Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Måned: juli 2018

Karbø-Toskedalsetra-Skaret-Hellesylt-Karbø

Denne turen er beskreven som ein rundtur, men mange tek turen kun til Toskedalsetra eller til Skaret. I Skaret har Sunnylven i.l trimpost.
Utgangspunktet for turen er på høgre side av  Rv 60 på Karbø. ( etter krysset til Nordangdalen).
Det er gode parkeringsmoglegheiter ved utgangspunktet.Turen er godt merka med skilt ved utgangpunktet. Dette er også utgangspunkt for turen til Steimsnibba. Fram til Toskedalsetra er det skogsveg. Ta deg god tid for det er mykje å sjå langs vegen. Der er også tilrettelagt med fleire plasser der ein kan ta pauser opp lia. Nyt utsikta tilbake mot dalføret og stillheita.
   
   
   
   
  
Like ved setrevollen har ein flott utsikt tilbake til bygda og fjella på andre sida av dalføret.Toskedalsetra ligg 503 meter over havet og er setra til garden Karbø og tre bruk på Langeland.Vidare frå setra går stien bak det raude og dei brune sela. Der står ein staur med raud måling på. Der i frå er stien tydeleg og delvis merka. Frå sertra til Skaret er det ca 150 meter stigning.
   Sunnylven i.l har trimpost i Skaret som ligg 665 moh. Nydeleg utsikt mot Sunnylvsfjorden.  Føl ein råsa som ein ser nede i venstre hjørne på bildet kjem ein ned til ein flott varde. Denne varden har namnet Ripavarden. Og namnet har den fått av første bokstav i fornamna på dei som bygde den.
Frå Skaret og heilt ned til Hellesylt går det eit jøl, det heiter Kremmarjølet.Panoramabilde fra Skaret. Ein ser frå venstre Sætredalsfjellet (1526 moh), Sunnylvmolskreddalen , Blåfjellnibba (1489 moh), Sunnylvsfjorden, Lundaneset ved inngangen til Korsfjorden og Geirangerfjorden, gardane på Åsen (210 moh) og gardane Korsbrekke ved fjorden.Nedstigninga til Hellesylt er skilta. Ein må være sikker på at ein har riktig sti før ein starter nedstigniga. Råsa ein skal gå er tydeleg i terrenget når ein har komt inn på den.
Eg anbefaler ein tur til Ripavarden for å få med den flotte utsikten. Frå Ripavarden går ein til høgre i same høgde til ein finn hovudråsa. Ein kan også gå fra trimposten i Skaret. Då held ein seg på venstre side av jølet. Normalt ligg det snø i hellinga mot Hellesylt, men i år er den vekk. Råsa er derfor utydeleg lengst oppe mot Skaret.

Når ein kjem ut av skogen og ned i bebyggelsen ser ein Hellesylt sentrum. Tilbake til Karbø går det sti i skogen, Selhammarmarka,  så ein slepp inn på den trafikerte hovudvegen. Sjå etter skilt merka Karbøen.

Første stykke frå Hellesylt mot Karbø er veldi fin sti/veg. Etter kvart blir den mindre tydeleg, men ikkje vanskeleg å følge. Den er merka med skilt, raude prikker på stein/trestammer og raude oppheng i trea.
   

   

   

Kart over turen finn ein på Ut.no: Karbø-Toskedalsetra-Skaret-Hellesylt-Karbø

Rotsethornet – Rotevatnet

Rotsethornet ligg som eit landemerke i Volda, mellom Voldsfjorden og Rotevatnet. Toppen ligg 649 meter over havet.
Utgangspunktet for turen er ved Rotsettunnelen og ein går på grusveg / skogsveg over tunnelopninga og til Kalsethola.
   
Kalsethola med trimpost og fin plass for ein rast. Nydeleg utsikt mot Volda sentrum og alle heimane som ligg i bakkane bak sentrum.Ved Kalsethola starter råsa på «framsida» av hornet  mot toppen. Det er absolutt å anbefale å følge råsa. Den er ikkje merka men tydeleg i terrenget.  Råsa er bratt, men det er laga til med tau, kjettinger og ståltrinn i berget så det går greit å kome seg oppover.
   
