Turopplevinger, turforslag, nyt naturen

Måned: oktober 2017

Den trondhjemske postvegen Sjøholt – Ørskogfjellet

Den Trondhjemske postvegen går gjennom fylka Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.  Postvegen kryssar grensa til Møre og Romsdal i Kjellstadlida før den går ned Langedalen til Hellesylt. Fra Hellesylt vart posten rodd med båt til Nedre Ljøen før den vart frakta over Ljøbrekka. Der ifra vidare ned Strandadalen og til Strnda. Fra Stranda vart posten rodd langs Storfjorden til Amdam og så nokre kilometer i kupert terreng til Sjøholt. Fra Sjøholt gjekk det  motebakka igjen over Ørskogfjellet til Vestnes.

Mykje av den opprinnelege trasen til postvegen fra Bergen til Trondheim er teken vare på, men mykje er også gått tapt i utbygging av nye vegtraser, gardsbruk som har pløgt den ned og av andre inngrep i terrenget.
I nasjonal verneplan for vegar,bruer og vegrelaterte kulturminner er tre parsellar valt ut i tre fylker som skal representere den 695 kilometer lange vegstrekninga, innkludert 150 kilometer kryssing av fjordar og vatn. Parsellane går gjennom ulike slag landskap og dei skal vise utforminga postvegen fekk.
I Møre og Romsdal gjeld det ei 5 kilometer lang strekning over Ørskogfjellet i Ørskog og Vestnes kommunar.
I Sogn og Fjordane gjeld det strekninga mellom Postvåg i Halsvik og Rutledal i Gulen. Denne strekninga går 13 kilometer på land og ca 20 kilometer over fjorden.
I Hordaland gjeld det ei 8 kilometer lang strekning i Lindås.

Turen eg skal skrive om her går fra Sjøholt til Ørskogfjellet og ut gangspunktet er ved Ørskog kyrkje. På første delen av turen går ein berre delvis der postvegen gjekk.
Frå Ørskog kyrkje følg  Elvastien på sørsida av Ørskogelva/Storeelva.
Elvastien vart bygd i 2011 og går på sørsida av Ørskogelva. Ein starter ved Kyrkjebrua og går mot Steinholtbrua. Elvastien ligg på matrikkelgarden Ørskog. Både kyrkja, gravplassen og prestebustaden ligg på garden. Ørskog gard har også gitt namn til kommunen. På nordsisa av elva ligg garden Sjøholt, fordelt på mange bruk.
Turvegen langs elva er universelt utforma med asfalt, ledekant for blinde og det er lite stigning.
   
Langs Elvestien er det lagt tilrette for gode møteplassar med bord, benker og grillplass. Elvaløa er reist i tradisjonell grindeløeteknikk og der er benker og bord.
Jørund Smed (Jørund Erling Amdam 1924-2003) har laga skulpturane som står langs Elvestien.   
Fra Elvestien går tuen vidare over Steinholtbrua og mot Gamlebanken. Følg så undergangen og ta til høgre opp trappa. Da er det berre å legge i veg på gang og sykkelvegen som går paralert med E39. Etter vel 1 kilometer, tek ein av til mindre veg (gamlevegen) ved Lande og føl den i ca ein kilometer.
   
  
Like før E39 (Ålesundvegen) tek ein opp bakken ved boligfeltet Pina. Der står postvegskilt i vegkanten.  Gå opp bakkane og til innmarka på garden Gjerde. Her er Den tronhjemske postvegen tydeleg i terrenget. Når ein går ut av innmarka går postvegen over til  fin grusveg. Føl den til den raude gamle utlada og over i smalare rås eit stykke.
  
Den trondhjemske postvegen over Ørskogfjellet vart utstukken i 1787 og arbeidet vart påbegynt same året.
  
Etterkvart går vegen i ein knapp venstresving opp langs dyrka mark.Gå forbi grinda og eit lite stykke opp bakken. Vær obs for her er det lett å gå for langt.  Ved eit lite uthus, på venstre sida, skal ein ta til høgre der den grøne stolpen står (sjå bilde). Her er det dårleg med grind så ein lyt klive over gjerdet.
  
