Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Måned: januar 2021

Åseneset – Kurlå – Åsen

På Åseneset var det på slutten av 1800-talet tre husmannsplasser. Berg, Åseneset og Kurlå. Dette var heimane til fem huslydar. Plassane fungerte som bustad for kårfolk i Åsen og startstad for nygifte. No er det berre på Kurlå der står hus.
Elevane på mellomtrinnet ved Sunnylven skule har vore med i arbeidet kring rydding av helikopterlandingsplass og tilkomst til garden. Også ved husmannsplassen Bergeplassen har elevane vore i arbeid. Dei har brukt mange dugnadstimar med rydding av skog og kratt slik at murane av dei ulike husa viser beire.

Denne turen går som ein rundtur til husmannsplassane og vidare opp til garden Åsen, føl så den nye og gamle gardsvegen tilbake til bygda og utgangspunktet.

Utgangspunktet for turen er ved Hellesylt stadion. Der er det god plass til mange biler, ingen parkeringsavgift.
Første stykke går på bygdevegen opp Sunnylvsbygda. Ta til venstre over brua til Jogardane/Korsbrekke og følg grusvegen til endes.
På Jogarden kan du sjå ein bauta. Denne bautaen står der den første kyrkja i Sunnylven stod.

Råsa innover langs fjorden er tydeleg og merka. Enkelte plassar er der rekkverk og kjetting for tryggare ferdsel.

Den første husmannsplassen ein kjem til er Bergeplassen. Her ser ein murar av ulike hus. Dei siste som budde på denne plassen flytta i 1907.

For å sjå murane etter husmannsplassen på Åseneset må du ta av frå råsa og gå ned til fjorden. Der er fine svaberg og ein populær plass å være på varme sommerdager.

Gå tilbake til råsa og gå vidare innover langs fjorden til Kurlå.

Dei første som dyrka opp Kurlå fekk leiglendingsavtale i 1864. Dei siste som budde i Kurlå flytte der i frå kring 1908.
Huset i Kurlå stod lenge til nedfall, men i 2015 og 2016 vart det restaurert av Storfjordens Venner.


Turen går vidare til garden Åsen. Gå då eit stykke tilbake og ta merka rås som går opp bakkane. Det er mange fine utsiktspunkt og eit vidt utsyn tilbake til Hellesylt sentrum og bebyggelsen rundt.
Følg råsa vidare og siste stykke før garden på traktorveg til gardstunet. Gardsvegen går i hårnålsvingar ned bakkane. Følg med, og ta av til den gamle vegen med flotte stabbesteiner, følg den til du er nede i dalen. Gå langs elva til du kjem til grusvegen og følg den tilbake til utgangspunktet.

Denne rundturen er ca 6 kilometer.
Høgaste punktet er på garden Åsen på 210 meter over havet.


Muletua-Barmen-Børa-Okla

Ytterst mot Atlanteren, nordvest for Fosnavåg, ligg Nerlandsøya. Øya har eit fantastisk turterreng. Denne turen går over Mulefjellet til Muletua, Barmen, Børa og Okla. Det er ein fin og enkel tur på nordenden av øya. På denne delen av øya er det eit spessielt terreng. Store myrområder, steile klipper og med storhavet å kvile augene på. Turen kan ein ta til alle årstider.
Muletua er det vestlegaste punktet på turen og ligg 253 moh. Der er god rås, terrenget er lettgått og utsikta upåklageleg.

For å kome til utgangspunktet følg Fv 20 frå Fosnavåg til Nerlandsøya. Følg hovudvegen til Kvalsvik og ta til venstre der vegen deler seg i to.

Turen starter på høgaste punktet på vegen mellom Kvalsvika og Mulevika. Der er ein liten parkeringsplass 50 meter før råsa og ein stor parkeringsplass på vegenden 300 meter etter råsa.

I dette området vart det før i tida tatt ut torv til brensel og ein kan framleis sjå spor etter denne aktiviteten. Der er også ein tydeleg torvveg.
Torvvegen er eit alternativ på turen tilbake til utgangspunktet. Vegen er tydeleg avmerka på kart.

Tydeleg spor etter gammal torvveg.

Du har ikkje gått mange høgdemeter før du får utsikt mot storhavet og øyane som ligg i området. I sørvest ligg øya Skorpa med Keipen (431 moh)som høgaste punkt i nordaust ligg Runde. Ut i havet ser ein Svinøy med Svinøy fyr.

Skorpa med høgaste punkt Keipen 431 moh.
I nordaust ser ein Runde.

Muletua er som ein veslebror til Runde. Færre fugler men også færre folk. Det bratte terrenget mellom sjøen og Muletua på nord, sør og vestsida er freda. Dette er Muleneset naturreservat og det er ferdsels forbod i det området frå 1 mai- 30 juli. Naturreservatet er bla.  ein viktig hekkelokalitet for sjøfugl som blant anna toppskarv, havhest, teist og måker.
Råsa opp til Muletua og vidare på turen innover fjellet ligg utanfor fredingsområdet.

Nær toppen av Muletua ligg ei restaurert torvskjå. Denne minner om bygdfolket sin tidlegare kamp for å skaffe brensel.

Utsikt mot Barmen, Børa og Okla. Fuglefjellet Runde lengst bak.

Frå Muletua og vidare austover er terreng lett og kuppert med tydeleg rås. Barmen er høgaste punkt på turen, 278 moh. Helleskardet ligg mellom Barmen og Børa (210 moh). Seideskardet ligg mellom Børa og Okla (149 moh.)

Her ser ein tilbake til Muletua.

Vidare går denne turen tilbake til Seideskardet og føl ei rås om går mot bebyggelsen. Du kan også velge den gamle torvvegen som er stipla på kartet.
Turen slik den er teikna inn på kartet er ca 6.5 kilometer.

Ta også turen til vegenden og Mulevika. Mulevika er ein av Sunnmøre sine skjulte perler. Her kan ein oppleve storhavet med bølger frå Atlanterhavet på nært hold. Mulevika er ein populær plass å ferdast heile året.

Mulevika ein populær plass heile året.

TA TUREN OG OPPLEV FLOTT KYSTLANDSKAP.

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