   
På Aksla flater terrenget ut ei lita stund før det blir bratt mot toppen igjen. Ta ein pause og nyt utsikta og knipse nokre bilder.
Frå toppen som ligg 649 moh har ein panoramautsikt i alle himmelretninger. Rikeleg med topper og fine turer å plukke her.Turen vidare går mot aust og ein får no lett fint terreng å gå i innover forbi ei flott tjønn og vidare forbi Toskegjølet. Om ein går ut på kanten her må ein være forsiktig. Det er langt ned. 

Vidare går turen mot Nonstuva, men like før toppen svinger råsa til venstre og mot Litledalen.Ein kjem etterkvart inn i furuskogen, men råsa er tydeleg og enkel å følge. Ein plass er det lagt ut tau for enklare nedstigning. I Litledalen kjem ein inn på skogsveg. Følg «hovudvegen» heilt til Rotevatnet. Då kjem ein inn på grusveg og ein føl den langs vatnet.  Her er mange mogelegheiter for å setje seg ned og kvile trøtte bein.
For å kome tilbake til utgangspunktet ta til venstre på grusvegen. Merka med orange stikke.

Kart over turen ligg på Ut.no: Rotsethornet – Rotevatnet

Naustdalkamben – Dagsturhytta i Eid kommune

Sogn og Fjordane er det første fylket med godt merka hytter på sentrumsnære, etablerte turmål.
Alle kommunane i Sogn og Fjordane har sagt ja til å bygge identiske dagsturhytter. Mange av dei er allereide komt opp.
Målet med dagsturhyttene er at fleire skal kome seg ut på tur.
Dagsturhyttene skal ha eit nynorsk turbibliotek og dette er det fylkeskommunen som står for.  Turbiblioteka skal stimulere til leselyst og syne fram nynoske bøker.

Dagsturhytta på Naustdalkamben vart offisielt opna 2 juni 2018. Det var Marit  (92) og Signe Skinlo (93 år) som fekk æra av å opne dagsturhytta på «sitt fjell». Eit fjell som dei har gått på sidan barndomen.

Naustdalkamben ligg 475 meter over Nordfjorden og har ein flott utsikt i alle retninger. Det er også stier fra fire forskjellige utgangspunkt til toppen. Dette gjer at det er mogeleg å variere turane til dagsturhytta.

Min tur går fra parkeringsplass ved Bjørnhovde.  Anbefalt veg å køyre for å kome til parkering er rundt Bjørnhovdåsen og ta til venstre før Espeåsen. Merka med svart på kartet. Der er plass til fleire biler.Første del av turen går på gardsveg fram til den fråflytta garden Grøthaugen. Vidare der i frå i god og tydeleg rås. Det er lite merking langs råsa men ikkje vanskeleg å finne fram.
   
   
Når ein vinn litt høgde kjem ein i åpnare terreng. Her ser ein spor etter farne tider.
Når ein kjem ut av skogen har ein utsikt i alle himmelretninger.  Bygder, daler og fjelltopper så langt ein ser. Nye turmål å utforske både i lavlandet og høgare oppe. Bildet under viser Hjelmelandsdalen med gardar, hyttefelt, skitrekk og mange fine turområde.Haugen, ei bygd som ein køyrer gjennom til eller fra.  Utgangspunkt for mange turmål. Her ser vi også Eid sentrum og Trollenykjen og Trolledalseggja. Dagsturhyttene er eit lågterskeltilbud for turgåere, ein stad for å ete nista si, byte kle og få varmen i seg. Det skal også være sosiale møteplasser i naturen. Hyttene kan ikkje reserveres, men kan brukes til små arrangementer. Hytta på Naustdalkamben var utstyrt med pledd, sitjeunderlag og tøfler for innebruk. Ein kan overnatte, men hyttene er ikkje isolerte og der er ikkje varmekilder. Det må være fantastisk å vakne til den utsikta frå hemsen.
Mange nynorske turbøker venter på ivrige leselystne turgåere.
   Til Naustdalkamben er det stier fra fire forskjellige utgangspunkt. Bildet under viser stien fra Stårheim.Det er ruter fra Stårheim, Reset i Remmedalen, Naustdal, Haugen og Bjørnhovde til Naustdalkamben. Alle innteikna på kartet under.
Det er ROJO arkitekter i Tronheim som har teikna hyttene og Reknes Byggevarer i Masfjorden byggjer dei. Dei blir levert i moduler og frakta til aktuelle plasser, ofte med helikopter.
Hyttene er utforma slik at ein kan sitje ute og i le for vinden, men likevel nyte naturen og utsikten rundt seg. Hyttene har mykje glas og utsik så ein får nyte utsikten om ein er inne også.

