Den Trondhjemske postvegen går frå Bergen til Trondheim og er ein kulturhistorisk veg på om lag 700 kilometer.
Ved kongeleg forordning av 1786 vart det fastlagt ei postrute med postgang kvar veke mellom det som den gongen var landets to største byer Bergen og Trondheim.
Postvegen gjekk i same trase som eldre vegar, men det vart også bygd nye vegparsellar etter den tids vegbyggingsprinsipp, det franske rinsippet, med mest mogeleg rett vegar. Til Faleide kom posten i robåt frå Utvik, ein rotur på ca 1 mil.
Den Trondhjemske postvegen kom til Faleide i 1795 og dette skapte etter kvart stor aktivitet i den brattlendte grenda. Fleire handelsmenn etablerte seg der. Også eit hotell, Tendens Hotell, vart bygd på Faleide.
Frå 1867 vart postruta over land lagt ned og posten vart i hovudsak sendt med dampbåt frå Bergen til Ålesund. Den indre ruta frå Faleide til Hellesylt var i bruk til 1912.Utgangspunktet for turen er ved den tidlegare butikken og kaibyningane (fra 1863). Der er gode parkeringsmoglegheiter. Der kan til tider være ein del køyring av tømmer til tømmerkaia så parker godt ut til sida.
Turen starter med å gå opp Naustbakken og grusvegen vidare forbi gardane Midtigard, Inigard og Utigard. Ein ser gammalt verneverdig bygningsmiljø, mellom anna ved garden Utigard Faleide. Der var det postkontor, skysstasjon og tingstad.
Frå Faleide deler postvegen seg i to tarasear, den gamle bratte frå 1700-talet og ein nyare trase fra 1855. Denne turen føl den nyaste trasen.Når ein har passert gardane på Faleide kjem ein til Faleide skulemuseum. Dette vart offisielt åpna i 1998. Det vart lagt ned eit stort frivilleg arbeid i museet , samt at både kommunale og statlege midlar er nytta for å setje i stand museumet. Føremålet er at Faleide skulemuseum skal være eit offentleg museum for bevaring, dokumentasjon og formidling av Stryn kommune si felles skulehistorie.
Postvegen er tydeleg i terrenget og ikkje vanskeleg å følge. Svarstad/Faleide Vel har gjordt ein kjempe jobb med å rydde langs vegen mot Vegtun. Dei har også sett opp bord og benker. I krysset der den gamle vegen går til Sætren er det plass til mange.Da postvegen var i bruk var vedlikehaldet oppdelt i roder og fordelt mellom bøndene i distriktet. Dette var ordna slik at alle skulle ha omlag same avstand til si rode. På bilde under ser ein Navelsakerstykket, dvs det var bønder fra Navelsaker som hadde vedlikehalde på dette stykke av vegen.Postvegen krysser Panoramavegen ved Vegtun og fortset paralelt med RV 15. Etter kvart flater vegen ut og vegen går i meir myrlendt terreng. Når ein kjem til krysset skal ein halde til venstre. Vidare går postvegen på sørsida av Langesetvatnet. Her har privatpersoner og gunneigarar sett opp benker så her er det moglegheiter for å ete nista si eller berre høyre på stillheita.
Langs Den Trondhjemske postvegen fra Faleiede til Øyebakken er det lite skilting. Enkelte plasser (i kryss) kan ein sjå eit treskilt med posthornet på. Det er mange stadnamn langs denne turen som alle har ei historie. Her ved dei mørke hamrane og granfeltet heiter det
Moldbrekka. Eit stykke lenger framme heiter det Dansebakken. Der samla folk seg for å danse da krigen herja.
