Vinteren er på hell og eg er klar for å starte tursesongen på barmark.   I min iver etter å finne våren og utforske nytt turterreng så har eg i heile vinter studert kart på nettet. Og det mangler ikkje på alternativer verken på kart eller turer.

Ut.no (eit samarbeid mellom NRK og  DNT)har ei flott nettside som ein lett kan bruke for å planlegge turar og finne inspirasjon til nye turmål. Da er turane lagt inn med ein beskrivelse og innteikna på kart. Ein finn også oversikt over hytter og overnattingsplasser. Nettstedet er enkelt lagt opp og ein kan søkje på aktuelt område ein ønskjer å finne tur i.  I tillegg kan ein legge inn turer sjølv for å inspirere/informerer andre om turforslag ein har. Eg har lagt inn nokre av turane som eg har laga blogginnlegg av. Det kjem fleire etterkvart.P1090429Dagens tur ligg i nærområdet, langs Panoramaveien, på Nordsida.

Utgangspunktet og parkering  er ved Nordsida skule på Blaksæter. Der i fra går ein litt unnabakken før ein tek til høgre og fortset på skogsveg. Underlaget er mjukt og godt å gå på. I dag var det vind og det knaka godt i dei store grantrea som stod langs vegen. Ein koseleg lyd å høyre på.
P1090432  P1090434
P1090437  symbol på “som ein grønne tråd” på turen.P1090445Sjølv om kalenderen  viser februarså er det fine innslag av grønn vegetasjon.
.P1090439
Langs vegen ser ein innslag av gamle instalasjoner. Her er det gamle oppmuringer etter eit bygg.P1090448P1090449Langs vegen/stien kan ein sjå skilt som viser at her er andre tur alternativer i terrenget. Avstikkaren til Ulvedalsnausta må eg utforske ein anna gong.

Ved vegenden  går turen over på rås/sti. Det er merka med raude plastband. Det er no viktig at ein følger desse banda. Her er ein del dyretrakk og lett å ta feil retning. Ein god regel når ein ferdes i ukjent terreng er å sjå neste merke før ein går for langt fra forrige merke. Om det er vanskeleg  å sjå med ein gong, så ta deg tid til å stoppe opp og studer terrenget.
P1090450  P1090459
Eg hadde trudd at utsikten skulle være beire på denne turen, men det er ein del skog ein og del gamle rotvelter. Kansje hadde turen vore skumlare om det var mindre skog?P1090455Ikkje langt over fjorden til Utvik. I dag gjekk snøelingane halvveis ned i lida.
P1090457   Ei stor furu på kanten av stupet. Utvik i bakgrunnen.P1090462   Gamle instalasjoner langs stien/råsa.
P1090465   Her er spor etter noken som har leita etter mat.
Overaskelsen var stor da eg kom fram på denne hagen langt ut i Ulvedalsfjellet. Skogahagen, ein frukthage som har høyrt til bruket Skogen. Truleg i bruk fra slutten av 1800 talet og fram til midten av 1900 talet. Tilkomstsvegen til hagen er mura opp for hest, men det må ha vore litt av ei ferd å få avlinga derifra med hest.
P1090469P1090467     P1090468
P1090472     P1090477
Stien er fin og godt merka. På enkelte plasser er det bratt og ein må vise ekstra forsiktigheit. Det er viktig at ein følger merkinga. Ikkje spøk å gå seg vill i Ulvedalsfjellet.

Her er det fin utsikt mot Utvik. Ikkje langt over fjorden her.P1090474P1090484Denne turen som ligg innteikna på Ut.no er ca 3,5 km ein veg.  Har no seinare gått stien/råsa heilt fram til Baggehola. Det er fin sti/rås heilt fram og den går vidare til Sagedammen.

Sjå kart på denne turen på ut.no: Nordsida skule – Ulvedalsneset

VÅREN ER RETT RUNDT HJØRNE. BRUK DEN OG NYT DEN.