Kart over turen finn ein på ut.no. Den turen går fra Haugen, men går inn på same rute fra Bjørnhovde: Naustdalkamben.

 

 

 

Aursjoen i Skjåk

Rett vest for kommunesenteret Bismo, på nordsida av elva, går det ein veg opp til ei av naturperlene i Skjåk kommune, Aursjoen.
Aursjoen har mange bruksområde. Det er eit rikt fiskevatn og det har vore brukt til vatnarvatn  for gardane i Aurdalen.
Sidan 1920 har Aursjoen også vore regulert til kraftproduksjon.Namnet Aursjoen tyder innsjøen der ferskvassfisken aure held til. Vatnet er eit godt fiskevatn og har i alle tider vore nytta til å ta ut fisk som også vart brukt som betalingsmiddel for skatt til kongen og kyrkja i tidlegare tider.

For å kome til Aursjoen føl ein skilting til Jøingslie (Fv 485) og tek av til Aursjovegen.  Aursjovegen er ein 9 kilometer lang grusveg som går  til Aursjoen som ligg på 1098 moh.
Aursjoen er 7 kilometer lang og det er bilveg heilt til endes på vatnet.

Denne turen som starter i vest enden av vatnet er ein fin og enkel tur med lite stigning og i tydeleg rås.  Langs råsa er det satt opp skilt som fortel om korleis skjåkverene har løyst problemet med å skaffe vatn til jordbruksområda i bygda.Det vart bygd vassveiter for å få vatnet til bygda. For å få til dette måtte dei utnytte terrenget best mogeleg. Den kortaste vegen var ikkje alltid den lettaste. For å unngå for mykje graving nivellerte dei terrenget slik at det ser ut som det renn motbakke. Til dette brukte dei eit reidskap som vart kalla vaterpass.
Når ein ferdes langs vassveitene må ein være forsiktige så ein ikkje øydelegg dei, for dei er framleis i bruk.
   

Flåtåtjønn er ei av mange tjønn som er utgangspunkt for mange vatningssystem. Om arbeidet med å lage vassveiter kunne sikre vatn lenger utover sommaren, vart det ofte bygd demningar ved tjønna. Sjølv om tjønna ligg høgt til fjells med lite nedsalgsfelt regnar det ofte her. Fjellet stoppar regnet her før det når hovuddalføret.
Når det skulle utførast større arbeid på vassveita eller demningane , var det vanleg å byggje seg eit krypinn, ei primitiv hytte til å overnatte i. Ved Flåtåtjønn står ei slik bu, Flåtåtjønnbu. Bua står alltid åpen.

