Mardalfossen er Nordeuropas høgaste fossefall. Fossen har ei total høgde på 655 meter, det øverste frie fallet er på 297 meter.
Eikesdal, ei bygd i Nesset kommune i Romsdal, ligg i sørenden av Eikesdalsvatnet og bygda fekk så seint som i 1991 vegutløysing. Før den tid var bygda tilgjengeleg kun med båt på vatnet, ferge eller slede om vinteren.
Eikesdalsvatnet, som ligg 26 moh, er den største innsjøen i Møre og Romsdal og vatnet er 18 km langt og 155 meter på det djupaste. Høge fjell som rager opp i 1700-1800 meter omkranser vatnet.
Det er ca 80 innbyggere i bygda og dei fleste driv med jordbruk, skogbruk og turisme. Den mest kjende serverdigheita er det høge fossefallet Mardalsfossen.
Den gamle ferga «Mardøla» er bygd om og cruiser Eikesdalsvatet med turister om sommaren.
Les meir fakta og opplysninger om Eikdsdalen her: EIKESDALEN
Mardalsfossen har vore ein turistattraksjon frå 1870-åra. Før den tid var det stort sett berre bygdefolket som vist om denne naturperla.
I naturvernåret 1970 vart det vedteke at fossen skulle utbyggast til vasskraft og dette førte til store demonstrasjonar kalt «Mardølaaksjonane». Resultatet av vedtaket vart at fossen vart stengt, men kvart år i perioden 20 juni – 20 august blir slusene åpna og vatnet kan fosse fritt ned fjellsida.
Til Mardalen er det skilta fra Eikesdalen og vegen inn er bomveg. Ved utgangspunktet er det gode parkeringsmoglegheiter og her finn ein også rastebenkar, kiosk, toalett og informasjon om fossen og området.
Turen opp til fossen er enkel å gå. I 2012 stod ein ny turveg til fossen ferdig og da fekk publikum ein heilt ny turoppleving. På deler av turen til fossen kan ein ta med barnevogn. Turen er ca 2 kilometer og ein bruker ca 30 -45 minutter opp.
Fra utgangspunktet ser ein fossen i det fjerne.

Eikesdal er kjent for sitt gode og varme klima, med relativt lite nedbør. Varmekjære tre som alm og hassel kan ein sjå overalt i dalen og langs vatnet. Hasselskogen er Norges største og hadde tidlegare stor verdi for bøndene i bygda. Nøttene var etterspurde og vart eksporterte til heile landet.
På vegen oppover finn ein informasjonstavler som informerer om plantar, dyr og fuglar som lever i dette frodige urskogliknande landskapet.

Mardalen er verna som naturreservat og det er strenge restriksjonar på bruken av området. Det er likevel rom for å bruke området til kulturopplevingar. Like ved brua som krysser Mardøla er der ein rasteplass der er det laga til med amfi. I fleire år har Mardalskonserten vore arrangert under Eikesdalsdagane.
Etter ca 1,8 km krysser stien Mardøla på ei flott trebru. Her i fra ser ein den mektige Mardalskatedaralen godt.

Siste stykket inn til fossen går på sti i steinur oppover mot morenerygg på venstre side av fossen. Anbefalt antrekk for dei som vil ha nærkontakt med fossen er badebukse eller regnklede.

Etter besøket ved fossen anbefaler eg å ta turen over fjellet til Sunndalsøra. Les meir om den vegen i link under.
NYT TUREN OG NATUREN!!























































Fra Øyesetra går ein lida omtrent i same høgde mot Maursetsetra. Utgangspunktet fra Øyesetra er i øverst hjørnet på setrevollen mot aust.

Tilbakeblikk til dei to sela og fjøsen. Råsa er ikkje like tydeleg alle plasser, men der er raude merkjer på steinar og treleggane.





















Litt lenger inn i dalen fra Glomnessetra er det laga ny bru over elva Glomsdøla. På andre sida av elva kan ein sjå ruinane etter Segestadsetra. Bygningane på denne setra er bygd attåt store steinar slik at ein sparte å bygge ein vegg. På Segestadsetra var det slutt på setringa på 1930-talet.

Etter kvart får ein auge på setra Nos/Bolstadsetra på andre sida av elva. Alle sela vart bygd av stein.Nokre av sela hadde fjøs i underetasjen. No er forfallet av steinbygningane komt langt. Ei ny hytte er sett opp litt høgare oppe. Det var slutt på setring på slutten av 1930-åra på denne setra.
Ca halvveis på vegen til Stol dreier dalen og ein kan no sjå inn i Stolsbotnen. Til høgre ligg Stolskaret og Sandskarhyrna.
Midtstøylen har fra tidleg på 1900-talet vore støylen til Åning og eit bruk på Brekke. Selet er bygd med vernemur mot snøskred. Nede ved elva kan ein sjå ruinar etter bygningar fra farne tider.
Stol ( 689 moh) er setra til gardane på Nesje og Brekke. I alt sju sel er det på setra. Mange ganger har sela vorte øydelagde av uveir og snøras, men alltid bygd oppatt. Det er lang veg for dei som har seter og beiterett på Stol. Før vegen rundt Oppstynsvatnet vart bygd i 1924, rodde dei fra Nesje til Glomnes med krøttera før dei tok fatt på den lange vegen inn Glomsdalen. Det var slutt med mjølkekyr innerst i Glomsdalen på slutten av 1800-talet.


































































