FÅ TING KAN MÅLE SEG MED EIN DATE MED EI VENNINDE.

Og  dette kan  varierast  i det uendelege. Igår var eg så heldig å ha ein turdate. Ein date i dagslys/kveldinga med mykje frisk luft og god temperatur. Det var lenge sia vi hadde treftes så vi hadde mykje å “ta igjen” angåande oppdater hog min kvardag. 🙂

Det viktigaste var å få senka skuldrane frå ein hektisk kvardag.

Vi er heldige som har mange alternativer når ein skal gå på tur. Og det vart faktisk ei utfordring når vi to skulle finne ut av kvar vi skulle ta turen.

Kvar skal vi gå?? Kor langt og kor lenge skulle vi gå?? 🙂

Pr. sms hadde fleire alternativ vore lufta og fleire kom til etter kvart. Utgangspunket  vårt var at vi  ikkje skulle bruke bil.

Det var då idèen om å kaste krone og mynt dukka opp. I kvart kryss vi kom til skulle vi kaste krone og mynt om vidare vegval. Kasta vi krone skulle vi ta til høgre og vart det mynt skulle vi ta til venstre.

Kanskje var det mange som stussa over at det stod to godt vaksne damer og tulja i kvart kryss, men pytt pytt la dei stusse. (Kansje kan dette være ein artig måte å få ungane med ut å gå på tur??)

Spenninga var stor i første kryss. Vart det unnabakke eller vart det motebakke?

Og det vart  motebakke!!

Vi gjekk gjennom byggefelt med flotte hus og hager. Mange av husa hadde skifta eigar sidan sist vi var på tur i dette området.

Vi såg på skyene som forandra seg og sola som stadig kom lavare på himmelen. Det er utruleg å sjå på korleis terrenget forandra seg alt etter korleis lyset var.

Vi møtte mange andre som var ute på tur og mange i bil som var på vei heim fra  skiløypene. Kanskje var det andre som hadde tur/venninde date ?

Vi trimma oss gjennom byggefeltet og i bakkane mot skisenteret. Når klokka viste at det var nok så berrre snudde vi nasa unnabakken igjen. Og da…..  kom invitasjonen til kaffi og kake :-). Selvfølgeleg takker ein ja til eit slikt tilbud. For kaloriforbrenning var ikkje hovedfokus på turen.

Dette kaller eg kvalitets tid i lag med god venninde. Ønsker meg fleire slike og anbefaler det gjerne til andre.

Ta vare på og pleie vennskap er viktig.