Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Måned: mai 2017

Rognnessetra ved Hornindalsvatnet

Rognnessetra høyrer til gardane på Rognnes ved Hornindalsvatnet. Der er fire bygninger på setra no, men ein kan sjå av gamle murar i terrenget at  der har vore fleire bygningar i tidlegare tider. Setra ligg slik til at den er vanskeleg å sjå da skogen,med store grantre, veks tett inn på setrevollen. Ein har likevel eit flott utsyn over Hornindalsvatnet rett bak sela. Her som å mange andre plasser er setreråsa avskoren av skogsvegar.
Denne turen starter vest for garden Rognnes og går første stykket på skogsveg. Det er god plass til å parkere bilen ved utgangspunktet. Da eg gjekk turen, ein gråveirsdag  i februar, bar skogsvegen preg av teleløysing.
  Utgangspunktet like vest for garden Rognnes.
Denne skogsvegen, Hamrevegen, vart bygd i 1987 og er vel 1,5 kilometer.
  
Utsikten fra skogsvegen er flott sjølv på ein regnfull februardag. Og sjølv om denne skogsvegen ligg tett på RV15 er de stille og fredeleg oppe i lida. På andre sida av Hornindalsvatnet ser ein Heggjabygda og Strand.Det er mykje rart ein kan sjå ute i terrenget om ein tek seg tid og ser seg rundt. Skal sei eg skvatt da denne «skapningen» dukka opp ved sida av vegen.
  Skogstrollet
Skogsvegen går enkelte plasser gjennom granfelt. Da blir utsikten sjølvsagt dårleg, men stillheita og roa er absolutt tilstades. Berre å nyte.Enkelte plasser får ein utsikt. Her ser ein mot Furefjerding, Navelsaker, Otterdalsnakken og lengst til høgre Gløvrefjellet og  Ytrehornsnakken.Der skogsvegen slutter kan ein sjå den fråflytta garden Fletene.
No går turen vidare i rås. MEN ein skal ikkje gå den tydelege råsa langs steinmuren!! Ein tek råsa som går motebakka. Den er ikkje merka og heller ikkje så tydeleg, men likevel går det fint å følge den. I granfelta må ein være ekstra påpasseleg da det er lett å ta feil retning.   Råsa går på kanten til elva Såta.Vidare fra denne utelada går råsa i granfeltet mellom nokre enorme grantre. Framme på setrevollen kan ein nyte den totale stillheita og utsikta.  Gamle fjøsmurer.
    

Turen til Rognnessetra er ca 3 kilometer og har ei stigning på ca 300 høgdemeter.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Rognnessetra ved Hornindalsvatnet.

GOD TUR!!

Svarstadveten og Vetestova

Turen til vetestova og Svarstadveten er ein enkel tur. Ein tur som er fin som treningstur eller ein tur der ein kan rusle og finne roen.  Fra utgangspunktet til Veten, som den blir kalla i daglegtalen, er det ca 2 kilometer. Turen går på skogsveg og sti. Høgdeforskjellen fra utgangspunktet, ved setrevegen, til Veten er ca 300 meter.Sidan sist eg var her har det vore store skogsmaskiner i drift for å ta ut mengder med granskog. Eg var derfor spent på om skogsvegen var inntakt. Og eg vart ikkje skuffa. Skogsvegen var fin å gå på og for ein utsikt det hadde blitt. No ser ein Stryn sentrum og heile Strynebygda heilt til Oppstrynsvatnet og bygda Flo med Rinddalshyrna, 1677moh, bak.
  
Utgangspunktet for turen er ved setrevegen som går fra Vinsrygg til Tverrfjellet. Denne vegen er bomveg så ta med penger og løys billett eller parker og gå dei få hundrede meterane (ca 700m) til Klype der skogsvegen starter. Det er tydelege skilt ved vegen.
Ein har ikkje gått langt før utsikten er heilt fantastisk. Ein ser bla.  fra venstre Gryta (1032 moh), Høgefjellet (1138moh), Rinddalshyrna (1677 moh), Årheimfjellet (1007 moh), Meleinsnibba (1007 moh).
  
