Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Postvegen over Hunvikskaret/Hundeidet

p1120669Mange er nok ikkje klar over at ein gammal postveg  går over Hunvikskaret/Hundeidet  i Eid Kommune. Heilt fram til 1978 var den gamle postvegen den einaste vegen bygda Hundvik hadde til omverda. Ellers var fjorden ferdselsvegen til og fra bygda.
Eg gjekk tur i denne postvegen i fjor haust og her kjem nokre bilder og ein beskrivelse om kor ein finn denne vegen. Men først litt bakgrunnstoff.

Det lokale embetsverket og militærvesenet som sat spreidd i kringom i dei nordlege bygdene på Vestlandet, hadde trong for ein nokolunde jamn og trygg postgang. På slutten av 1700-talet vart difor Den trondhjemske Postvegen bygd mellom Bergen og Trondheim. I Sogn og Fjordane vart den teken fullt i bruk i 1795. Postvegen gjekk etter ruta Gulen-Leirvik-Dale-Førde-Jølster-Reed-Utvik-Faleide-Hornindal og vidare nordover til Hellesylt, der postsekken kunne skyssast vidare nordover med robåt. I 1823 vart det i tillegg sett opp ei postrute som gjekk nordetter vestlandskysten. I Selje vart bergensposten frakta over Mannseidet til Sunnmøre. Frå Eide i Moldefjorden ved Selje vart post som skulle innover til Nordfjord, send med landpostbod gjennom Rimstaddalen og ned til robåtskyssen som venta på Bryggja. Denne rodde ”Nordfjord-ruta” enda i Utvik der den korresponderte med ruta langs Den trondhjemske Postvegen.

Men nokre av dei viktigaste statlege funksjonane i Nordfjord var samla i Eid: Sorenskrivarkontoret låg på Løkja og militærvesenet hadde hovudsete på Nordfjordeid. Dessutan sat det ein sorenskrivar i Volda som gjerne ville ha raskare postgang. Dette var grunnen til at det i 1826 vart opna  ein ny postveg over Hunvikskaret og gjennom Hjelmelandsdalen i Eid Kommune. Denne ruta korresponderte med Den trondhjemske Postvegen på Rebakken ved Breimsvatnet. Derfrå vart postsekken skyssa ut til Ryssfjæra, rodd over fjorden til Hunvik, derfrå  med postsekken på ryggen over Hunvikskaret til Hundeide og vidar med robåt nord om fjorden til sorenskrivargarden på Løkja (Leikvin). Frå Løkja gjekk postsendinga nordover mot neste sorenskivar i Volda gjennom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen.
(kilde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)

For å kome til utgangspunktet køyrer ein på sørsida av fjorden fra Nordfjordeid og til Hundeide.  Følg skilting til Hundvik i ca 1,5 km til  ei utviding/lunneplass på venstre sida. Der er startpunket for turen og god plass til å parkere.

Fra parkeringsplassen/lunneplassen tek ein vegen som går til høgre forbi stolpen som ein ser på bildet.
p1120660  p1120661
Underlaget i vegen er mjukt å gå på. Det er slakt terreng med nokre bratte kneiker. Traseen er tydeleg nok,men ein kan sjå at det ikkje er så mange som tek denne turen. Kanskje fordi få veit om den.
p1120662  p1120663
Gamle klopper over elvane ligg slik dei har lege i snart 200 år.
p1120664  p1120665
Den gamle postvegen går delvis paralelt med bilvegen som vart bygd i 1978. Når ein nærmer seg setra Hanshjellen kjem ein heilt opptil bilvegen.  Gå forbi setra og hald til venstre på skogsvegen.
Skilttavla fortel om andre turmuligheiter i området. Eg har tidlegare gått turen til Veten/Takloveten og den kan fint kombineres med turen i postvegen.
p1120666  p1120667
p1120700p1120668

p1120670  p1120672
Etter ca 300 meter kjem ein til eit kryss. Hald til høgre/rett fram.  Etterkvart blir terrenget ein del myrlendt men ikkje vanskeleg å ta seg fram.
p1120673  p1120674
Turen gjer ein så lang som ein vil. Det er spennande å sjå kor langt ein klarer å følge den gamle traseen. Etterkvart blir postvegen meir og meir igjengrodd og når ein kjem over fjellet er den så og seie heilt vekke. Det er også ein fin tur å gå grusvegen heilt ned til bygda. Eg tok turen ned bakkane og var heile tida på utkikk etter spor i terrenget som kunne vise meir av den gamle postvegen. Eg kom i prat med ein bonde som bur i bygda og han peika og forklarte kvar postvegen hadde gått. Han viste meg vegen gjennom tunet og hagen sin og innpå den gamle postvegtraseen igjen. Slik vart det til at eg fekk gått eit stykke av postvegen som ligg «skjult» i skogen.
p1120690  p1120691 p1120692p1120682
I Hunvika som alle andre plasser gror det igjen med skog, men der er enkelte utsiktspunkt. Her ser ein over Hunvikfjorden mot dei veglause gardane Metteneset, Årevika og Hammaren. p1120679
Utsikt inn Nordfjorden fra toppen av Hunvikskaret.
p1120701  p1120704
Går ein litt utom traseen får ein sjå ein mektig steingard. Denne har det vore mykje arbeid å lage. No står den der som eit symbol på ei faren tid akkurat slik som postvegen ligg der i skogbotnen. Ta turen og utforsk den gammal ferdselsvegen.
p1120710

GOD TUR I SPENNANDE TERRENG!!

5 kommentarer

  1. Gisle Hunvik

    Takk for fin historie/beskrivelse av postveien over Hunvikfjellet. På denne stien/veien hadde vi mange turer/minner for å besøke besteforelde i Hunvik. Ser av bildene at mye er gjengrodd og det er jo ikke så rart når bilveien endelig kom og ferdselen ble på den. Det var også fasinerende at posten ble trasport
    over fjellet til fots eller på ski om vinteren. Som barn var denne turen over fjellet et eventyr, skog,
    stier, fjell, bekker, skrenter, snarveier, utsikt, lukter, lyder, fugler, dyr, kappspringing, bratt, flatt, bær og
    ingen biler og besteforeldre som ventet på oss i sitt paradis.

    • Bodil Dybevoll

      Gode og verdifulle minner av ei svunnen tid. Viktig å ta vare på og fortellje vidare til komande generasjoner. Også viktig å ta vare på desse gamle ferdselsvegane. Kulturhistorie.

  2. Turid

    Hugser då Ingebrigt kom ned i «tunet «på Hundeide og henta og leverer post i gamle dager ?synest og det er kjekt å sjå det røde setet vårt på bilde ?

    • Bodil Dybevoll

      Postmannen som kom med/ henta post er verdifulle minner. Fortell om den tida til alle som vil høyre. Det raude selet er heilt fantastisk. Akkurat passe stort.

  3. Nils Dahlgren

    Link kanskje løitt flere opplysninger

Legg igjen en kommentar til Bodil Dybevoll Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