Nos er eit utsiktspunkt på Panoramaveien på nordsida av Nordfjorden. Utsikten ut Nordfjorden og til gardane i Randabygda, Hopland og Hennebygda er fantastisk. Utsiktsplattået ligg på austsida av Nostunellen og der ligg også garden Nos. Ein liten parkeringsplass gjer det enkelt å parkere bilen om ein vil ta ein spasertur til utkikspunktet på nedsida av veien. Utkikspunktet ligg på kanten av eit 500 meter loddrett stup rett i fjorden. Utsiktspunktet er godt sikra med gjerde.
Denne turen kan ein gå fra to kanter. rEin kan starte ved utsiktspunktet eller køyre gjennom tunellen og parkere der.Min tur gjekk fra Slettene og turbeskrivelsen blir frå den kanten.
Bilde: Det er gode parkeringsmoglegheiter i Slettene.
Dette er ein flott tur i storslagen natur. Vegen over Nosakleiva er ein gammal anleggsveg som vart bygd på 60-talet, da tunellen vart bygd.
Vegen har eit mjukt dekke. Det kan være litt steinete enkelte plasser, men ikkje noke vanskeleg å gå eller trille på. Det er brei og fin trasse heile vegen. Sykkel som er eigna for terreng er eit fint alternativ.
Frå parkeringa i Tvinneriemsslettene snor vegen seg i fem hårnålsvingar opp lida. Stigninga er jamn og fin og ein merkar nesten ikkje at det går oppover.
Bilde 1: Ein merker nesten ikkje stigninga. Bilde 2: Midt i bilde ser ein mot Mosehogane og Hoplandskaret
Etter kvart som ein plukker høgdemeter får ein også betre utsikt. Da ser ein gardane på Tvinnereim, mot Glitreggja og inn Slettene mot Klebersdalen.
Bilde: Gardane på Tvinnereim.
Det var ein nydeleg dag da eg gjekk turen. Sola var framme, men jammen fekk eg også nokre små regndråper i nakken. Blomstrane stod langs veikanten og lyste mot meg. Fuglane sang sine melodiar opp att og opp att. Eg høyrde også bjøllene fra dei beitande dyra på dei nærmaste gardane. Ein lyd som blir sjeldnare og sjeldnare.
Bilde: Flotte molteblomstrar. Kansje blir det litt bær til hausten?
Etter å ha gått dei fem hårnålsvingane, flater terrenget ut. Fram på kanten får ein fantastisk utsikt mot fjorden, bygdene Randabygda, Hopland og Hennebygda.
Bilde 1: Langt der nede ser ein Hopland kai og Randabygd kyrkje.
Bilde: Her får ein eit innblikk i kor bratt det er i bygdene Randabygda, Hopland og Hennebygda
På Nosakleiva er ein halvvegs fra Tvinnereimsslettene til Nos. Ein har no gått 1,3 kilometer og det er like langt til Nos. Eg anbefaler å fortsetje ned på andre sida av Kleiva.
Men før ein går vidare, ta ein tur opp stien rett bak skilta. Etter ca 100 meter er der enda eit utsiktspunkt.
Vegen ned til Nos går i slak unnabakke. Det er her, som med alle andre veger, at skogen vekst til langs vegkantane.
Gauken var veldig aktiv da eg gjekk innover fra utsiktspunktet og mot Nos. Det er noko spessielt å høyre den fuglen. Det gjev ein god sommarfølelse.
Det er mykje å sjå og utforske i skogen. Ta deg tid til å sjå deg rundt også der det ikkje er utsikt.
Bilde: Spor etter gammal steingard.
Bilde: Tett granskog som fungerer som gjerde mot avgrunnen.
Det er også merka stier til andre turmål langs veien.
Når ein nærmer seg Nos går ein gjennom ei grind og kjem inn på dyrka mark. Vis hensyn og gå langs kanten og på linje så ein ikkje trakker ned graset!!!!
Når ein går på tur i slik natur som vi har rundt oss kan ein virkeleg senke skuldrane. Ta ein tur der turen i seg sjølv er målet. Ikkje bruke stoppeklokke som tar tida, ikkje tenkje på kaloriforbruket, berre nyt alt det vakre vi har rundt oss og kjenn kor deilig det er å ha stillheita rundt seg.
Denne turen er ca 2.5 kilometer ein vei. Det er ein flott tur som eignar seg for både store og små, unge og gamle. Og eit tips er at om ein er fleire i følge og berre vil gå ein vei, så send ein sjåfør tilbake over Kleiva etter bilen eller parker ein bil på Nos før ein starter turen.
Bilde: Her ser vi Utvikfjorden, Utfjorden, Randabygda, Hopland og Hennebygda.
Kart over turen finn ein på ut.no: Nosakleiva
Nos og ulvejølet var FANTASTISK 😀 vi gikk ikke opp noskleiva, eller til tvinnefossen som var planlagt. Ulvejølet ble en impuls uten å vite noe som helst om det, stoppet da vi kjørte forbi. Måtte til dyrlegen i sandane med en hund m ørebetennelse, derfor ble det en god grunn for panoramaveien fra innvik, og vi angrer IKKE 😛 Skal lese din blogg enda bedre og sjekke kart til neste sommer 😀 keep up the good work 😀 «innvikfjorden» er nyyydelig 😀
Takk for det. Kjekt med tilbakemelding på at bloggen blir brukt. Dei fleste turane ligg også på Ut.no så ein kan finne dei på kart. Indre Nordfjord er eit eldorado med turterreng og mange «gjøymte» perler 🙂