Første del av turen går i skogsveg. Og når granfeltet tettar seg til att rundt vegen tek ein til venstre og går over i sti. Ein fortset å gå i granfelt, med tydeleg og merka sti, opp bakkane. Granfelt kan være travelt, men det har sin sjarm også.
  Når ein kjem ut av granfeltet tek furuskogen over. Store flotte furutre med fine plasser å ta pause på. Som her ved desse to steinane. Ypperleg plass for ein rast.Etter at ein har passert desse steinane kjem ein til eit stidele. Det er skilta til Klokkholjølet. Dette er eit jøl/fordjupning i terrenget som går nedover.
Etter ei kneik på ruta kjem ein til ei stor myr/flate. Veteflata. Og fram på myra ligg den nye vetestova. Det er ikkje lenger mogeleg å finne spor i terrenget etter den gamle vetestova, men den låg i området der den nye vetestova er sett opp. Dagens vetestove er oppført av ein ivrig dugnadsgjeng fra Bergsida i 2001.

Denne veten var eit ledd i eit landsomfattande militært varslingssystem av liknande vetar, omlag 1000 i alt. Dei var plasserte i ei rekkje langs svenskegrensa og langs kysten, slik at dei var godt synlege for flest mogeleg, og slik at ein kunne sjå frå den eine til den andre. Vart krigsskip eller framande hærstyrkar observerte, skulle veten tennast, og vetevakta på neste vete skulle tenne sin. Slik kunne landet mobiliserast i løpet av 7 døgn. Det var svært raskt, langt raskare enn nokon angrepsstyrke kunne flytte seg. Langs kysten stod vetane tett, og med varierande høgde over havet, for å få signalet sikkert fram om det var dårleg sikt lågt nede, eller i høgda.

Bergsideveten/Vinsryggveten er ein vete som har sin forgreining fra Takloveten vest for Eid. Fra Takloveten vart signala sende til Dimma vest for Utvik, vidare til Ulvedalsveten på Fjelli og vidare til veten ovanfor Vinsrygg. Fra denne veten gjekk signala i to retningar. Ein mot Huaren på Auflemfjellet og ein mot Skåråsen i Oppstryn som igjen sende mot Veten i Hjelledalen.Denne nye vetestova er flott tillaga og ein ypperleg plass for å ta ein pause. Vetestova er ikkje låst og på eit oppslag på veggen kan ein lese om at ein er velkomne til å nytte vestestova. På plakaten er der åtte punkt som bør lesast og respekterast.
  
  
På veggane og på bordet finn ein informasjon om arbeidet med bygginga av vetestova og om varslingssystemet.Ved vetestova kan ein absolutt finne roen. Ikkje den storslagne utsikten, men stille og fredeleg. Berre fuglane som held ein med selskap.Det er tillaga med benker på fleire sider av vetestova, så her er mogelegheitene mange for å ta ein rast.Turen vidare til Svarstadveten går nord over. Terreng blir meir myrlendt, men stien er tydeleg over myrane og er merka med raude måla stikker.
  
På mange offisielle kart og nettsider blir høgda der tv-omformaren står kalla Svarstadveten. Fra gammalt av er det rette namnet  Gamle Vetebakken, og det er truleg her den eldste veteplassen har vore.
Stryn T&IL har trimbok som er plassert på bygningen ved tv-omformaren.Ta turen vestover fra bygningen og få flott utsikt i alle himmelretninger. Ein ser fra Oppstrynsvatnet til Hornindalsvatnet og alle fjella rundt.

Kart over turen finn ein på ut.no: Svarstadveten og vetestova

GOD TUR!!

Revjehornet på Stadlandet

Revjehornet er ei havklippe på nordsida av Stadlandet. Toppen rager 426 moh og har fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Ein ser resten av Stadhalvøya, innover Vannylvsfjorden, nordover Søre Sunnmøre og i vest mot Stadhavet.  Namnet har havklippa fått på grunn av revjene som er i klippa. Desse er særleg godt synleg fra sjøsida.
På bildet over ser ein Revjehornet som det høgaste punktet til høgre. Bildet er tatt fra stranda før tettstaden Leikanger.
Har ein tatt turen til Stadlandet anbefaler eg også ein tur til Tungevågen og  Eltvik.  Vegen vestover fra Leikanger til Borgundvåg og Tungevåg vart opna i 1936.  Vegen vidar til Eltvik vart opna i 1959. Statens Hamnevesen såg det da som tjeneleg at Eltvik-folket fekk tilgang til den lune hamna i Borgundvågen i staden for å bygge eit kostbart hamneanlegg i Eltvik. Vegen er smal , kronglete og veldig fasinerande men godt framkomeleg. På skilt langs vegen er det anbefalt å ta turen til Eltvika berre i dagslys.

