Eit naturleg utgangspunkt for denne turen er ved ungdomshuset Skogstjerna. Huset ligg godt synleg til fra riksvegen og der er det gode parkeringsmogelegheiter.
Turen går i variert terreng. Skogstjerna ligg på ca 210 moh. Turens høgaste punkt er ved elva «Kvithella» som ligg på ca 380 moh.
Her i krysset ved Langesetvatnet held ein til høgre. Her er det også fint å parkere om ein vil ta ein dukkert i Langesetvatnet etter turen.
Gardane ligg på rekke og rad langs vegen. Ein sykkler forbi Myrhaug, Bruheim, Kroken, Haugen (ser ein ikkje fra veien), Løkjen, Flore og Gjeilane. Dette er flotte og velstelte gardstun og heimar. Heimar og gardstun som ein ikkje ser når ein køyrer riksveien gjennom Markane.
Ved Bruheim står eit gammalt møbelverksted ved veien. Her har det blitt laga mange kjøkkeninnredningar og trapper opp gjennom åra.
I Florekrysset, ved det flotte busskuret som gir ly til skulebarna når dei venter på skulebussen, tek ein til venstre vidare utover gjennom Floretunet.
Ved krysset der skogsbilvegen starter er det god parkering. Her er også eit fint utganspunkt om ein ikkje vil sykle heile turen fra Skogstjerna, eller om ein vel å gå/jogge. Fra Skogstjerna til starten på skogsbilvegen er det 5 kilometer.
Entreprenøren (Ola og Oddvar Sætren) som bygde denne vegen, som i daglegtalen blir kalle Randaskogvegen, fekk på slutten av 1990-talet tildelt miljøprisen. Dette for det flotte arbeidet som vart gjordt angåande bygginga og oppatt pussinga rundt anlegget. Denne prisen var landet første miljøpris som vart tildelt ein skogsbilveg. Prisen vart overrekt av daværande fylkesmann Oddvar Flæte. Tilstades var også representantar fra Departementet og fra Stryn kommune.
Vegen er lagt fint i terrenget og det går som ein leik å plukke høgdemeter. Undervegs på denne turen vil ein tidvis sjå parti med kvit stein. Som på vei opp Isakelida. Her er dekke på vegen like kvit som snøen i fjella bak Navelsaker og på Kyrkjefjellet som vi ser i bakgrunnen.
Vegen flater litt ut på Nybøkleiva. Da er ein snart på høgaste punktet av turen. No flater terrenget ut og ein får kvilt lårmuskelaturen litt. På Nybøkleiva krysser stien som går til Sindresetra vegen.
Her ved elva Kvithella er turens høgste punkt. Ca 380 moh. Denne elva gjekk over sine bredder under siste storflaum. Da vart det store ødeleggelsar på vegen, men det er no rydda fint oppatt. Om ein tek turen i roleg tempo er her mange muligheiter for å setje seg og nyet stillheita eller som her, elvasusen. Det er fleire plasser laga til benker som flittig kan brukast.
Denne turen kan også gjerast uten sykkel. Men kansje ein vel lang tur om ein skal gå heilt til endes. Fra «Skogstjerna» og heilt fram der veien stopper er det 10 kilometer.
Når ein tek denne turen ser ein fjella og bygda Markane fra ein vinkel som kanskje er ukjent for mange.
Underlaget på vegen er berre fantastisk. Faktisk så er denne skogsbilveien i betre stand enn den kommunale vegen gjennom Sør-Markane.
På siste stykket får ein utsikt over Hornindalsvatnet og gardane i Kongsvik. Lengst bak i bildet ser ein bygda Otterdal.
Skogsbilvegen slutter ved lunneplassen lengst vest. Der i fra går det skogsveg bratt unnabakken og ned mot Kupa. Skogsvegen går vidare opp lags stien og Vikaelva.
Fra skogsvegen ser ein over til Navelsaker som ligg fint i sola på andre sida av Nord Europas djupaste innsjø.
Denne turen stopper der skogsbilvegen stopper, men skogsvegen går vidare opp langs Vikaelva. Har også eit blogginnlegg om turen til Vikasetra og Randasaga som ligg lenger opp langs Vikaelva.
Om utgangspunktet er Skogstjerna og ein har parkerte der, så er ein snart i mål når du ser dette nydelege motivet. Her er det også mogelegheiter for å kunne avkjøle seg med eit bad. Husk berre på å ta med alt søppel heim. Da er det ryddig og pent til neste gang du kjem eller nokon andre har lyst å stoppe.
Kart over turen ligg på ut.no: Skogsvegen i Randaskogen, Markane
GOD TUR. NYT DEN VAKRE NATUREN
Takk for alle fine turer du legg inn !
Så kjekt om turane er til inspirasjon for andre til å utforske nytt terreng, sjå bygdene fra andre vinkler, trakke på gamle ferdselsveier og berre nyter.