn parkering  på sør sida av elva eller ved Hjelle skule og barnehage når der ikkje er skuleaktivitet.

Den gamle skulen var eit av  dei  første skulehusa som vart bygd i Oppstryn. Her var det skule fra 1882 – 1975.  Det var skule for Hjelle, Enebakk, Sigdestad, Glomnes, Vollsnes og Bolstad.
Skulehuset er no i privat eige og blir leigd ut til turister.I tillegg til fin turveg blir vegen også  brukt som tilkomstveg til dyrka mark på jordet som ligg ovanfor grustaket,  Vollsnes.
Langs stien er det sett opp plakater med informasjon om dei forskjellige plassane.
  
Ved grustaket har det tidlegare vore eit stort jorde i høgd med det ein kan sjå bak grustaket.  På 1970 talet då heilårsvegen over Strynefjellet vart bygd, vart det sett opp asfaltverk her. Det var god tilgang på grus og mykje grus vart tatt ut. Vidare frå grustaket går stien langs elva. Denne stien blir brukt av elevane ved Hjelle skule når dei  har uteskule/undervisning  i Bombeneset.  På veg opp stien kan ein sjå ein  målestasjon som måler vass standen i elva.På høgre sida, like før ein kjem i Bombeneset,  kan ein krysse elva på Kleivabrua og kome bort på vegen igjen som går til Hjelle. Tek ein turen over elva finn ein plakater med kulturhistoriske opplysninger.
Det første ein kjem til om ein tek turen over brua er Truskeverksvingen. Her stod truskeverkhuset til det vart tatt av uksefonna i 1979. Truskeverket vart etter det flytta til Folven.
Går ein vidare på vegen mot Hjelle kjem ein til Mykjedalane. Her blei steinmasser fra arbeidet med Hjelletunellen tippa i 1974-1975. Under steintippen ligg den eldste daterte kornåkeren i Sør-Norge. Den er datert til å være frå ca år 2200 f.Kr., altså frå slutten av steinalderen. Her er også funne spor etter busetnad frå rundt yngre bronsealder. (Kilde: plakat, Oppstryn skule og barnehage).
Denne avstikkeren er fin å ta på tilbaketuren om ein går tur retur Nygård.
  
Bombeneset har namnet sitt etter matbomber. Før i tida når folket på Bolstad arbeidde på markene hadde dei matpausane på denne plassen. Her står ei utelade som er flott restaurert og som Hjelle skule og barnehage brukar i si undervisning ved uteskulen. Utelada har fått namn etter ein tidlegare eigar.  I terrenget bak utelada er eit flott område der elevane får utfolde seg og være kreative i leiken. Her har dei også epletre, pæretre og plommetre som dei haustar frukter av. I tillegg har dei åker i området der dei dyrkar poteter og grønnsaker.
I Bombeneset var det i tidlegare tider ein husmannsplass. Ein kan framleis sjå murar etter ei gammal utelade som stod her. Den vart tatt av fonnvinden etter uksefonna i 1979.Fra Bombeneset går turen vidare på traktorveg til Bolstad. Her ligg fleire gardstun i klyngetun.
Den raude stova på bildet er huset der far til komponisten Per Bolstad kom fra.På turen har ein fin utsikt til dei mektige fjella i Oppstryn og Hjelledalen. Og med bøndenes raude lader, grønande marker, snødekte fjell, blå himmel og fuglekvitter er det berre å nyte turen. Denne turen stopper ved Nygård camping, ein av fleire overnattingsplasser i Hjelledalen. På Nygård camping har dei hytter, bobilplasser og teltplasser. 

Turen fra Hjelle til Nygård er ca 3,5 kilometer.

Kart over turen ligg på ut.no: Den gamle kyrkjevegen i Hjelledalen

GOD TUR!!

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