I alt det fine veiret vi har hatt den siste veka så kom vårfølelsen. Sola varmar, fuglane syng, snøen smelter og dagane blir lengre. Med våren kjem også utfartstrangen. Ut og oppleve nytt terreng og nytt landskap.
Turbøkene og kart er flittig i bruk, blir lest og studert både framover og bakover. Anbefaler absolutt boka «Opptur» av Anne Rudsengen. Der er mange flotte turforslag i alle kommunane i fylket. Og mange av dei ligg ikkje så altfor langt unna.
Eg og samboeren min liker godt å reise på tur. Både biltur og trimtur/fjelltur. Dette er noko vi fint kombinerer og da kjem ein seg litt rundt og får sett nye områder.
Turen starta med avgjersla om at vi skulle på tur. Sia dette er første «langtur» i år, var vi litt ut av trening angåande pakkinga. Men vi fekk med det meste av det vi trengte. Vi rygga heim berre ein gong, vi var ikkje komt så langt avgårde. Middagen…… kyllinglåra stod att i kjøleskapet!!!!
Denne helga pakka vi bilen med god mat, rikeleg med varme klede,godt humør og kaffi i koppen 🙂
Når vi reiser på tur så har vi evnen til å nyte turen fra vi reiser heimanifrå. Det er alltid nye ting å sjå og oppleve. Målet var Stadlandet og Vestkapp platået. Vi ville sjå havet og kjenne havlukta. Det er ikkje så ofte vi reiser den vegen, iallefall ikkje på vinterstid. Det var mykje «nytt» og mykje som var forandra langs veien. Nye hus var komt opp, andre var restaurerte. I Holmøyane var det komt opp eit industribygg. I Skredestranda var det åpne sår i terrenget etter det store raset i november. På Eid bygger dei gang og sykkelvei. Mange plasser hadde det vore skogsarbeid og landskapet var blitt åpnare og lysare. Det liker eg. På fjellet ovanfor Leikanger såg vi stor røykutvikling. Veit ikkje om det var skog/lyng brann eller om det var kontrollert brenning av vegetasjonen. Synet var nifst for det var eit stort område som var antent.
Det er «artig» å sjå korleis landskapet forandra seg fra dei store skogane i Markane og utover mot kysten. Det blir vidare og åpnare til lenge vest ein kjem. Da vi køyrde opp Årvikfjellet begynte det å krible i beina. Eg kjenner forventningane i kroppen når eg skal få oppleve nytt terreng. Kva får eg sjå ? Korleis er underlaget? Er der god sti? Spørsmåla og forventningane raser i kroppen 🙂
Vestkapp platået ligg 496 m.o.h og har koordinater: 62°11′18″N 5°7′33″Ø
Turen vi gjekk var «Kjerringa», – ein rundtur ytst på Stadlandet, som er beskreve i boka Opptur. Detter er ein lett tur på 7 km og estimert tid er ca 3 timer. Turen gir flott utsikt i alle retninger. Vegetasjonen er lav men ein må være oppmerksome på dei bratte skråningane ned i Stadhavet. Går ein langs kanten (brunene eller brukanten som er det lokale uttrykket) er det fast og fint og gå. Lenger inne på platået er det meir myr som er tyngre å gå i.Det er flott å sjå dei små bygdene Honningsvåg, Årvika, Ferstad og Ervika med Erviksanden. Og sjølvsagt stor havet.
Ein får ein fantastisk følelse av fridom når ein er oppe på platået. Vinden ruska godt i oss, men med riktig bekledning var det ikkje noko problem. Enda er det kaldt i lufta så både hue og votter var nødvendig. Halvveis på turen kjem ein til murer etter torvhus som vart brukt under torvuttak. Desse låg i hellinga mot Ervika, heilt oppe på platået. Utsikten ned til bygda Ervik og Erviksanden er berre heilt fenomenal.
Mens vi gjekk turen såg vi heile tida havtåka som låg rett ut i havet. Den kom stadig nærmare, men så kunne den plutseleg drive vekk igjen.
På tampen av turen la vi ruta innom Vestkapp huset. Det var eit heller trist syn. Orkanen Dagmar har herja fælt med bygningen og reperasjonane har drege ut i tid. Men høyrde eit innlegg på radioen i dag og da vart det fortalt at eigaren hadde planer om å få åpna kafeèn til sommaren (2014).Etter at spaserturen var over var det klart for ein tur på Erviksanden. Å sitje å sjå på korleis bølgene bryt er rekreasjon på høgt plan. Fargen på havet forandra seg heile tida. Måkane hadde selskap med kvarandre og ei ørn sveva også over bølgene. Når middagen var fortært var det tid for fotografering.
Det er utruleg flott i Ervika og på Erviksanden. Ei spesiell ro. Ta turen og opplev den fotte stranda og sjå på surfere fra inn- og utland.