Eg har lenge vore fasinert av dei gamle ferdselsveiane mellom dei ulike bygdelaga. Tanken på korleis folk før i tida tok seg fram, tida dei brukte, børene dei frakta og slitet dei hadde i all slags veir for å kome seg fram kan være overveldande. Det er store kontraster til korleis vi no reiser mellom bygdene.
Mellom Indre Nordfjord og Sunnmøre er det fleire overganger som vart nytta som ferdselsveier. Ein av dei mest brukte var veien mellom Vollset og Flo, men også overgangen mellom Knutsdalen i Hornindal og Kyrkjeeide i Stryn vart nytta.
Turen eg skal skrive om denne gangen er turen fra Storesunde til Inigardsetra, vidare til Skihellevatnet, over skaret ved Skihellesvodene og ned Skihelledalen til Røyrhussetra og fram til Røyrhus. Ein flott tur på 15 kilometer.
For å kome til utgangspunktet køyrer ein Rv 15 fra Stryn mot Oppstryn. Køyr ca 10 km fra Stryn sentrum og ta av mot Flo. Køyr så ca 500 meter til ei lita bru. Der er det skilt som viser veien til Skihella.
Det går skogsvei/skogsbilveg både til Inigardsetra og Utigardsetra, men eg vil anbefale å parkere bilen nede ved bilvegen og bruke beina. Det er god trim og trening. Det er ein bratt vei, ca 2.5 kilometer til setra, men da har ein fått unna mange høgdemeter.
Tek du bilen til setres, er det anbefalt å bruke den som går til Utigardsetra. Da køyrer ein bilvegen mot Garlid og tek av til høgre eit stykke etter bebyggelsen. Det er bomveg, kr 40,-.
Bilde: Parker ved eit vedlager og ta beina fatt. Det blir fin utsikt etterkvart.
Skogsvegen opp til Inigardsetra går gjennom beite. Det er derfor viktig at alle som ferdes her let att grinda etter seg. Vegen opp er tildels veldi bratt, men innimellom blir det slakere og ein får strekke på musklane.
Utsikten til Storsunde og Mindresunde er flott etterkvart som ein tek høgdemeter.
Bilde: Inigardsetra 470 meter over havet.
Stien vidare til Skihella går opp mellom sela. Det er ein tydeleg og god sti oppover Sunnsdalen. Delvis merka.
Når ein nermer seg Skihellevatnet ser ein Kvanneskrefjellet/Ramusfjellet. Til høgre for det fjellet ser ein Vatnedalsreset.Her er ein fin tur over til Frøysa.
Haustfarger i fjellet.
Etter 900 høgdemeter er det godt med påfyll på flaska.
Stryn T&Il har trimpost ved Skihellevatnet.
Ved Skihellevatnet er det godt med ein pause. Her er det ikkje mange lyder som bryt stillheita. Godt å setje seg ned og nyyyyte. Hytta som ligg ved vatnet er privateigd. Vis respekt om ein tar pause heilt inntil hytta.
Bilde 1: Dyregrav? Bilde 2: Det ligg 3 hytter ved Skihellevatnet.
Bilde: Skihellevatnet. Klart og fint vatn med mykje fisk.
Ein er så vant til å gå i opptrakka stier/løyper og i andre sine fotspor at ein ikkje tek turen om ein må finne veien og ta veivalga sjøl. Fra Skihellevatnet, over Skihellesvodene og ned i Skihelledalen er der ikkje sti. Da må ein ta eigne veivalg og lese terrenget. Der står enkelte små varder i nedstigninga til Skihelledalen. Mi er erfaring er at det er best å holde til venstre når ein starter på nedstigninga. Prøv å gå mest mulig der det er gras. Da unngår ein glatte svedje. Ha gjerne eit kart i sekken. Denne turen ligg på kartblad 1318 I, Stryn.
Botnenibba 1372 moh. Grensefjell mellom Sogn & Fjordane og Møre & Romsdal.
Bilde: Her fra oppstigninga fra Skihellevatnet til Skihellesvodene.
Når ein er komt opp i skaret ved Skihellesvodene, ein komt opp til Skihella ca 1000 moh. Her har ein eit fantastisk utsyn mot Skihelledalen, Røyrhusdalen og gardane på Røyrhus. I tidlegare tider hadde bøndene i Stryn sauene og kyrne sine på beite i Skihelledalen.
Bilde: Skihellesvodene.
I Skihelledalen er det ein del myr,men det er ikkje vanskeleg å ta seg fram. Gå mot ei lita hytte som ligg i dalen da vil ein finne sti/rås der i fra og ned til Røyrhussetra.
Fra denne hytta som heiter Brudeholen, er det sti ned til Røyrhussetra. Røyrhusnibba til venstre.
Skilt som viser vei til Røyrhussetra. Stien er fin ned i dalen.
Røyrhussetra med Botnenibba i bakgrunnen. Stien kjem ned til setra til venstre for Botnenibba(bilde). Frå Røyrhussetra og fram dalen til gardane på Røyrhus er det fin grusvei. Ca 3 kilometer.
Det er også ein fin tur om ein går fra Røyrhus og inntil setra. Godt eigna både for sykkel og barnevogn. Fram gjennom dalen svinger Tverrdalelva seg. Den ligg stilt og roleg inne ved setra. Her er det gode muligheiter for rasting på elvebredda.
Flott vei for sykkel og barnevogner.
Om ein går denne turen kan logistikken være ei utfordring, men ein har sikkert noken som kan hente når ein er komt ned fra fjellet. Grusveien fra Røyrhus til Røyrhussetra er bomvei. Så husk å ta med penger til avgifta.
Anbefaler også som eit alternativ å ta turen fra gardane og inn til setra i Røyrhusdalen. Ein flott tur om ein skal hente dei som har gått over fjellet.
Denne turen er også fin å ta om vinteren, da helst fra Røyrhus og mot Storsunde.
Kart over turen finn ein på ut.no: Storesunde – Skihella – Røyrhus
TA TUREN SOM IKKJE SÅ MANGE ANDRE HAR TATT. NYT STILLHEITA OG HAUSTFARGANE.
Legg igjen en kommentar