Bildet over er tatt på Storeneset og her ser ein Revjehornet fra vest.

På Storeneset bygde tyskarane i 1942 eit kystfort med seks franske feltkanoner og fleire mindre kanoner for nærforsvar og luftvern.

Formålet med kystfortet var å sperre innløpet til Vanylvsfjorden, men også å sikre eigne skip og konvoiar i Vanylvsgapet. På neset er det restar etter stillingane til dei seks store feltkanonene, med tilhøyrande ammunisjonsrom og dekningsrom. Her står fleire grunnmurar igjen etter brakker og stillingar for mindre kanoner. Gjennom toppen av neset er det sprengt ut ein tunnel frå standplassen til 5. kanon og til ei forlegningsbrakke i andre enden. Eit stort område var inngjerda med piggtråd, og det var lagt ut 2.456 landminer. Kystfortet vart rydda og lagt ned like etter krigen. Kanonene vart selde som skrapjern, men framleis ligg bakre halvdel av kanonrøyret igjen i kanonstillingane. Kanonene var av same type som dei to som står igjen i Florø. (kilde: Fylkesarkivet)

Turen som blir skreve om her går fra høgaste punktet på vegen fra Borgundvåg til Tungevåg. Parker ved ei gammal grushole.
Stien er ikkje så tydeleg i starten, men terrenget er åpe og lett å lese.
Gå opp langs den gamle tilhengaren som står ved grushola og vidare opp på høgda bak den. Etter kvart blir  det fin utsikt over Tungevågen.
Tungevågen er ein saltvasspoll som er ein trekk- og overvintringslokalitet for vassfugl. Stadhavet er eit av dei mest verharde kystområda i landet og  i uversperioder har det vist seg at Tungevågen har ein særleg viktig funksjon for fugler som havelle, ærfugl, svartand og skarvar som søkjer ly i området. Årleg overvintrer 10-20 songsvaner i dette området.På første del av turen er det lite merking. Ein kjem opp langs eit gjerde og går over nokre småmyrar og lyngbakkar. Ein må finne ein nedgang for å kome forbi nokre hamrar. Gå litt i retning nordaust fra gjerde.Etter at ein har passert hamrane og gått over ei stor myr skal ein ta opp glenna til venstre på bildet. Etter det er stien merka med små varder og raude stikker. Stien ligg fint i terrenget og føl formasjonane i fjellet. På ein plass kan ein kome i stuss. Det er ein plass stien deler seg, der held ein til venstre.Underveis på turen har ein heile tida flott utsikt. På bildet under ser ein nedatt til Tungevågen med spesiell grønn farge på havet.  Terrenget er lett å gå i og stien er tydeleg etter første 300-400 meterane. Små vardar viser at ein er på rett veg.Utsikten taler for seg sjølv. Fantastisk. Den dagen vi tok turen var havet blått, himmelen var blå, vinden var still og temperaturen var god. Det er berre å setje seg ned og nyte utsikten i 360 grader.
Eit tips: Ta med kikkert.
Her ser ein bl.a vest i Stadhavet, resten av Stadhalvøya, Måsevatnet, Storeneset, Eltvika, Varaldsfoten 397 moh.

Turen til Revjehornet er 2,5 kilometer og toppen ligg 426 moh.
Der er også ein sti som går fra vegenden i Borgund. Den stien er merka med raude stikker og er ein brattare tur. Om ein vil kan ein lage ein fin rundtur med å kombinere desse to rutene. Stiane går i hop siste stykke på toppen av Revjehornet.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Revjehornet på Stadlandet

GOD TUR OG NYT HAVLUFTA!!

