Den Trondhjemske postvegen går gjennom fylka Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Postvegen kryssar grensa til Møre og Romsdal i Kjellstadlida før den går ned Langedalen til Hellesylt. Fra Hellesylt vart posten rodd med båt til Nedre Ljøen før den vart frakta over Ljøbrekka. Der ifra vidare ned Strandadalen og til Strnda. Fra Stranda vart posten rodd langs Storfjorden til Amdam og så nokre kilometer i kupert terreng til Sjøholt. Fra Sjøholt gjekk det motebakka igjen over Ørskogfjellet til Vestnes.
Mykje av den opprinnelege trasen til postvegen fra Bergen til Trondheim er teken vare på, men mykje er også gått tapt i utbygging av nye vegtraser, gardsbruk som har pløgt den ned og av andre inngrep i terrenget.
I nasjonal verneplan for vegar,bruer og vegrelaterte kulturminner er tre parsellar valt ut i tre fylker som skal representere den 695 kilometer lange vegstrekninga, innkludert 150 kilometer kryssing av fjordar og vatn. Parsellane går gjennom ulike slag landskap og dei skal vise utforminga postvegen fekk.
I Møre og Romsdal gjeld det ei 5 kilometer lang strekning over Ørskogfjellet i Ørskog og Vestnes kommunar.
I Sogn og Fjordane gjeld det strekninga mellom Postvåg i Halsvik og Rutledal i Gulen. Denne strekninga går 13 kilometer på land og ca 20 kilometer over fjorden.
I Hordaland gjeld det ei 8 kilometer lang strekning i Lindås.
Turen eg skal skrive om her går fra Sjøholt til Ørskogfjellet og ut gangspunktet er ved Ørskog kyrkje. På første delen av turen går ein berre delvis der postvegen gjekk.
Frå Ørskog kyrkje følg Elvastien på sørsida av Ørskogelva/Storeelva.
Elvastien vart bygd i 2011 og går på sørsida av Ørskogelva. Ein starter ved Kyrkjebrua og går mot Steinholtbrua. Elvastien ligg på matrikkelgarden Ørskog. Både kyrkja, gravplassen og prestebustaden ligg på garden. Ørskog gard har også gitt namn til kommunen. På nordsisa av elva ligg garden Sjøholt, fordelt på mange bruk.
Turvegen langs elva er universelt utforma med asfalt, ledekant for blinde og det er lite stigning.
Langs Elvestien er det lagt tilrette for gode møteplassar med bord, benker og grillplass. Elvaløa er reist i tradisjonell grindeløeteknikk og der er benker og bord.
Jørund Smed (Jørund Erling Amdam 1924-2003) har laga skulpturane som står langs Elvestien.
Fra Elvestien går tuen vidare over Steinholtbrua og mot Gamlebanken. Følg så undergangen og ta til høgre opp trappa. Da er det berre å legge i veg på gang og sykkelvegen som går paralert med E39. Etter vel 1 kilometer, tek ein av til mindre veg (gamlevegen) ved Lande og føl den i ca ein kilometer.
Like før E39 (Ålesundvegen) tek ein opp bakken ved boligfeltet Pina. Der står postvegskilt i vegkanten. Gå opp bakkane og til innmarka på garden Gjerde. Her er Den tronhjemske postvegen tydeleg i terrenget. Når ein går ut av innmarka går postvegen over til fin grusveg. Føl den til den raude gamle utlada og over i smalare rås eit stykke.
Den trondhjemske postvegen over Ørskogfjellet vart utstukken i 1787 og arbeidet vart påbegynt same året.
Etterkvart går vegen i ein knapp venstresving opp langs dyrka mark.Gå forbi grinda og eit lite stykke opp bakken. Vær obs for her er det lett å gå for langt. Ved eit lite uthus, på venstre sida, skal ein ta til høgre der den grøne stolpen står (sjå bilde). Her er det dårleg med grind så ein lyt klive over gjerdet.
Vidare går postvegen i slakt terreng med ein del vegetasjon i trasen. Eg kjende av og til på usikkerheita om eg var på rett veg, men eg såg etter spor i terrenget og når det dukker opp ei bru over denne grøfta blir ein heilt sikkerpå at ein er på rett veg.
Ved Tverrelva står ein stein som fortel at brua vart bygt i 1831. Den vart restaurert i 2013.
Den tronhjemske postvegen er ein historisk turveg. Det er dugnadsarbeid frå Ørskog historielag som ligg i botn for alt arbeidet som er gjordt på den gamle postvegen i samarbeid med Ørskog kommune og Sunnmøre friluftsråd.
Etter Tverrelvbrua går postvegen vidare på sti i småskog. Når ein nærmer seg E39 kjem ein fram på eit skogsholt som i dei siste åra er hogge for granskog. No er det åpent landskap. Entreprenørane har rydde fint etter seg så trasen ligg der uberørt. Gå Singlarbakken ned til E39 og kryss rett over den og inn på grusvegen.
Når ein kjem inn på postvegen etter å ha kryssa E39 ser ein skilt som henviser til andre turmål i området, Kvanndalsetra og Dynjafossen.
Dynjafossen er eit turmål langs vegen som går til Kvanndalen. Ved ei bru tek ein av og går 300 meter før ein er ved fossen. Namnet har fossen fått av at ved stor vassføring kan høyre «dynjinga» (fosseduren). Når det er lite vasssføring kan ein gå bakom fossen.Postvegen vart bygd etter det franske prinsippet, som vil sei å bygge veg i mest mogeleg rette strekningar. På vegen mot Haugsetra er det ei rett strekning på 2 kilometer.Når ein kjem opp på grusvegen ved Haugsetra føl ein den ca 800 meter til parkeringsplassen ved Fjellstova.Turen fra Ørskog kyrkje til Fjellstova på Ørskogfjellet er 8,5 kilometer og har ei stigning på ca 400høgdemeter.
Kart over turen ligg på Ut.no: Den Trondhjemske postvegen Sjøholt-Ørskogfjellet
GOD TUR!!
Legg igjen en kommentar