Ved kongeleg forordning av 1786 vart det fastlagt ei postrute med postgang kvar veke mellom det som den gang var landets to største byar Bergen og Trondheim. Postvegen gjekk delvis etter gamle ferdselvegar.
Frå Skei i Jølster og vidare nordover gjekk vegen mellom stupbratte fjell til Førde, i daglegtalen Førs, ved Breimsvatnet.
Mykje av den gamle postvegen er vekke, dels av ras og dels av at ny bygdeveg er lagt der den gamle postvegen låg.
Ved Paulsvatnet er der fremdeles eit stykke av den gamle postvegtraseen. Den har i seinare tid blitt rydda og restaurert og er no ein fin turveg.

For å kome til utgangspunktet for turen tek ein av E39 ved Grungen, mellom Klakegg og Skei. Avkjøyrsla er merka med Breimsvatnet.
Køyr til nederst enden av vatnet og parker like ved ei ferist.
Turen langs vatnet er idyllisk og stille og den går til ein møter bilvegen igjen, ca 1 kilometer.

Diktaren Henrik Ibsen utlate i 1862, då han var på folkeminneinnsamling “Dalføret er igrunden ikke andet end en Revne mellom de bugtede, uhyre, sønderrevne Fjeldmurer, og fyldt med nedstyrtede Tinder og Bergstykker, saa store, at man kunde udhule en heel domkirke i mange en af dem”.

Garden som ein ser på andre sida av vatnet er Paulen, ein fråflytta gard mellom dei steile fjella. “Paulsmusikken”, eit omgrep i folkemusikken i Sogn og Fjordane, stammar frå denne garden. Ein syskenflokk på ni vaks opp her og alle var veldig musikalske. Alle 6 brørene spelte fele.
I vatnet er det mykje fisk, men har ein planer om fiske må ein forhøyre seg om det er regulert med fiskekort.

Frå vassenden går postvegen i slakt terreng mot den restaurerte kvelvingsbrua som ligg like før ein kjem fram til bilvegen igjen.
For å gjere turen lenger og som ein rundtur, kan ein fortsetje over bilvegen og gå den gamle gardsvegen til garden Paulen og nedatt til der bilen er parkert.

Anbefaler også å ta turen heilt til Førde/Førs. Ei lita grend med 6 gardsbruk og ca 40 innbyggere. På bilturen ned til bygda kan ein ,om ein ser godt etter, sjå enda litt av postvegen. Ein sving som vart kalla Prestekona.
I den vesle bygda var det tidlegare skysstasjon og hotell. Frå Førde vart posten rodd vidare over Breimsvatnet til Reed i Gloppen. Hotell eventyret tok ein brå slutt då vegen gjennom Våtedalen kom i 1889 og all trafikk nord-sør vart ført over der.