Kyrkjhornsetra – Sætrehornet – Lønnsetra

Rundturnen Kyrkjhornsbakkane – Kyrkjhornsetra – Sætrehornet – Lønnssetra – Kyrkjhornsbakkane er ca 9 kilometer.  Høgdeforskjellen er på ca 700 meter.
Denne turen går på flott skogsveg fra utgangspunktet ,som er ved ein parkeringsplass øverst  i byggefeltet i Kyrkjhornsbakkane. Skogsvegen går heilt til Kyrkjhornsetra. I alle kryss er det skilta så det er ikkje vanskeleg å finne fram og det er angitt kor langt det er til andre turmål i området.
  
Kyrkjhornsetra ligg fint til i lida ved inngangen til Kyrkjhorndalen. Mange fine små sel og fjøser. Det er synd at skogen har vokse så til. Utsikten fra setra hadde vore fantastisk om det hadde vore tynna litt.Her på setra har Hornindal i.l trimpost og her kjem ein inn på traseen for ultraløpet Hornindal Rundt.  Turen vidare føl traseen til Hornindal Rundt og går på råsa som er tydeleg merka med kvite merker på steinar og treleggar. Råsa går no opp bakkane og over ei bru. Rett etter brua tek ein til høgre inn skogen.  Enkelte plasser får ein eit glimt av utsikten gjennom skogen.  Her ser ein så vidt Hornindalsvatnet og Kjøsahammaren. Råsa flater no litt ut og det blir meir luft mellom treleggane. Det er nydeleg rås å gå i, stilt og fredeleg, berre fuglesang og elvesus.
  
Ein krysser Kyrkjhornsdalen der traseen til kraftlinja går. I dette partiet er det litt myrlendt, men råsa er  likevel tydeleg i terrenget. På bildet ser ein Sætrehornet, Storehornet og Gulkoppen.
Sætrehornet er ikkje så markant fra denne vinkelen. Ser ein det fra nord- nord/aust blir den veldi markant.Bildet under er tatt der kraftlinja går ned til Tomasgard. Returen på denne turen går om Lønnssætra. Fra Sætrehornet og tilbake til kraftlinja blir turen den same som ein gjekk opp.  For å kome til Lønnsetra går ein råsa rett fram mot Hornindalsvatnet. Ein kan også gjere turen kortare og droppe Sætrehornet, berre runde av mot Lønnssetra.Sætrehornet 852 moh. med utsikt til deler av bygda langt der nede. Ein har også fin utsikt til fjella mot Møre, Blåbrehornet, Rokkekjerringa, Hornindalsrokken og Kviteggja.Vestover ser ein bla. Middagsfjellet, Glitereggja, Hornindalsvatnet, Navelsakerfjellet og Gløvrefjellet.På returen for denne rundturen går ein råsa tilbake til der kraftlinja krysser Kyrkjhorndalen. Vidare føl ein råsa rett fram retning Hornindalsvatnet.  Råsa er tydeleg og fin, men ikkje merka.

  
Her har naturen laga til kvilestol. Plass til fleire. Berre å prøve.Lønnssetra er setra for gardane på Lødøen. Rundt 1920 var det 30 melkekyr på setra. Det har vore to fjøsar, ein som var bygd av stein og ein av tre. ingen av fjøsane står no. Det har vore berre eit sel på setra og budeiene var samla der. Det var løypestreng til setra. Den vart brukt å  sende høy, lauvkjerr og blåbær heim til garden. Mjølka bar dei heim.
Det var slutt på setring på setra ca i 1944.
Selet er restaurert og like i nærheita kan ein sjå murane etter ein stor fjøs.
Råsa fra Lønnssetra går flatt ut fra setrevollen og fortset sørvest over. Råsa er tydele og merka. Etter ca 600 meter kjem ein nedatt på skogsvegen. Her har ein to valg. Ein kan gå same vegen som ein kom opp tilbake til Kyrkjhornsetra eller berre gå den skogsvegen som ein er komt ned på.  Begge alternativa fører til parkeringsplassen  i Kyrkjhornsbakkane
  

Kart over turen finn ein på Ut.no: Kyrkjhornssetra-Sætrehornet-Lønnssetra

GOD TUR!!!