Området rundt Faleide og Markane er store vidder med furuskog. Det som særmerker Markaneområdet er transport av skipsmastrer etter gamlevegen til Faleide, der dei vart skipa ut. Dei største skipsmastrene kunne vera opp til 25 m lange. Det var som regel dugnad ved slik transport, 6-8 hestar med mannskap. Ved Halvkannebakken var det bratt og særleg vanskeleg å komma over med tunge og lange lass. Historia er at når dei skulle køyre dei store mastrene over denne kvasse bakketoppen so fekk dei ikkje hestane til å drage mastra over Halvkannebakken før dei hadde fått drukke ei halvkanne med brennevin. No vart vel ikkje hestane so mykje sterkare om karane drakk ei halvkanne brennevin, men det var vel heller at dei vart meir høgrøysta og slo hestane hardare som er forklaringa på at dei kom over. Det vart vel og eit pressmiddel mot den som skulle ha frakta mastra for å få hallkanna fram, for fekk dei ikkje halvkanna kom dei heller ikkje over bakken.
Litt lenger ute står også ein benk. Der heiter det Kvile. Det var ein naturleg og kjærkomen plass å få kvile etter stigningane som hadde vore på vei inn bygda.Postvegen etter den opprinnelege trasen kan mange plasser være vanskeleg eller umogeleg å finne. Nye vegar har kjeme til, hus og andre bygninger har blitt bygd, dyrka mark har «ete» seg inn på trasen, eller den er rett og slett så attgrodd at det er umogeleg å gå den.
Når ein kjem til garden Skogtun går postvegen på dyrka marka. Første stykke held ein heilt til venstre i bøkanten , passerer ei steinklopp og skråer over til høgre sida og fortset mot garden Myrhaug.
Etter å ha passert Skogtun kjem går turen gjennom beitet og gardstunet Myrhaug før den kjem inn på bygdavegen og føl den forbi Bruheim, Kroken og til krysset ved Haugen.
Turen fortset til venstre i krysset til Haugen, forbi denne flotte gardfjøsen og går ned i tunet. I svingen rett før tunet går ein til venstre og vidare til Flore sag. Denne trasen, fra Haugen til Flore og vidar til Sindre, er ikkje mykje gått men likevel grei å finne fram i.
Like før Flore sag ligg der ei bru over elva. Rund rundt sagbruket og gå unnabakken ved ein sagmodhaug.
Fra Flore Sag og ned bakkane er det ein del skog, ta deg tid så ser du spor i terrenget etter den gamle vegen.
Når ein kjem ned dei bratte bakkane etter Flore sag kjem ein inn på ein skogsveg. Postvegen går delvis i den trasen og delvis ved sida av, men er heilt attgrodd. Føl skogsvegen til bygdavegen og fortset forbi garden Sindre. Heilt fram til 1970 gjekk postvegen gjennom tunet på Sindre.
Vidare føl ein grusvegen til den flotte skytebana til Hornindal og Markane skytterlag. Der svinger ein til venstre og kjem til den første av i alt tre steinbruer.Da riksveg 15 gjennom Markane vart ombygd i 1981 vart elva lagt om, og det nye elveløpet førte til brot i den Trondhjemske postvegen, mellom dei gamle historiske steinbruene i Sindreøyane. Statens vegvesen bygde ei 23 meter lang trebru over Storeelva, Teigabrua, dette vart den fjerde brua på den Trondhjemske postvegen i Sindresøyane.
Etter å ha passert Kvithellebrua føl ein den dyrka marka på venstre side og kjem snart til Teigabrua.
Kryss riksvegen like ved buss skuret og ein er snart på brua over Storeelva.Like etter Storeelvbrua kjem ein til Nordaelvbrua.Etter dei flotte steinbruene går turen vidare på den gamle riksvegen, undergangen under noverande riksveg, og fortset til Øyebakken.
Ved Øyebakken står oppslag om fiskekort og der er mogelegheiter for å betale fiskekort.
Heile turen fra Faleide til Øyebakken er ca 10 kilometer og har ein høgdeskilnad fra 0-215-100.
Kart over turen finn ein på Ut.no: Den Trondhjemske postvegen Faleide – Øyebakken
GOD TUR PÅ DENNE KULTUR HISTORISKE TUREN.
Legg igjen en kommentar