P1140226Turen til Skongsnes fyr går i variert terreng over fjellet fra Halsø. Ein spennande tur for store og små.  terrenget varierer fra stor skog til åpe landskap med utsikt over Stadhavet. Første stykket går  på privat grusvei, deretter på sti/rås, over enkle berg  og nokre våte myrer. Det er ca 3 kilometer ut til fyret.

Utgangspunket er ved Halsø/Sætre. Ein køyrer Rv 622 fra Raudeberg mot Vedvik.  Køyr til ein passerer skilt med Halsø og Sætresanden. Etter ein knapp sving er der utviding/parkeringsplass langs veien. Der er merka på autovernet og ved postkasser med  treskilt  Skongenes fyr/Skongsneset.
P1140151  P1140153
P1140154
 Her går ein grusveien til høgre
P1140158  Når grusveien er slutt går ein over i sti/rås.
Råsa er fin og godt  merka av   Ytre Nordfjord Turlag  med raude Tèr og raude merker på trestammer og steiner.
P1140168    P1140176P1140161Tilbakeblikk mot Sætresanden til høgre. Lyseholmen midt i bildet og Silda til venstre.P1140267  Veidele. Ta råsa til venstre.P1140165Når ein kjem opp på første høgda kjem ein til Forklevatnet. Denne dagen, i slutten av februar, var det issørpe på vatnet. Men om sommerern er det fult av vannliljer. Eit nydeleg skue.

Historia om namnet til vatnet, er i følge Kulturnett Sogn og Fjordane,: Ei jente datt ut i vatnet og ein gut treiv henne etter forkledet.147Sommer bilde fra Forklevatnet (2008).P1140180Ved Ørnehola. P1140197Her ser ein bygda Vedvik, Mehuken og Kråkeneset.P1140190Skongsnes fyr med Skongsnesholmen utanfor. Stadlandet bak i snøelingane.
P1140205   P1140201
Vår, skog og hav da blir ein så glad.
P1140207  Følg råsa i pilretninga.
P1140210
Steingard mot utmarka. Vika heiter Maulkråna.
P1140212  Høyre du bølgeduren?P1140213Skongsnes fyr vart oppretta i 1870, automatisert og avfolka i 1985. Hovudhuset ligg lengst mot vest og er omkransa av fleire mindre bygninger i eit tun med hage. Mot sør ligg uthuset/lager og ein fjøs. Mot nord ligg maskinhuset og verkstaden. Fyrtårnet ligg ytterst på neset som ein seperat bygning.
Skongsnes fyr drives av Ytre Nordfjord Turlag/ Sogn og Fjordane Turlag med avtale Kystverket. Fyrvaktarboligen er fult utstyrt/møbelert og til utleige.  På grunn av beliggenheita og tilkomst er alt basert på sjølvhushald. Det er montert standard DNT lås og det brukes standard DNT nøkkel.
P1140223     P1140245P1140221      P1140238
Fersk vatnet blir samla opp.                                              Fin lun kvileplass med utsikt.

Det er laga til ein fin lun plass med utsikt over havet. Her kan ein sitje og høyre på havet som skummar med stor kraft mot berget, telje bølgene, høyre fuglane og berre nyte havlufta og la roen senke seg. Det gir flotte naturopplevelsar på fine sommerdagar og på stormfulle vinterdagar.

Det er mykje å utforske og studere på og rundt fyret. Ta ein tur ned den fine veien til naustet og moloen. På godveirsdagar kan båtar legge opp til moloen slik at besøkande kan gå i land.P1140249P1140260  P1140214
Det går ann å gå langs fjæra innatt til Halsø. Men dette kan gjerast berre på fjære sjø og når berga er tørre. Ellers kan det være ei farefull ferd. Det er stadvis litt klyving.
Går ein langs fjæra vil ein kome forbi Skongsneshellaren. Denne hellaren ligg ca 100 m fra strandkanten. Den er 40-50 m djup og 30 m høg ved inngangen. Det er gjordt funn fra eldre jernalder i hellaren.

Går ein langs fjæra er det mykje å utforske og oppdage. Studerer ein kart  ser ein at ein passerer Storegytten, Kveldstøytneset, Revesteinane og Tysketuftene.P1140235

Kart over turen til Skongsnes fyr finn ein på Ut.no: Skongsnes fyr i Vågsøy

TA TUREN TIL HAVET.