Vidare går postvegen i slakt terreng med ein del vegetasjon i trasen. Eg kjende av og til på usikkerheita om eg var på rett veg, men eg såg etter spor i terrenget og  når det dukker opp ei bru over denne grøfta blir ein heilt sikkerpå at ein er på rett veg.
  
Ved Tverrelva står ein stein som fortel at brua vart  bygt i 1831. Den vart restaurert i 2013.
Den tronhjemske postvegen er ein historisk turveg. Det er dugnadsarbeid frå Ørskog historielag som ligg i botn for alt arbeidet som er gjordt på den gamle postvegen i samarbeid med Ørskog kommune og Sunnmøre friluftsråd.
  
Etter Tverrelvbrua går postvegen vidare på sti i småskog. Når ein nærmer seg E39 kjem ein fram på eit skogsholt som i dei siste åra er hogge for granskog. No er det åpent landskap. Entreprenørane har rydde fint etter seg så trasen ligg der uberørt. Gå Singlarbakken ned til  E39 og kryss rett over den og inn på grusvegen.
  
Når ein kjem inn på postvegen etter å ha kryssa E39 ser ein skilt som henviser til andre turmål i området, Kvanndalsetra og Dynjafossen.
  
Dynjafossen er eit turmål langs vegen som går til Kvanndalen. Ved ei bru tek ein av og går 300 meter før ein er ved fossen. Namnet har fossen fått av at ved stor vassføring kan høyre «dynjinga» (fosseduren). Når det er lite vasssføring  kan ein gå bakom fossen.Postvegen vart bygd etter det franske prinsippet, som vil sei å bygge veg i mest mogeleg rette  strekningar.  På vegen mot Haugsetra er det ei rett strekning på 2 kilometer.Når ein kjem opp på grusvegen ved Haugsetra føl ein den ca 800 meter til parkeringsplassen ved Fjellstova.Turen fra Ørskog kyrkje til Fjellstova på Ørskogfjellet er 8,5 kilometer og har ei stigning på ca 400høgdemeter.

Kart over turen ligg på Ut.no: Den Trondhjemske postvegen Sjøholt-Ørskogfjellet

GOD TUR!!

 

 

Kolbeinvatnet

Kolbeinvatnet ligg i Tafjordvassdraget og er regulert som magasin for kraftverka lenger nede i vassdraga. Dette vatnet ligg både i Sjåk kommune i Oppland og i Stranda kommune i Møre og Romsdal.

Utgangspunktet for turen er på Geirangervegen (Rv 63), på ei utviding like før Djupvatnet, ca 4 kilometer frå Geirangerkrysset.

Der går ein anleggsveg  paralelt med den T-merka råsa opp til Kolbeinreset. Det har i sommar vore utført arbeid med store maskiner i aust enden av vatnet og det var i den perioden også anleggsveg langs vatnet. Arbeidet er avslutta og det er no ein smal veg/køyrespor langs vatnet i tillegg til den merka råsa.Dette utgangspunkter er også starten på turen til Kaldhusseter. Da går ein til endes på Kolbeinvatnet (1111 moh), vidare til Flavatnet, Fremste Viavatnet (1000 moh)og til Heimste Viavatnet (1001 moh). Der deler råsa seg og ein har to alternativ vidare. Ein kan gå på venstre sida av Såthaugane til Slettdalsvatnet og vidare ned Storkaldhusdalen eller ta til høgre for Såthaugane til Fagerbotnvatnet og vidare forbi Middagshornet og ned til Sauebotn.
   
Fra Kolbeinreset har ein fin utsikt tilbake til Djupvatnet (1016 moh). Djupvasseggja (1546 moh) ruver høgt over vatnet. Til høgre for Djupvasseggja ligg Grasdalsreset og bak der Skjerdingsdalsbreen, Blåtind og Skjerdingsdalseggja.

