Innvik har mykje fint turterreng. Denne turen går på skogsveg frå Hildaneset til Tjønnane. Ein tur som er knappe 7 kilometer ein veg og som har ei stigning frå 0 til ca 580 moh. Utgangspunket for turen er ved skogsvegen på Hildaneset. Der er plass for parkering til nokre få biler. Skogsvegen ligg på nordsida av Hildahalsen og utsikta til Nordfjorden, fjella og bygdene på nordsida av fjorden er flott. Bygdene ein ser er Robjørgane, Sætren, Svarstad, Faleide og Bergsida.
Når ein kjem endå lenger opp i høgda får ein flott utsikt ut fjorden. På venstre sida ser ein dei siste gardane i Innvik og deler av Utvik, Ulvedalsneset med gardane på Ulvedal og Roset på høgre sida.Frå Hildahalsen er det mange merka ruter ned til bygda. Terrenget er hylleforma og det er viktig at ein føl dei merka stiane. I siste del av innlegget har eg lagt med eit kart der dei forskjellige rutene er teikan inn og med beskrivelse av turane.
Dei første 3 kilometerane av denne turen er skogsbilveg deretter går det over til skogsveg med litt grovare underlag, men likevel enkelt å ta seg fram.Ved skogsvegenden, ca 450 moh, er der fin plass å ta ein rast før ein går over i rås den siste kilometeren. På denne turen møter ein ikkje så mange turgåarar, men absolutt eit område å anbefale fleire å utforske. Nydeleg og lett terreng innover Hildahalsen mot Tjønnane.
Tjønnane er eit naturreservat. Tek ein eit googelsøk på Tjønnane naturreservat får ein straks utvida horisonten om myr- og torvartar.Utsikt mot Stryn sentrum med Gryta og Årheimsfjellet.Frå Geitaberget (der trimposten står) går det merka sti vidare mot Drageset. Har ein mogelegheit så kan ein parkere ein bil der og ta heile turen frå Hildaneset til Drageset. Tek ein den turen passerer ein råsa som går til Høgefossen. Ein foss som ein kan gå bak om. (arkiv: Høgefossen og Langhamrestova).
Området ved Tjønnane er dominert av forskjellige myr og torvarter. Det særmerkte med Tjønnane naturreservat er at der er både strengmyr (som er knytt til innlandsklima) og terrengdekkandemyr (som krev kystklima). Les meir om naturreservatet her.November kan være ein fin månad å utforske nytt terreng på. All slags veir og årstid har sin sjarm og det kan ikkje alltid være knall blå himmel og sol. Det var ein flott opplevelse å sitje her og sjå på den speilblanke tjønna og korleis vinden kom i kraftige kast og laga mønster i vasskorpa.
Bilde med innteikna turruter og beskrivelse av turane laga av lokalkjent mann frå Innvik. Mange alternativ til fine turer i denne delen av kommunen.Turen frå Hildaneset til Tjønnane er knappe 7 kilometer ein veg.
Kart over turen ligg på Ut.no: Tjønnane på Hildahalsen
GOD TUR I NYDELEG TERRENG.