P1130386Turen til Vikasetra og Randasaga starter i Holmøyvika.   Like ved Vikaelva og Hjelle snikkerverksted er der høve til å parkere  på begge sider av Rv 15. Første stykke av  turen går på skogsveg. Fint og mjukt underlag.P1130327  Eit lite skilt som viser at ein er på rett veg.
P1130332  Første stykke går på skogsveg.
Ein  går skogsvegen eit stykke til den deler seg. Ein held til venstre og kjem snart til ei bru som går over Vikaelva. Ein fortset på skogsvegen, men skal etterkvart over i rås på høgre side. Det er tydeleg spor og eit skilt som viser der ein skal ta av fra skogsvegen.
P1130333 Ei av mange bruer over Vikaelva.
P1130339 Tydeleg rås ut av skogsvegen og eit lite skilt.
P1130346  P1130344
Kraftverk i Vikaelva vart bygd i ca 1947 og gjekk fram til ca år 2000.

Råsa er tydeleg og stillheita er komplett når ein går opp Sagedalen. Kun naturen sine eigne lyder. Når ein går opp Brautaen, ei lang strak stigning på råsa, høyrer ein Vikaelva som durer langt der nede.
P1130348  Nydeleg rås opp Brautaen.P1130352Når ein er komt opp på Brauta ser ein Styggholsfossen.
Råsa fortset over eit litt vått parti, men det går greit å kome fram. Etterkvart kjem ein innpå  skogsvegen. Ein føl den til ein er ved den  nye brua over Vikaelva, Sagedalsbrua. Eit fint stykke arbeid som vart utført på dugnad sist sommer. Går ein turen ein varm sommardag er her muligheiter til å avkjøle seg i den fine kulpen nedanfor brua.
P1130357  P1130361P1130368Etter brua kan råsa enkelte plasser være vanskeleg å sjå, men følg med i terrenget så ser ein spor etter kor det er naturleg å gå. Eg kom fram på fint opplagde steiner i trappetrinn, og da var det ikkje vanskeleg å skjønne at eg var på rett veg. Og snart ser ein Vikasetra i himmelsjå.
P1130373 Kven har vore sherpa her?P1130374Vikasetra i himmelsjå.
Vikasetra  høyrer til gardane i Holmøyvika, Vikøyane og Skåpavika. Den store fjøsen er fellesfjøs til fire bruk . Fjøsen som står åleine høyrer til Skåpavika. Der er eit sel/hytte på setra.
P1130386  P1130389

RANDASAGA.Randasaga- forstørra«Randasaga første halvdel av 1900»  Magne V. Kristiansen 2000.  Måla i samarbeid med Magne Rosenlid.

Går ein vidare rett sørover fra den store fjøsen på Vikasetra, kan ein følge ei rås eit godt stykke mot Randasaga.  Murane etter saga ligg ved elva. Der er ikkje tydeleg rås heilt fram om ein kjem fra Vikasetra, men følg råsa til ein kjem til ei stor myr,  drei da austover mot elva.
Eg gjekk for langt og for høgt i forhold til  Randasaga men kom fram på brukara  der Randabrua gjekk over Vikaelva. Artig å sjå det og.
P1130393 Eit av brukara der Randabrua kryssa Vikaelva.
Eg gjekk over elva  ved desse brukara og langs med elva  til eg kom nedatt til murane etter saga.

Randasaga var ei oppgangsag og var i bruk fram til 1915. Det var to bruk på Rand og to bruk på Tvinnereim som hadde eigarskap i saga.  Dei hadde skogteigar i Randaskogen, på nordsida av Holmøyskaret, ned mot Holmøyane. Tømmeret vart saga  og  frakta  gjennom Holmøyskaret  til Rand og Tvinnereim. Når dei skulle ha tømmeret til Rand gjekk vegen fra Holmøyskaret ut Fagredalen til Randastøylen og vidare til Rand.
Når tømmeret skulle fraktast til Tvinnereim, var det eit vegdele ca 200 meter etter skaret, der gjekk vegen til Tvinnereim  på venstre sida av Høgefjellet, ned Klebersdalen og til Tvinnereim.
Vegen gjennom Holmøyskaret heiter Randavegen.

Saga stod fram til ca 1930.  No er det berre murane  og litt av tømmerstokkane som er syneleg.

På 1870-talet var det eit voldsomt styggeveir, og mykje skog i Randaskogen bles ned. Tømmeret vart saga og frakta til Randabygda. Av dette tømmeret vart det sett opp to hus. Eit av det er det gamle skulehuset på Skrede.
P1100159 Det gamle skulehuset på Skrede.P1130394Slik ser murane av Randasaga ut no. Godt storflaumen ikkje har nådd murane.
P1130398 Også litt av tømmeret i bygningen viser enno.
Turen til Randasaga kan ein også ta uten å gå om Vikasetra. Når ein er ved Sagedalsbrua fortset ein på venstre sida av elva. Ein går ca ein kilometer på skogsvegen og dreier mot elva. Det er ikkje så enkelt å sjå murane når ein kjem den veien, men går ein langs med elva finn ein dei.

Ein kan også gå skogsbilvegen fra Nybø i Markane og til Randasaga.  Da føl ein skogsbilvegen heilt til lunneplassen, vidare ned Kupa og fortsetje  vidare på traktorskogsvegen langs med elva.
Turen fra Nybø kan ein lese meir om her: Skogsvegen i Randaskogen.

Turen ligg på Ut.no: Vikasetra og Randasaga

Sjå andre måleri av Magne V. Kristiansen: adfontes.no og www.facebook.com/adfonteskunst.

GOD TUR!!