Vegen over Berstadeidet var i mellomalderen pilgrimsveg for dei som skulle til heilagstaden på Selja. I tida fra kring 1820-1870 vart den også nytta som postveg. I nyare tid,fram mot siste verdskrig, har vegen vore nytta som kyrkjeveg for folket på Rimstad som skulle til kyrkje i Selje.
Logistikken kan være ei utfordring om ein vil ta denne turen. Men om lysta og viljen er der så er det mulig å få til. Er ein fleire i følge kan ein ha bil på kvar ende av turen. Eller ein kan reise kollektivt. Eg tok bussen til Almenningsfjellet og ny buss derfra til Berstad.
Utgangspunktet for turen er lett å finne. Køyr rv 618 mellom Selje og Almenningsfjellet. Lengst inn i bukta i Moldefjorden ligg Berstad, ca 8 km sør for Selje. På høgre sida av veien når ein kjem fra Almenningsfjellet ligg nokre fine kvernhus og like etter ei flott brå/turkis måla grind. Her er utgangspunktet for turen. Ein kan sjølvsagt også gå denne turen fra Rimstad til Berstad.
Utgangspunktet ligg på 35 moh. Det er 8,2 km til Rimstad. Som ein ser av dei flotte turskilta som Selje il har sett opp, så er turen til Rimstad merka med embletet for Sunnivaleia.Fra hovudveien og opp bakkane er det jamn og fin stigning. Stien er fin og godt merka.
Postvegen mellom Berstad og Rimstad var den første i ytre Nordfjord. Vegen stetta i si tid kravet til tjodveg, det vil seie at den skulle vere minst to alen (1,3m) brei.Etter ca 1,5 kilometer kjem ein til Berstadvatnet. Dette ligg 159 moh. Eit stort fint fiskevatn. Fiskekort får ein kjøpt på Berstad.
Som ein ser av bildet så er det lagt ned mykje arbeid i tidlegare tider, med heller og bruer over elver. Dette for å gjere vegen fast og god å gå for hest og folk. I første del av turen er det ikkje så mange spor etter at det ein gammal fedselsveg, anna enn bruene. Men til lenger ein kjem mot Rimstad til meir viser det av den gamle vegen.
Når ein er komt opp til Berstadvatnet forset ein vidare på austsida av vatnet. Ein kjem etterkvart til Pisanibekken. Ei kjelde som aldri frys. Den er oppattkalla etter Jakob August Pisani, som i mange år kring 1860 var postmann på ruta Ålesund-Vanylven-Eide-Bryggja-Utvik. Nær denne bekken er der også ein fin bålplass/leirplass. Fint plass å ta ein pust i bakken.
Turen går her heilt i vannkanten. Ein ser no fram til Fureneset og vidare opp mot skaret som ein skal over. (midt i bildet, under høgste toppen)Tilbakeblikk over Berstadvatnet. Det var utruleg stille i naturen denne dagen. Ikkje folk å sjå, berre litt bjølleklang fra nokre sauer på andre sia av vatnet.Ved enden av vatnet finn ein gamle ruiner. Kansje ei seter eller ein gammal gard.
Det er litt stigning opp lida fra vatnet til ein kjem til det høgste punktet på turen, Løypinga som ligg på 275 moh. Namnet kjem turleg av at det har vore tømmerløype her.Turen er godt merka og det er fleire turalternativer i området. Når ein kjem over i Vågsøy kommune er det mindre merking, men ikkje vanskeleg å finne fram.
Kaffi og sjokolade høyrer med når ein går på tur.
Når ein står ved det høgste punktet på turen, Løypinga, ser ein veien vidare mot Rimstad. Stien går over Futemyra, og historia fortel at ein dansk fut har mista livet her. Om han reid seg ned i myra eller vart slegen i hel er uvist.
Turen går over ein del myr, men det er sett opp stikker som er raudmåla så det er greit å finne veien. Det er tydeleg spor i elver og over diker etter arbeid som har vore gjordt i tidlegare tider. Turen går langs med mange vatn og det skaper liv i
terrenget. Ein går forbi Berstadvatnet, Vaulevatna, Fiskevatnet og Sammeltunvatna.
Den gamle ferdselsveien blir tydlegare i terrenget når ein nærmer seg Rimstadalen.
Ein kjem etter kvart fram til desse flotte gamle steinbruene. Imponernade å tenkje på at det her har vore ferdsel med hest.
Når ein nærmer seg gardane i Rimstaddalen kjem ein inn i eit beite da er det viktig at ein held hundar i band og let att grinda etter seg.
Ein kjem ned i bygda på Rimstad.
Utgangspunktet om ein starter turen fra Rimstad.
Rimstaddalen med sine store vide marker og eit kjent landemerke i horisonten.Denne turen er 8,2 kilometer og ein bør berekne 3-4 timer. Det er ein lett tur. Ein starter på 35 moh, høgaste punket ligg på 275 moh. Rimstad ligg på ca 100 moh.
Kart med innteikna rute finne ein på ut.no: Berstad – Rimstad
TA MED FAMILIEN, VENNER ELLER TA TUREN PÅ EIGA HAND.
0 kommentarer
1 tilbakeping