Terdalen er ein av sidedalane i Hornindal og ligg nesten på grensa til Møre og Romsdal fylke og Stranda kommune.
Turen min inn Terdalen går fra garden Lyngvoll, ein fråflytta gard som blir godt vedlikehalden.
Like før siste huset før fylkesgrensa, ta av på grusveg og køyr ca 400 meter. Parker ved ei utviding like før dyrka marka på Lyngvoll. Gå grusvegen gjennom tunet og vidare på skogsvegen.Skogsvegen går langs dyrka marka eit stykke før ein kjem til utmarksledet. Det er beitande dyr i marka så lat att ledet/grinda.
  Følg skogsvegen så langt som den går og vidare i rås. Den er sporadisk merka med raude prikker men er tydeleg i terrenget så ikkje vanskeleg å finne rette vegen.
Etter knappe 1,5 kilometer kjem ein til Terdalssetra. I alt seks bygninger står på setra. På denne setra, som på mange setrer rundt om, er bygningane av varierande tilstand. Nokre av nyare dato andre til nedfalls.
Frå setra har ein fin utsikt mot gardane i Kjellstadlida og på Trondstad.Turen går vidare bak om setrevollen. Der kjem ein innpå skogsveg som kjem opp fra Muldsvor.  Føl skogsvegen til endes.
Ein er no komne inn på ein del av trasen for ultraløpet Hornindal Rundt. Løypa for det løpet kjem ned fra Muldsvorhornet (940 moh) og føl skogsvegen til Muldsvor.
Denne turen føl dei kvite merkingane eit stykke opp fra skogsbilvegenden til ein kjem til eit tydeleg stidele. Der held ein til venstre og går vidare på tydeleg sti først i åpe landskap deretter eit stykke i lav bjørkeskog.Snart åpner landskapet seg og ein går på tydeleg rås med stigning som ein nesten ikkje merker. Heile tida har ein Terdøla brusande på venstre sida.
Terdøla har sitt utsping i Fossevatnet (988 moh) og renn i nordleg retning til dalbotnen  øverst i Hornindalen. Her snur elva mot vest og renn ihop med Sætreelva og danner Honndøla, som fortset mot Hornindalsvatnet.    Terdalen ligg mellom Knutsdalen,  som ligg i Hornidal kommune og Røyrhusdalen, som ligg i Stranda kommune. I botnen på dalen ligg Holtafjellet (1479) og det fjellet er grensefjell mellom tre kommuner. Hornindal, Stranda og Stryn.
Terdalen er eit flott turområde både vinter og sommer, med sin slake stigning mot Terdalsvatnet. Også Røyrhusnibba er eit flott turmål fra denne dalen.Etter kvart kjem ein fram til Terdalsvatnet (900 moh). Ei einsleg hytte står ved vatnet godt forankra i bakken.  Her er det berre å finne roen og nyte stillheita. Sauene som beiter i lida og fisken som vaker i vatnet er med på å gjere turen fullkommen.
Ser ein mot nord ser ein blant mange fjelltopper Hornindalsrokken med sine 1527 meter.Turen kan ein gjere lenger ved å gå på venstre side av vatnet, opp på reset og inn til Fossevatnet (988 moh).På veg frammatt dalen ser ein tydeleg  fjella i nord, bla. Hornindalsrokken og  Rokkekjerringa.Turen fra Lyngvoll og inn til Terdalsvatnet er knappe 5 kilometer og med ei stignig på 520 meter.