Gamle Kvalheimsvegen på Vågsøy

Bygda Kvalheim ligg på sørsida av Vågsøya. Bygda kan sporast langt tilbake i tid og er nevnt i kjelder så tidleg som på 1300-talet. Fiske og jordbruk var viktigaste leveveien som i dei fleste andre bygdene ved kysten.  Det var vanskelege hamneforhold i Kvalheimsvika og hamna kunne stort sett  brukast berre i godvær. På slutten av 1940-talet vart det bygdt ny landingsplass for Kvalheim, Storbåtjølet. Dette var stor framgang for fiskarane på Kvalheim, sjølv om også denne hamna er veldig væravhengig.
Selje kommune, som Kvalheim høyrde til da, løyvde i 1870 pengar til veg til bygda. Kvalheimarane måtte ta på seg ein stor del av kostnadane med vegbygginga, anleggsarbeidet og vedlikehaldet av vegen. Vedlikehaldet var spesielt krevjande om vinteren når det var snøveir og vegen bles att.
Denne dugnaden heldt på heilt fram til 1960-talet.
Med stadig større busser og lastebiler vart det behov for betre veg og i 1965 vart nye vegen lenger oppe i fjellsida teken i bruk.

Etter fleire år med igjengroing og utvasking av gamlevegen sette ein gjeng med eldsjeler i gong med dugnadarbeid. Med stor dugnadsinnsats fra folk i bygdene Raudeberg, Vedvik, Refvik og Kvalheim vart gamlevegen nyopna i 1998, no som trim og rekreasjonsløype.Utgangspunktet for turen er Hagen ved austsida av Refvikvatnet. Der er stor parkeringsplass, men parker ikkje framfor garasjaneportane. Starten på vegen seier seg sjølv med den flotte smijernsporten som er sett opp. Denne gamle vegen er godt vedlikeholdt med grus og den ligg fint i terrenget. Fleire plasser langs vegen og vatnet er det laga til med kvileplasser. Her er det fint å sitje og har ein niste i sekken er det berre å benke seg. Det er viktig at ein tek med seg alt søppel når ein forlet plassen.Når ein går langs den gamle vegen ser ein den nye vegen lenger oppe i fjellsida. Mange køyrer denne vegen for å kome seg til bygdene Kvalheim og Kråkenes. Vil ein besøkje Kråkenesfyr køyrer ein også over Kvalheimsfjellet.Refvikvatnet er naturreservat og dette vatnet er ein såkalla strandsjø som er oppdemt av lausmassar frå havet. Vatnet har stor verdi som trekk- og over vintringsplass for andefulg og vadefugl. Det er registrert 44 artar av våtmarksfulg i dette området.

Den gamle Kvalheimsvegen går parallelt med vatnet eit godt stykke. På bildet kan ein også så vidt skimte bygda Refvik og havet. Den høgaste toppen ein ser til venstre på bildet er Traneberget 418 moh. Ein fin tur å gå på om ein vil gå litt lenger enn den gamle vegen.Her ser ein tilbake mot Hagen, bebyggelsen øverst på Raudeberg og fjellet Vadefjellet som er 288 moh. Ved den store steinen på bildet er der trimpost. Det er laga til med i alt 5-6 kvileplasser langs vegen. Her kan både gamle og unge gå tur og gå så langt som ein har lyst og eventuelt setje seg ned og vente på dei som vil gå lenger.Den gamle vegen har lite stigning før ein kjem til Reinurda. Der starter stigninga og vegen slynger seg opp fjellsida i fleire hårnålsvingar. Arbeidet på desse svingane, som er flott oppmura, var fordelt på gardbrukarane på Kvalheim. Frå gammalt av var det tre bruk på Kvalheim, Ytre Kvalheim, Myhre og Indre Kvalheim.
Kvalheimsvingane som vi ser dei i dag stod ferdig i 1932.
Her ved Myresvingen har ein fin utsikt mot bygda Refvik, den populære badestranda Refviksanden og stor havet.Ved Refviksvingen står eit oppslag om ei nifs hending som skjedde ein stormdag i 1961.  Heldigvis enda det godt.Ti år etter at kommunen løyvde pengar var vegen fra Hagen til bøgarden på Indre Kvalheim ferdig. Det er sett opp ei steinstøtte med årstalet innrissa. Denne støtta står nær bilvegen og parkeringsplass som er opparbeida. Så vil ein gå turen motsatt veg er det moglegheiter for det.

Denne turen på gamle Kvalheimsvegen er 2,3 kilometer og med ei stigning på ca 150 meter.

GOD TUR, NYT DET FLOTTE TERRENGET UT MOT HAVET!!!

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