Kjært barn har mange namn. Når eg les kart så er det forskjellige namn på denne toppen. Det er slik med mange fjelltopper. Dei har forskjellige namn alt etter kor ein ser toppen fra. Eg har alltid kalt denne for Sagtindane, men på kartet står Sagtennene.
Den turen eg skal skrive om her er turen fra Lotsstøylen og til tv-sendaren på Sagtennene/Høgefjellet/ Trolledalsegga. Ein ser denne sendaren tydeleg i himmelsjå når ein køyrer rv 15 Stryn – Nordfjordeid.
Eg har valgt utgangspunket på Lotsstøylen. Den ligg høgt og fritt ca 480 moh. Det er bilveg heilt fram til støylen. Faktiskt er det bilveg heilt fram til sendaren på toppen, men det er kun for dei med køyretillatelse.
For å kome til utgangspunktet køyrer ein E39 fra Nordfjordeid til Lote. Eller ein kan køyre Panoramavegen til Lote. Køyr mot Lotsberg, etter ca 500 meter ta av til venstre (mellom eit bolighus og ein garasje). Det er ikkje skilta så vær observang for det kan være vanskeleg å forstå at det er der vegen går vidare.
Frå avkjørsla ved E39 og opp til Lotsstøylen er det ca 4 kilometer. Det er grusveg og om ein vil kan ein starte turen heilt nede ved hovudvegen. Sykkel er også fult mogeleg på denne turen. Men det er ein bratt tur. Toppen ligg på 1022 moh.
Her er beitande dyr så pass på å lat att grindene. Fin grusveg heile vegen.Fra Lotsstøylen og til toppen er det 4,2 kilometer. Dette er ein barnevennleg tur. Ta med ei vogn så dei små føtene kan få kvile litt innimellom. Har ein barn som ligg i barnevogn så er heller ikke det noke problem. Trill i veg. Det er god trening for lår og rompemuskelaturen. Bruk ein finveirsdag av permisjonstida og gå ein tur til fjells med minstemann.
Når ein nærmer seg toppen flater terrenget ut og ein kan strekke litt på muskelaturen. Siste stykke på ca 1,5 kilometer føl vegen egga til sendaren. Da har ein fin utsikt både til Hornindalsvatnet og til Nordfjorden.Disigt i fjella, men likevel nydeleg. Også så flotte haustfarger i fjellet no.Varden står eit stykke fra sendaren og var liten i forhold. Her har ein flott utsikt til Hornindalsvatnet og bygdene rundt.Utsikt mot vest. Her ser ein Eid sentrum, Eidsfjorden, Trollenykjen, Hunvikfjorden.Utsikt mot sør. Her ser ein Anda og Hestenesøyra.Lotsstøylen ligg fint med utsikt mot Hunvikfjorden. På sørsida av fjorden ser ein Hyeneshesten, Skeistrandhesten og Nosa. Alle på ca 1200 moh.Ta turen og utforsk nabobygdene. Flott natur og utsikt til kansje ukjende fjell. På denne turen treng ein ikkje bli våt på føtene heller.
Kart over turen finn ein på ut.no: Sagetindane – Høgefjellet – Trolledalseggja
GOD TUR!!!!
Fin tur. Men det heiter ikkje Sagtindane, men SAGTENNENE? Logisk når ein tenkjer på tennene ein går på før ein kjem til sendaren
Da har eg rette opp dette. Takk for tilbakemelding 🙂