Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Måned: august 2021

Russehola i Gloppen.

Hausten 1944 rømde fire russarar frå ein tysk fangeleir på Sandane. Med dristig innsats frå lokale hjelparar vart dei samla i Russehola. Gøymestaden ligg om lag midtvegs mellom gardane Sande og Devik, kring 300 meter oppe frå fjorden. Det lukkast aldri tyskarane å kome på sporet etter dei rømde.

Les meir om historia om dei russiske fangane HER

For å finne russehola køyr til Rauset i Gloppen kommune. Frå øverste gardane på Rauset går det bomveg til Sandstøylen.
Turen startar frå ein liten parkeringsplass like ved Sandsstøylen.

Utgangspunktet ved Sandstøylen.

Dette er ein kort tur, ca 700 meter frå parkeringsplassen og med ei stigning på ca 50 høgdemeter. Første stykket går på fin veg, så vidare i rås som går i kupert terreng.
Ved hola er der sett opp oppslagstavle med informasjon om hola . Hola vart i 1990 åra restaurert og er no eit populært turmål både av bygdafolket og av tilreisande.

Fremdeles ein del orginale ting i hola.

Å kome inn i hola var ein spessiell opplevelse. Der stod bordet med ein tallerken, ovnen dei brukte og noke som sikkert var brukt til senger.

Spessiell opplevelse å kome så nær innpå denne hola der folk har levd i 8 månader.

Ta ein tur vidare i råsa og sjå på terrenget rundt hola. Der er eit spessielt terreng i området.

TA TUREN OG LA HISTORIA SYNKE INN.

Driftevegen Steinsvika-Stårheim.

Ein drifteveg er ein veg eller ei transportåre der folk (driftekarer) gjekk med krøtera/dyra sine når dei skulle gjennomføre kjøp og sal av fe.
Driftevegane over fjella frå vest til aust vart nytta fram til ca 1900, då dampbåten og jernbana tok over.

Fleire av rutene blir no brukt som turstiar og er på den måten enno i bruk utan at folk kanskje er klar over at dei går på ein drifteveg.

Les meir om driftevegane gjennom Sogn og Fjordane: HER

Ein av desse driftevegane har eg no vore og utforska. Ein fin tur frå Dalsfjorden til Nordfjorden.

Utsikt tilbake til garden Vassbakkane.

Utgangspunkter er Steinsvika innerst i Dalsfjorden. Køyr til sørenden av Vassbakkevatnet. Der er ein stikkveg frå anleggsvegen mot vatnet. Eit lite skilt står i vegkanten, merka med Brøten.
Første stykke går på grasgrodd veg forbi Fremstevatnet og til Støylen. Frå Støylen går ein i rås og ein del skog. Ein kan tydeleg sjå at dette er ein gamal ferdselsveg.

Råsa frå Støylen og vidare opp Vassbakkedalen er ikkje merka, men den er ikkje vanskeleg å følge. Ein kjem etter kvart til to hytter/sel. Eg har ikkje funne namn på desse. Turen går vidare opp dalen, krysser elva på ei bru og vidare opp i skaret.

Når ein har tatt alle motbakkane og runda terrenget i skaret åpner landskapet seg. Råsa går langs eit lite vatn og vidare mot Bauvatnet.

Frå det første vatnet og fram til Bauvatnet går råsa i eit trangt skar. Råsa deler seg ved vassenden på Bauvatnet. På kartet er det teikna inn rås på begge sider av vatnet. Eg tok råsa til høgre, der var det enkelte plasser vanskeleg, men ikkje umulig å kome fram.

Etter Bauvatnet er råsa tydeleg og går i slak stigning til ca 500 moh. før turen går unnabakken til Signora, seter som ligg øverst i Stårheimsdalen. Det er bilveg fram til denne setra.
Når ein skal ta denne turen, kan det være utfordrande med logistikken. Men er det noke ein vil så får ein det til.

Turen er vel 8 kilometer.
Ein starter ca 30 moh og kjem opp i ca 500 moh.

Det er lite mobildekning på denne turen.


PRØV TUREN PÅ DENNE GAMLE DRIFTEVEGEN.

Bjørnaskarnakken.

Turen til Bjørnaskarnakken er 2,3 km ein veg og med ei stigning på 300 høgdemeter. Utgangspunktet er parkeringsplassen på høgaste punktet på Hunvikfjellet (mellom Hundeide og Hunvik) i Stad kommune.
Råsa er tydeleg, men uten merking. Den går under høgspentlinja største delen av turen.
Første del av turen går på anleggsveg. Sjå etter skilt mot Bjørnaskarnakken på høgre sida av vegen og gå over i rås.
Utsikt får ein i alle retningar etter få høgdemeter.
På toppen kan ein nyte stillheita og plukke seg ut nye turmål.

Utsikt frå toppen mot vest..

Frå toppen ser ein i vest Ålfotfjorden møter Isefjorden ved Hjeltneset. Den steile fjellveggen er Kårnykjen og lenger til høgre i himmelsjå Dombestinseggene. Ved fjorden ser ein nokre av gardane på Isane.

Skilt som viser vegen der ein skal ta frå anleggsvegen.
Utsikt nordaust over mot Haugen, Hjelmelandsdalen og alle fjella bortanfor.
Utsikt austover mot Nordfjorden, Lote og Anda.
Utsikt sørvest over mot Gjegnen og Gjegnalundsbreen.

Dette er ein tur som også passer for små barn.
Ta turen, nyt naturen, utsika og stillheita.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