Skjåk er ei karrig fjellbygd. Sjølv om den intense varmen i sommarhalvåret legg grunnlaget for gode avlingar, har fjellet også til tider hatt mykje å seie som forvinne. Mose var ein av desse ressursane som vart nytta.  Og mose ser ein mykje av på denne turen.Turen vidare frå Flåtåtjønn går no vestover og etter eit lite stykke blir det jamn nedstigning mot Jemnheimstjønne og Kitilstadtjønne.
Vassretten var viktig og gardane i bygda hadde kvar sine vassveiter. Om det var fleire gardar som hadde vassrett i same vannveit vart det laga til vassdele slik at vatnet delte seg og rann i forskjellige retninger.I 1960 var det ei ny kraftutbygging fra Aursjoen. Det vart skote tunnel frå nede i lia og inn under Aursjoen. Denne er 1270 meter lang. Frå tunnelen går det røyrgate ned lida til kraftverket som ligg nede i dalen.
I dag blir færre av dei gamle vassveitene nytta til vatning, og dei gror att.  Det er enklare og billigare å bruke krafta frå Skjåk 1 til å pumpe vatn frå Ottaelva og inn i vatningssystemet på gardane.
Vatnet frå fjellet blir nytta der det er lett å få det fram, fordi fjellvatn har betre temperatur enn elvevatnet i Ottaelva.

På slutten av turen får ein utsikt nedatt til bygda. Ein ser også grusvegen som kjem opp og rundar forbi Aursjobu.  Det er ei sjølvbetjent hytte som er eigd av Skjåk Almenning.
Ein ser også snødekte fjell i Jotunheimen og Lodalsskåpa.

Denne rundturen er ca  5 kilometer og med ei stigning på 110 høgdemeter.

Galten og Kornbergveten

Dette fjellet  ligg som ei halvøy mellom Dalsfjorden og Voldsfjorden i Møre og Romsdal. Fjellet blir også kalla Løndalsveten og ruvar 577 moh.
Frå gamalt av var det ein vete/veteplass her som ein del av det tusenårgamle varslingssystemet i Norge i samband med ufred og krig. På Kornbergveten stod det på 1800-talet ei vakthytte. Sporta etter den hytta er vekk, men i 1997 vart det reist ein eksakt kopi av den hytta omlag på same plass.
På toppen er det svært god utsikt i alle himmelretningar. Sørvestover ser ein til Runde og austover til fjellet Skåla i Loen.

Det er fleire alternativ for vegval på denne turen. Eit er å starte ved dyrkningsfeltet på Folkestadsetra. Då blir turen litt lenger, men flatare.

Utgangspunkt for denne turen er ved starten av skogsveg, som ligg ca halvvegs inn fra der bomvegen starter og til Folkestadsetra.
Ein køyrer fra Folskestad i retning Lauvstad. Ved Coop bygget tek ein til venstre og fortset vegen opp byggefeltet til bomveg Blåfjellsvegen.
  
Der er parkeringsmoglegheiter for fleire biler ved skogsvegen. Eit skilt står i vegkanten. Skogsvegen er fin å gå på. Det er lite merking langs turen, men ikkje vanskeleg å finne fram.
   
Ein har ikkje gått langt før ein får fin utsikt nedatt til fjorden og bygdene rundt. Etter å ha gått i skog og på skogsvegen ca ein kilometer kjem ein ut i åpnare terreng og ein går over i rås. Terrenget er no litt myrlent, men etter omlag 500 meter er ein oppe på åsen.
Når ein kjem opp på åsen kjem  ein inn på råsa som kjem fra Folkestadsetra. Og no får ein den utsika! Dalsfjorden på den eine sida og Voldsfjorden på den andre sida. Utsikten kan nesten ta pusten frå ein. Turen går vidare til høgda som ein ser på bildet under.Ved Sollidheida ligg Galten. Volda sin svar på Trolltunga. Galten er ei steinnase som stikk ut langt over Dalsfjorden. Om ein går ned på den må ein verkeleg være forsiktig, for der  er det mange hundrede meter ned.Turen går vidare  i lett terreng, først litt unnabakke så svak stignig mot Kornbergveten. God rås heile vegen.Panoramautsikt frå Kornbergveten. Små og store bygder, små og store øyer, små og store fjell så langt auge ser.Turen fra skogsvegen til Kornbergveten  er 4 km og med ei stigning på ca 200 høgdemeter.
Kart over turen finn ein på Ut.no: Galten og Kornbergveten.

GOD TUR!

 

 

 

 

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