Frå Hjerkinn til Grønbakken
I oktober hadde vi ein flott tur over Dovrefjell, fra Hjerkinn til Grønbakken og vidare til Nestavollan. Sjølv om det var midt i oktober var det nydeleg veir, vindstille og god temperatur på fjellet.
Foranledningen til turen var turgåvekort fra jula 2014 fra mine nærmaste. Ei gåve som eg sette utruleg stor pris på og som eg har minner fra resten av livet.
Denne turen er enkel å gå og alle i familien kan være med på denne turen. Vi var ei samansatt gruppe på 6 personer. Fra bestemor til datterdatter. Nora var 2,5 måned og sat trygt og godt i bæresele med mammaen sin.
Vi fann eit godt overnattingstilbud ved : Hjerkinn Fjellstue, der har dei store og flotte leiligheter så heile turfølget kunne være ilag.
God frukost med nydeleg utsikt.
Klargjering, alle skal med.
Heilt sia siste istid har menneska ferdast på Dovrefjell. Dei første var fangstmenn i steinalderen og seinare kom dei i flokk og følge: konger og hærmenn, embetsmenn, handelsfolk, pilgrimar og heilt vanlege folk som var ute etter arbeid på den andre sida av fjellet.
Da Eidsvollsmennene undertegna Grunnlova i 1814, tok dei kvarandre i hendene og sverga: ”Enig og tro til Dovre faller”! Eidsvollsmennene gjorde fjellområdet til Norges nasjonalfjell. Arkeologiske funn har avslørt at våre forfedre gjennom årtusener har utnytta fjellet sine ressursar her oppe. Omfattande fangstanlegg for villrein finst mange stadar i fjellet, og det er også funne gravplassar som er datert frå år 300 til 1700 e.Kr. Dovrefjell har også ein historisk kongelig sus over seg. Mange kongar har tatt denne vegen på sine kroningsreiser til Nidaros i Trondheim.
Pilgrimsleia kjem frå mange himmelretningar med felles mål, Olav den Helliges gravkyrkje, Nidarosdomen. Pilgrimsleia og Kongevegen over Dovrefjell er ein del av Gudbrandsdalsleia. Det er den lenste pilgrimsleia i Norge, og var hovudveien til Nidaros.
Kong Øystein Magnusson (1088-1123) var den første som bygde fjellstover for farande folk på Dovre.
Vegen ligg tydeleg i terrenget og er merka med pilgrimssymbolet. Turen fra Hjerkinn til Grønbakken er ca 7 kilometer.
Turen går i slakt stigning til ein er ved Hjerkinnshøe ca 1200 moh. Dette er turens høgaste punkt. Langs heile turen har ein utsikt mot fleire kjente fjellformasjoner.
Arbeidet med å kartfeste, rydde og merke pilgrimsleia starta i 1994. Den første leia, frå Oslo til Trondheim og Stiklestad, blei åpna i 1997. Den ruta er 650 lang. Rette strekninger.
Vegen er i god stand og her kan ein lett bruke både terreng sykkel og sportsvogn. Når ein har passert det høgaste punktet er der eit parti som er litt dårlegare. Ekstremveiret sommaren 2013 gjorde store skader på vegen. 208 km igjen til Nidaros, som var målet for pilgrimane.
Vannskade i veien når ein har passert høgaste punktet.
Iniativtakarane og arrangørane av turen. Ein matpause i lyngen gjere godt for store og små.Her ved Porten går vi fra Oppland til Sør-Trøndelag fylke.
Mange andre turforslag også.
Dovrefjell er muskusane sin arena, og sjølv om kikkerten var i flittig bruk fekk vi aldri sjå dyra.
Skilta fortel turgåere at her er mange fleire turalternativ.
Denne turen avslutta vi på ein parkeringsplass ved Grønbakken like ved E6. Der hadde vi på forhand parkert ein bil så det var enkelt å ta seg tilbake til utgangspunktet. Om ein vil kan ein snu og gå tilbake også. Da blir turen 14 kilometer.
PRØV EIN LETT TUR I HISTORISK TERRENG.
NYT NATUREN.
Såg ut som ein fin tur, ikkje for tung, den kunne eg tenkt meg. Ville hatt med meg turfølgjet ditt, haha.
Turen og turfølget var behageleg. Roleg og fint terreng. Dei sju kilometeraen merka ein nesten ikkje.