Dette fjellet  ligg som ei halvøy mellom Dalsfjorden og Voldsfjorden i Møre og Romsdal. Fjellet blir også kalla Løndalsveten og ruvar 577 moh.
Frå gamalt av var det ein vete/veteplass her som ein del av det tusenårgamle varslingssystemet i Norge i samband med ufred og krig. På Kornbergveten stod det på 1800-talet ei vakthytte. Sporta etter den hytta er vekk, men i 1997 vart det reist ein eksakt kopi av den hytta omlag på same plass.
På toppen er det svært god utsikt i alle himmelretningar. Sørvestover ser ein til Runde og austover til fjellet Skåla i Loen.

Det er fleire alternativ for vegval på denne turen. Eit er å starte ved dyrkningsfeltet på Folkestadsetra. Då blir turen litt lenger, men flatare.

Utgangspunkt for denne turen er ved starten av skogsveg, som ligg ca halvvegs inn fra der bomvegen starter og til Folkestadsetra.
Ein køyrer fra Folskestad i retning Lauvstad. Ved Coop bygget tek ein til venstre og fortset vegen opp byggefeltet til bomveg Blåfjellsvegen.
  
Der er parkeringsmoglegheiter for fleire biler ved skogsvegen. Eit skilt står i vegkanten. Skogsvegen er fin å gå på. Det er lite merking langs turen, men ikkje vanskeleg å finne fram.
   
Ein har ikkje gått langt før ein får fin utsikt nedatt til fjorden og bygdene rundt. Etter å ha gått i skog og på skogsvegen ca ein kilometer kjem ein ut i åpnare terreng og ein går over i rås. Terrenget er no litt myrlent, men etter omlag 500 meter er ein oppe på åsen.
Når ein kjem opp på åsen kjem  ein inn på råsa som kjem fra Folkestadsetra. Og no får ein den utsika! Dalsfjorden på den eine sida og Voldsfjorden på den andre sida. Utsikten kan nesten ta pusten frå ein. Turen går vidare til høgda som ein ser på bildet under.Ved Sollidheida ligg Galten. Volda sin svar på Trolltunga. Galten er ei steinnase som stikk ut langt over Dalsfjorden. Om ein går ned på den må ein verkeleg være forsiktig, for der  er det mange hundrede meter ned.Turen går vidare  i lett terreng, først litt unnabakke så svak stignig mot Kornbergveten. God rås heile vegen.Panoramautsikt frå Kornbergveten. Små og store bygder, små og store øyer, små og store fjell så langt auge ser.Turen fra skogsvegen til Kornbergveten  er 4 km og med ei stigning på ca 200 høgdemeter.
Kart over turen finn ein på Ut.no: Galten og Kornbergveten.

GOD TUR!