   
Det er eit stille og mektig område når ein kjem opp på Kolbeinreset og starter turen langs vatnet. I tillegg til køyresporet er der merka varder der råsa går.
For dei som er intresert i fisking så er det ørret i vatnet. Ein må ha fiskekort for å fiske og det er det Sjåk Bygdeallmenning som administrerer.
Kolbeinvatnet er eit av i alt fem vatn som er regulerte i vassdraget. På reset er det sett opp skilt med forklaring om området som inngår i vassdraget og forhandsregler ein må ta.Ein pause ved vatnet der ein ser tilbake til reset og alle fjella med snø på er balsam for sjela.  Stillheita er komplett. Dette er ein lett tur med minimal stigning. Fra utgangspunktet til Kolbeinreset er det ca 100 meter stigning.Det er fin og lav vegetasjon å gå i om ein velger vekk både anleggsvegen og råsa. Fint å berre setje seg i den lave mosen og nyte. Området er også fint for ein joggetur.
  

Kart over turen ligg på Ut.no: Kolbeinvatnet

PRØV DENNE LETTE TUREN I NYDELEG TERRENG!

Maurset- Øyesetra-Maursetsetra-Maurset

I dei fleste bygder kan ein sjå setrar/støylar langs lidene, gjerne i skogvakse. Før var det setreråsa som var den faste vegen til setra, men mange av desse setreråsene er no øydelagde av skogsvegar. Ein kan framleis finne deler av dei gamle setreråsene.  Då det var setring rundt om på setrane var det også mange plasser reser mellom setrane som låg nær kvarandre. Budeiene brukte gjerne fristondene sine og helgane til å gå på besøk til nabosetra.
Om det var aktuelt mellom desse setraen som eg skal skrive om her veit eg ikkje, men der er ei gammal rås mellom Øyesetra og Maursetsetra.

Råsa mellom Øyesetra og Maursetsetra vart for ein del år sia rydda og merka. Denne turen er det ikkje så mange som går, sikkert fordi ein ikkje veit om at der er  rås.  Det er ein fin rundtur med mogelegheiter for å forlenge den mot Grendasetra, Holesetra, løypetrasen og bilvegen tilbake til utgangspunktet.
Eg har tidlegare skreve om turen fra Maurset til Øyesetra. I det innlegget står det beskreve utgangspunktet og første del av denne turen. Det innlegget finn ein her: Øyesetra, Markane. 
Fra Øyesetra går ein lida omtrent i same høgde mot Maursetsetra. Utgangspunktet fra Øyesetra er i øverst hjørnet på setrevollen mot aust.
    Tilbakeblikk til dei to sela og fjøsen. Råsa er ikkje like tydeleg alle plasser, men der er raude merkjer på steinar og treleggane.
   
Fine plasser for pause og med utsikt nedatt til gardane på Maurset. Fine haustdager, når det gjerne er skodde i lavlandet er det sol på denne turen.
  
Det er ein fin rundtur som også kan gjerast lenger. Fra Maursetsetra kan ein gå vidare mot Grendasetra og Holesetra. Da har ein plukka mange setrar på ein tur.
Maursetesetra er setra til gardane på Maurset og Ytre Hatledal. Her i fra har ein flott utstik mot deler av Maurset, Ullsheim skistadion, gardane i Grenda, Svingesetvatnet og mot fjella i sør. Fjorskodda ligg tjukk i lavlandet.Fra Maursetsetra kan ein ta råsa til Ullsheim (den går mot aust i nederste hjørne på setrevollen) eller den gamle setreråsa mot Maurset. Den går først vestover før den snor seg ned bakkane. Det er ikkje så mykje merking, men om ein les terrenget litt så finn ein fram. Enkelte plasser kan ein sjå små skilt som heng på trea. I myrområda er der raudmåla stikker.    
Etter å ha gått over ei stor myr med raude stikker ser ein eit stort rotevelte. Like bak det kjem ein fram på skogsvegende. Den er fin å følge tilbake til utgangspunktet.
 Denne rundturen som eg har beskreve her er knappe 6 kilometer og med ein høgdeforskjell på ca 360 meter.

Kart over turen finn ein på Ut.no: Maurset-Øyesetra-Maursetsetra-Maurset.

GOD TUR!!

© 2024 nytnaturen.no

Tema av Anders NorénOpp ↑