På veg gjennom Oldedalen ser ein mange ville fossefall. Fossande strøymer i vill dans mot havet; det er som om vatnet har det svært så travelt etter fleire hundre års binding som is. Ein av desse fossane er Gytrifossen. Den ligg gjøymt bak i Gytridalen, mellom Rabbfjellet og Yrinibba, og med Myklebustbreen som utgangspunkt.
Nede ved Oldenvatnet ligg det campingplasser på begge sider av elva. Gryta Camping ligg lengst nord og Olden Camping Gytri ligg lengst sør. Fra begge campingplassane har ein flott utsikt til fjella og breearmane i dalen.
Det er fin tursti på begge sider av Gytrielva og bak gjennom dalen. Går ein opp på nordsida kan det være vanskeleg å nå heilt fram til Gytrifossen. Da ender råsa ved Storesteinen. Fra gammalt av var der rås til Nedreholten. Usikker på om den er rydda og om ein finn den no. Fra Nedreholten er det fin utsikt både oppover og nedover dalen.
Eg vil skrive om turen til Gytrifossen med utgangspunkt fra Olden Camping Gytri. Der står skilt ved oppkjørsla til gardsvegen. Parkering er mogeleg på plassen ved gapahuken. Plasser bilen mest mogeleg i utkanten av plassen.Første del av turen går på gardsveg, fra campingplassen til tunet. Der i fra er det skilta mot Gytrifossen og turen går vidare på skogsveg og i beite. Etter eit stykke er der er fleire vegar som kjem i hop, denne turen held til venste opp bakkane.
Det langstrakte Oldenvatnet blenkjer der nede i dalbotnen og speglar ein natur som av mange blir omtala som Norges vakraste. Gytridalen er trang og det er berre enkelte plasser ein får eit glimt av vatnet. Nyt stillheita og elvesusen.Skilt viser at det også er andre turmål i området.
Turen fra campingplassen til Gytrifossen er ca 2 kilometer lang og har ei stigning på ca 450 meter. Stien er delvis merka med raudmåla trelegger og steiner. Stien er stedvis bratt og det er ein fordel å gå den når det er tørt i terrenget.Her ser ein Gytrifossen eit stykke bak i terrenget. Rabbfjellet 1432 moh til høgre for den. Myklebustbreen ligg like bak.Bildet over er tatt ein augustdag i 2016.
Bildet under er teke i slutten av mai og det er da enda mykje snø i elveløpet under fossen.
Kart over turen finn ein på ut.no: Gytrifossen i Oldedalen
GOD TUR OG NYT STILLHEITA OG ELVESUSEN.
Legg igjen en kommentar