Søndagen opprant med eit litt usikkert veirbilde. Planen var å kome seg ut på tur. Eg og Stig hadde planer om å køyre til Oldedalen og gå på Kvamssetra og kanskje til Flatsteinbu. Skyene låg tungt ned i fjella så vi var spent på om planen var gjennomførbar. Eg har vore på Flatsteinbu ein gong før og viste at det ikkje var ein tur som ein skulle ta i styggeveir. Men vi la i vei og håpa på at skydekket skulle sprekke opp.
Turen starter på Kvame i Oldedalen. Fra Olden køyrer ein veien som er merka til Briksdalen. Når ein er komt forbi Oldevatnet og inn på flatene, tek ein av til venster og køyrer austover mot gardane som ligg bort under fjellsida. Dette er gardane på Kvamme. Der står eit treskilt merka «Flatsteinbu». Da finn ein etterkvart parkeringsplassen. Fra parkeringsplassen føl ein grusveien til grushola som du ser på bildet. Ta av til venstre og gå opp kanten av grushola. Stien går til setra på høgresida av elva Sulkja.
Bilde: God plass på parkeringsplassen
Bilde 1: Plakat ved parkeringplassen. Bilde 2 : Her har dei laga trapp ved siden av grida.
Ein vinn fort høgdemeter opp lida. Det er godt trakka sti så det er ikkje vanskeleg å finne veien. Det er også merka med oransje prikker/piler og raude T-er.
Dette er ein tur som krev litt kondisjon, men fult mulig å gå om ein ikkje er topptrena. Det er ganske bratt terreng opp til setra. Der flater det litt ut inn Kvamsdalen før det igjen blir brattare siste stykket opp til platået som Flatsteinbu ligg på. Berekn god tid på turen. Ser flerie stader at turen er berekna til 3-4 timer opp og 2 timer ned.
Bilde 1: Terrenget flater ut av og til. Bilde 2: Det er veldig frodig i Oldedalen.
Stien er tydeleg heile veien. Somme plasser der det kan være vanskeleg å finne feste på steiner eller svaberg er det laga til med bolter og «trinn» for å gjere det enklare. Det er også bygt trappetrinn og bolta inn kjetting i fjellet for at ein lettare skal kunne ta seg trygt fram. Ikkje veit eg korleis dei fekk buskapen til fjells før i tida.
Bilde: Møtte på denne krabaten som også var ute på søndagstur.
Bilde 1: Kjetting i fjellet på bratte parti. Bilde 2: Høg vegetasjon så ein må sjekke seg for flått.
Bilde: Stig nyter utsikten mot Oldedalen og Kvamssetra utanfor. I desse bakkane gjekk bestemor hans i sin barndom.
Det er godt med ein pust i bakken når ein er komt opp til setra. Vi var heldige og det lave skydekket letta litt innimellom. Det er ein fantastisk utsikt fra setra. Her fra ser ein det grønne brevatnet i Oldenvatnet godt. Ein ser også såra i terrenget etter dei enorme jord og steinrasa som gjekk i vinter. Det er også ei Kvamsseter utanfor elva. Ein kan skimte den på bildet. Lenger inn i Kvamsdalen er der bru over elva. Eg gjekk der for 10 år sia da var det veldig attgrodd utan for elva, så veit ikkje kor framkomeleg der er no. Når ein fortset inn Kvamsdalen kjem ein etter kvart inn i Jostedalsbreen nasjonalpark.
Bilde: Vi vurderte heile tida om vi skulle fortsetje, men skydekket sprakk opp av og til, og det var «umulig» for oss å snu.
Bilde: Bratte bakker så ein lyt kvile. Bidle 2: Kjærlighet for naturen!!
Bilde: Snø-Stein-Skodde-Vatn-Blomster-Sol-Isbre.
Bilde: Flatsteinbu i skodda på platået mellom Kvamsdalen og Brenndalen.
Sjølv om skodda var i nærheita heile tida og vi vurderte om vi måtte snu, så nådde vi målet vårt, Flatsteinbu. Da vi kom opp der, våte og svette, var det godt å kunne søke ly inne i hytta. Flatsteinbu er ei trekanthytte som vart sett opp av entusiastiske brefolk fra Oldedalen i 1968. Hytta er privateigd, men åpen for alle som vil bruke den. Dei som overnatter i hytta legg att penger på bøssa eller fører over på bankkonto som oppgjer for overnatting, lys og brendsel. Der er oppslag i hytta om priser. Vi førte gjerne over kr 100,- for ly ei lita stund. All material og utstyr i hytta blir bore opp. Hytta er på 19 m2 og har overnattingsplasser for 8-10 personer på brisk, hems og golv. Bak hytta med vidt utsyn ligg utedoen. Der er også ei steinbu (sikringsbu) der det er mogeleg å overnatte.
Bilde: Hytta er åpen for den som vil bruke den. Nøkkelen står i døra. Husk å late godt att og låse/bolte den etter deg.
Bilde: Steinbua med overnattingsplass.
Går ein litt lenger innover fjellet så får ein eit flott utsyn mot Brenndalsbreen. Det var vanskeleg å «fange» den på bilde denne dagen, men eit lite glimt av den fekk vi.
Bilde: Bodil på kanten med Brenndalen og Brenndalsbreen bak.
Bilde: Mange fine blomster å sjå høgt til fjells. Issoleie er ein av mine favoritter.
På vei nedatt er det ekstra godt med «hjelpemiddel». Godt å ha noke ekstra og trakke på og holde seg fast i. Ein må også ta seg tid til å nyte den flotte utsikten.
Bilde: Frodig i Kvamsdalen.
Bilde: På vei nedatt hadde skodda letta enda meir. Her ser ein eine selet og gamle fjøsmurer på setra og nedatt til Oldenvatnet.
Bilde: Litt meir av utsikten mot Oldedalen.
Bilde: Velkomstkomiteen når vi kom nedatt i dalen. Kjekt å sjå dyr på beite. Desse skal nok snart til fjells.
Turen fra Kvame til Flatsteinbu er på knappe 5 kilometer. Ein tur eg absolutt anbefaler om ein har lyst å sjå noko nytt.
Sjå ruta på kart: Ut.no
Svært interessant å lese om denne stien opp mot Jostedalsbreen. Har kjent til den, men aldri gått opp der. No skal eg få med kona til fjells att😊